Åleinetur til Bukarest (eller Bucuresti? eller Bucharest? eller Bucureşti?)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 08. nov 2025.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Sundag i Romanias hovudstad
    Dagen byrja med å sjå ei bygning med vektproblem. Presidentpalasset i Bukarest skal vera verdas tyngste bygning. No ventar eg på ein guide som skal visa meg rundt i det som var Nicolae Ceauşescus gigantiske diktatorpalass då han styrte Romania med jarnhand.

    20251109_104856.jpg
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Screenshot_20251109_123020_WhatsApp.jpg

    I forkant av omvisninga fekk eg ei ganske streng tekstmelding. Ikkje noko slinger i valsen her, nei!

    Eg hadde bestilt omvisning kl. 1100 og møtte opp hos Viator rundt kl. 1010. Kl. 1020 vart eg og dei andre registrert og fekk utdelt armband. Kl. 1040 byrja vi rusleturen bort til parlamentspalasset, der vi var framme cirka 1055. Her gjekk vi gjennom sikkerheitskontrollen og kl. 1115 var det identitetssjekk og kl. 1125 vart vi offisielt ønska velkomen.
     
  3. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,176
    Likes mottatt:
    883,757
    Bonuspoeng:
    293
    Du verden . «Ordnung muss sein»
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Det skulle visa seg at Romanias presidentpalass ikkje er verdas tyngste bygning, men verdas tyngste administrasjonsbygning. I storleik skal Pentagon i USA vera større. Omvisninga omfatta 5 % av palasset og varte i knappe 40 minutt.

    20251109_121946.jpg
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251109_113611.jpg

    Første stopp undervegs var det som vart bygd som teatersal. Rommet har bygningas beste akustikk, men blir i hovudsak brukt til konferansar, samt ein og annan konsert.

    Det siste stoppet vart i menneskerettssalen. Opphaveleg var rommet tiltenkt møteverksemda til det rumenske kommunistpartiet. Alle romma vi var innom er framleis i bruk.

    20251109_120058.jpg
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251109_114641.jpg

    Det var fleire stopp undervegs, men eg skal ikkje ta med alle detaljane. Inntrykket var at palasset er gedigent, det var tenkt å vera storslått, men tidas tann tærer litt på bygget. Likevel, vel verdt ein tur innom.
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    NRK skal finna seg ein ny stad å bu. Kanskje Casa Radio i Bukarest kan inspirera:
    20251109_130711.jpg
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Når sant skal seiast, dersom eg har skjønt dette riktig, så skulle Casa Radio eigentleg bli eit museum for kommunismen, men kommunismen vart ferdig før bygninga, som enno ikkje er ferdig, så då er det ikkje godt å seia kva det blir til...

    Elles er det godt å sjå litt utradisjonell parkering der fortauet blir tatt i bruk. Det er lenge sidan eg såg det på dagleg basis. Her finst det tydelegvis enno lommer for den slags:
    20251109_134637.jpg
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251109_140744.jpg

    Ved synet av Arcul de Triumf, Triumfbuen, kan ein nesten bli narra til å tru at ein er i Paris, men det rumenske flagget på toppen er heldigvis til hjelp.
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Ikkje langt unna Triumfbuen ligg folkemuseet, Muzeul Național al Satului "Dimitrie Gusti", som viser byggeskikkar frå dei ulike delane av Romania. Det var triveleg å tusla rundt her. Konklusjonen er at sjølv om kultur, språk og andre ting skil på folkeslag, så er det ganske likt likevel for mykje er gjenkjenneleg.

    Screenshot_20251109_183241_Gallery.jpg

    Screenshot_20251109_183229_Gallery.jpg

    På eit tidspunkt spora eg heilt av då eg fekk helsa på nesten alle pusekattene på museumsområdet. Éi av dei tok seg ekstra godt til rette:
    Screenshot_20251109_182719_Gallery.jpg
    No pussy riot, please!
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Deretter var planen å tusla til Romanias historiemuseum, Muzeul Național de Istorie a României, som ifølgje Internett skulle stengja kl. 1800, men då eg kom dit viste det seg at 1700 var korrekt stengetid.

    På veg til det stengte museet gjekk eg gjennom Kong Mihail den førstes park, Parcul "Regele Mihai I":
    Screenshot_20251109_183654_Gallery.jpg

    Screenshot_20251109_183728_Gallery.jpg
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    På min veg vidare kom eg over Monumentet for luftas heltar, Monumentul Eroilor Aerului. Det var jo verdt eit lite fotografi på eit fly-, reise- og bonusjegerforum:
    20251109_160716.jpg
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251109_165108.jpg

    Brutalismen som stilart nær sagt bryt seg fram overalt. Det er litt stilig og ganske annleis frå det ein er vand med heimefrå.
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Då eg fann ut at museet var stengt så kjente eg på at det hadde vore godt med litt mat og drikke. Valet fall på det eg mistenkjer er ein familiedriven italiensk stad: Il Tagliere Ristorante italiano.

    Her synst eg det var ganske så koseleg. Her var det italienske rockeballadar frå 80-talet på høgttalaren og ho mor sjølv song med, lågt, sånn at eg trudde først det var ein del av musikken.

    20251109_172355.jpg

    20251109_174013.jpg

    20251109_181223.jpg

    Dette var ein type plass der engelsk eigentleg ikkje fungerte utover korte ord og ein del peiking, men det gjekk bra. Og prisen kom på 140 rumenske lei, så knappe 350 kroner?
     
    Last edited: 09. nov 2025
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Måndag i Romanias hovudstad
    Ein litt sløv morgonkvist i dag, men det er forhåpentlegvis lov på ferie. Då eg endeleg tusla ut døra i ellevetida så hadde himmelens sluser opna seg, men eg fann ein paraply og kunne rusla litt rundt likevel. Sidan det var grått så vart det ikkje tatt så veldig mange fotografi:
    20251110_110318.jpg
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ein del rusling hamna eg plutseleg i Parcul Floreasca. Ikkje at det var eit mål i seg sjølv, men der kom eg over ei sklie (nei, ikkje tenk koffert no) av det slaget som nok vil slita litt ekstra på kleda, trur eg:
    Screenshot_20251110_150633_Gallery.jpg

    Screenshot_20251110_150638_Gallery.jpg
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251110_135155.jpg

    På veg tilbake til hotellet for å tørka opp gjekk eg forbi Det kongelege palass, Palatul Regal din București, som er ei svær bygning, men det er vel litt av greia med denne byen.
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Midt i gamlebyen ligg Kommunismemuseet, Museumul Comunismului. Etter andre verdskrigen tok kommunistane over i Romania. I 1965, akkurat då Einar Gerhardsen gjekk av som statsminister i Noreg, tok Nicolae Ceauşescu over i Romania (utan annan samanheng enn samanfallet i tid).

    Nicolae Ceauşescu fordømte Sovjetunionens brutale undertrykking av Praha-opprøret våren 1968. Dette opna dørene for eit samarbeid med vestlege land. Likevel skulle Ceauşescu etter kvart stå for ein riktig så brutalt regime i heimlandet sitt. Og det vart verkeleg vanskeleg mot slutten av 70-talet då oljekrisa råka landet og Ceauşescu vart overtydd om at betaling av utanlandsgjeld var nødvendig for å sikra reel rumensk sjølvstende. Folk stod i timesvis i kø med rasjoneringskorta sine for å få omtrent alt av basisvarar.

    I 1989 hadde folk fått nok og, kort sagt, i eit blodig opprør vart Ceauşescu styrta. Han vart stilt for retten i ein militær domstol og avretta jula 1989. Mellom 17. desember og 1. juledag vart 1 188 rumenarar drepne, meir enn 3 000 vart skadde.

    20251110_172158.jpg

    20251110_172204.jpg
    Kommunistisk fjernsyn

    20251110_171646.jpg
    Kommunistisk vits

    Slik delar av Europa og verda utviklar seg er det kanskje verdt å minna seg sjølv om at diktatur, same kva politisk kulør det skulle ha, ikkje fører noko godt med seg. Eg er ganske så glad i det norske sosialdemokratiet, eg. Rett og slett!
     
    Last edited: 10. nov 2025
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Dagen vart runda av med ein ålreit middag på Yoshi Izakaya som var velsmakande og med triveleg personale. Måltidet kom på rundt 230 rumenske lei, som vel blir rundt 550 kroner?

    20251110_181219.jpg

    20251110_183601.jpg

    20251110_190541.jpg
     
    kjeeli, Sonictravel, geddi and 15 others like this.
  20. ccurrahee

    ccurrahee Ikke helt statusløs da……

    Innlegg:
    10,644
    Likes mottatt:
    38,770
    Bonuspoeng:
    293

    Minner veldig om Pyongyang ✈️
     
    Kristian liker dette

Del denne siden