Åleinetur til Bukarest (eller Bucuresti? eller Bucharest? eller Bucureşti?)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 08. nov 2025.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre om og men i samband med reisa
    Denne reisa kjøpte eg yr av iver då SAS endå hadde businessbillettar ute til sals for pluss-prisar, altså i månadsskiftet april/mai. Eg ville med andre ord testa SAS business til prisen av SAS pluss.

    Som den oppmerksame lesaren du er så har eg reist med KLM så langt. Det skuldast at SAS rett og slett bestemte seg for å ikkje fly til Bukarest likevel. Det skjedde allereie i juni. Først prøvde SAS seg med at dei ikkje ville gi meg nye billettar, berre refundera, fordi avreisa var så langt fram i tid. Ein ny telefon eit par dagar seinare og eg sat der med flybillettar i C-klasse hos KLM, så lett som ingenting!

    Kjøpsprisen hos SAS kom vel på cirka 5 500 kr t/r. Ein ny billett kjøpt hos KLM i C ville ha kosta rundt 15 000 kr t/r då SAS ville ha meg til å kansellera. Det synst eg var litt i overkant dyrt, for å seia det sånn.

    Vel, det vart tur og eg har prismessig kome greitt ifrå det, vil eg påstå. Eg har nok tjent inn færre Eurobonus-poeng enn kva eg ville ha fått med SAS, men dette poengdrysset er ikkje så halvgale, tør eg hevda:
    Screenshot_20251111_213222_SAS.jpg

    Det er tydelegvis slutt med opptjening avrunda opp til nærmaste heile 100-tal?
     
    Last edited: 12. nov 2025
    Earl, kongenamundsen, kjeeli and 8 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Tilbake til siste biten heim, frå AMS til OSL. Det skjedde med SAS. Og der KLM berre hadde servert kald hovudrett kunne SAS by på varm hovudrett. Det kom litt overraskande på! Rett nok var det laks, men like fullt:
    20251112_195213.jpg

    20251112_194735.jpg

    SAS tilbyr tilsynelatande eit ålreit produkt i eurobusinessklasse. No har eg berre éi flyging bak meg, så fleire turar må til. Heldigvis har eg to reiser til i nærmaste framtid.
     
    Earl, Eddie47, kongenamundsen and 9 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Screenshot_20251114_122034_SAS.jpg

    SAS er rausare med poengutdelinga enn KLM, noko som i og for seg ikkje er direkte uventa.

    Alt i alt ein fin tur til Romania! :)

    Tusen takk for gode tips! Eg fekk ikkje utnytta dei alle, men kanskje neste gong? Og tusen takk for oppoverretta tommeltottar gjennom reisebrevet! :)
     
    Earl, KRS, Eddie47 and 4 others like this.
  4. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    19,238
    Likes mottatt:
    75,292
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen, og et flott reisebrev!
    Og tips til vår tur neste år. :)
     
    kjeeli and Kristian like this.
  5. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur Moderator

    Innlegg:
    5,769
    Likes mottatt:
    10,403
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for reisebrev - trivelig som alltid fra den kanten!
     
    Kristian liker dette

Del denne siden