Tusen takk for turen så langt, takk for et smørbrød med laks og litt bobler, men skal ikke være pirkete og lar være å si noe mer. Ønsker dere en fin tur videre. Derimot hvor er bilder av den legendariske Svarte fredags turen
Det stoppa litt opp her, då svartefredag og Manhatten på tre dager kan ta pusten av kvar og ein av oss. Men eg er trygt heimatt, og det kjem oppdateringar som ein liten førjulskalender!
Svartefredag Ein har høyrt mykje om denne dagen. Dagen som forsikringsagentane held seg langt undå på grunn av den sterkt auka risikoen for skader, drap, hjarteattak og bilulykker. Dagen der det er greit å slåst om å få kjøpe den siste 65tommers TVen som vart satt opp 5000 kr i starten av november, for å bli satt ned 6000kr på fjorde fredag. Dagen for store løfter, store draumer og mange skuffa handlene. Men dette er i Noreg, i Noreg der me trur på det Elkjøp, Right price tiles og Comfy Balls når dei seier at det er årets beste tilbod. Men, så var det dette store landet. Landet der skliene, folka, buksene, bilene og ikkje minst porsjonene er større en alle andre plasser, landet som eg er så fasinert av, at det var det siste eg reiste til før covid, og fyrste no i det eg trudde var post-covid. Landet der eg faktisk har vore på black-friday før, og eg veit faktisk, etter å ha sett med eigne auge. Black friday er større i USA. Tilboda er betre, og då er det berre å sko seg!