Da var årets nordmarkstraver gjennomført. En særdeles lite hyggelig tur med kramper og stive ben Jaja, nå blir det kald pils og Premier League hvert fall Under to uker til årets første London-tur
Gratulere, bra jobba! Min fyste Nordmarkstravar gjennomført i dag! For eit utruleg trivleg løp. No vert det snart Burger og pils.
God ettermiddag fra Tigerstaden! Har akkurat åpnet dagens første balkongpils, noe tidligere enn planlagt. Men behovet for beroligende var akutt, som følge av beskjeden "Avvist" når AmEx'en ble forsøkt benyttet i terminalen på Kiwi! Med nervøse rykninger, og klump i halsen, måtte jeg ty til Bank Norwegian-kortet, mens jeg for mitt indre så nær 200 EB-poeng forsvinne... Er det rart man drikker? Ha en mindre traumatisk lørdag!
God morgen fra vestkysten .. like fint vær her som på solkysten i sommer .. kanskje litt kjøligere her nå .. @holmen og @Kristian er enig i at Tromsø er en fin by ... men det kommer vinter også. I dag er det Hearst Castle ..
Grattis med gjennomført. Er et utrolig trivelig løp med god stemning hele veien. Femte for min del og flere blir det nok
Ein gausdøl meinte at Bergen om vinteren med sitt regnvêr og mangel på snø kvalifiserte til den lite flatterande nemninga 'Mordor' (frå Tolkiens Midgard-univers). I Tromsø har ein i det store og heile kvit vinter, minus nokre korte mildvêrsperiodar... For å ha det sagt: Somme stader er fine å bu, andre er fine å gjeste. Ulike folk vil her ha ulike preferansar utan at eg skal dømme nokon sør og ned (ev. sør og vest) av den grunn
Det er jo rett! Jeg bodde på yttersida av Senja noen år med noen fantastiske somre og innesnødde vintre .. fascinerende og utrolig gøy. Men vi var unge og hadde 73 km til jordmor når førstemann ble født. Nå har solen stått opp og temperaturen stiger fra ca 12 grader i natt og det skal bli 25 .. passelig for Hearst Castle
Herren har heilt tydeleg samla livserfaring både herifrå og derifrå -- samt innimellom. Det kjem nok godt med på vestkysten av Junaiten òg
Godt jobba begge to! Og unnskyld for at eg blandar meg inn her. Når eg ikkje kjenner igjen adjektiva som er i bruk så forstår eg at eg ikkje spring ofte nok, mykje nok eller med nok glede. Sist eg sprang utan å bli jaga med kniv var i militæret for 20+ år sidan (3000m og eg klarte kravet og slapp å stå opp kl.5 i fire veker for å øve til nytt forsøk). No lurer eg på kva som karakteriserar eit "trivelig" løp? Er det a: å ikkje kaste opp nedover brystet og beina mens ein spring, b: å ikkje ha slik gangsperre at ein er døden nær av laktisk acidose + å vere avhengig av at kompisar tek ein på skuldrane når ein skal ned trappa på kaserna, eller c: at der er matstasjonar med vafler og kanskje litt rødt i koppen undervegs i løpet?
Dagen ble brukt til å gjennomføre sin første halvmaraton i strålende høstvær i Trondheim, og man ligger av den grunn utslått på sofaen nå... Ha en super kveld videre!
Og for å svare meg sjøl; det var ikke noe i veien med serveringa på vei over dammen med sk953, rolig var det stort sett også, selv om jeg hørte et par gisp da kapteinen kom på PA-en litt etter avgang og forklarte at de hadde (hatt) problemer med å få opp det ene av hjulene etter avgang og at det var årsaken til at vi hadde fløyet såvidt sakte unormalt lenge
Jau, det forstår seg. I stand in awe... Det er jaggu langt. Korleis går det med hofter og kne etter eit slikt sprell? Håpar du får ein fin dag i morgon, og at du kjem frå det utan varige mein.
Godt skrive @Stuttfeiten Tja, det er vertfall C. Det var vel litt raudt i koppen. Men dog saft, smakar godt med hundreoghelvette i puls(kanskje betre enn ordentleg raudt, som eg normalt likar betre i denne situasjonen), gode vaflar selde dei og ved målgang! Men slik ellers så var «trivlege» kosleg publikum og folk langs løypa. Trivlege medløperar, der det ikkje er noko press lett og fin stemning. Utrulege trivlege folk med drikke/matstasjonane. Og veldig enkelt og greit i forkant, og ikkje masse reklame og drit som fyller opp mailboksen. Løypa og været var og framifrå. Og så er det jau trivleg og fylle på med god mat og drikke etterpå. Både burger med Øl og Indisk med Stor indisk øl, slikt blir ein jo glad av!
Eg sykla Nordsjørittet ein gong like etter krigen (fleire år sidan). Då var det litt sånn TdF-stemning langs vegen med ellers (sikkert) respektable husmødre som velta av campingstolane og rulla rundt på plenen med kvitvinflaska i handa. (Eg var ikkje mellom dei fyrste som passerte for å seie det forsiktig, dette var litt ut på ettermiddagen.) Eg huskar spesielt to sprekingar som sprang (dei loffa vel egentleg, men svinga fort med armane slik at det såg ut som dei sprang) ved sidan av meg opp ein bakke ca 22 km for mål: "Kom igjen! Så jævlig bra! No er det siste motbakken, så trillar du i mål! Heia heia! Stå på og hipp hurra!". Eg kunne både ha klemt dei og gjett dei juling. Eg visste vel like godt som dei akkurat kor langt og kor mange motbakkar det var igjen, men om det var sinne over å bli lurt eller takknemmelighet over den mentale støtta så kom eg meg opp den bakken også. Men til poenget: då forstår eg adjektiva betre. Håpar du får ein smertefri dag i morgon!