Vi er visst ikkje verdas beste på oppdateringar, men vi lev i beste velgåande. Cathay sin first-lounge byr mellom anna på tre sortar champagne. I tillegg er det á la carte dining som @haakonks viste bilete av i forrige post. Det er også mogleg å stikke innom baren i businessdelen for å bestille cocktails.
Skal dere hjem igjen også? @Tore er en mester i å organisere seteplassering og innslipp på Trygdepuben på Jessheim ..
Ser ut som dere har en fin tur Ville bare nevne at dere trenger ikke gå til Cathay C loungen for å bestille Cocktails. Dette kan bestilles i F loungen også Ser også at flyet deres er 1 time forsinket allerede, håper dere kommer dere avgårde i dag
Eg antok nok også at dette kunne bestillast, men på ein lang dag med mange loungar som skal inspiserast er det også greit å få bevegd seg litt. Det skal dog seiast at å bære drinken dei metrane det er snakk om kan vere ei utfordring. Vi er framleis forsinka, det er visst ikkje nokon som kan laste den innsjekka bagasjen. Heldigvis ser det framleis ut til at vi landar tidleg nok til at dei/den mest dedikerte av oss rekk morgonflyet til LHR med SK i morgon.
Ja, skulle jeg bært Cocktailen selv tilbake til F loungen hadde det kun vært limen igjen i glasset Lykke til videre, håper dere kommer avgårde i kveld. Ellers får dere ta en ny runde i F loungene i morgen
Gårsdagens tur var definitivt strålande, og absolutt noko som må gjentakast! For å sikre at vi får evaluert standarden på loungane til OW so har eg teke på meg den tøffe jobben med ei strafferunde til LHR i dag for å skaffe ferskt samanlikningagrunnlag. Dagens runde startar med SK803 som har avgang fem minutt tidlegare enn BA hadde avreise i går. Servicen vi fekk i BA økonomi i går var fantastisk, kan SAS Plus måle seg idag?
Trygt på plass for ei ny runde på LHR. Sekken er trygt plassert i bagasjeskapa til LH. Dagens fjerdefrukost, beståande av bacon roll, Singapore sling og eplejuice vert no nytt hjå SQ.
Sjølv om det er moro med lounge so er det også moro med fotball. Sesongkortet eg har med West Ham United har ikkje blitt flittig brukt dei to åra. Faktisk fekk eg ikkje brukt mitt eige sete i dag heller, då det var lova vekk før eg visste eg kunne reise. Kamp vart det i alle fall likevel. Der fekk eg også anledning til ete burger etter skuffelsen då vi i går oppdaga at BA har forbetra vekk (?) BA-burgeren frå galleries first.