Ordet på gata skal ha det til at følgjande skal ha skjedd med eit medlem i eit lystig laug (som her er anonymisert av omsyn til eventuell faktasjekking):
Ein kar vakna tidleg søndag morgon etter eit durabeleg sjøslag i bartebyen og var så elendig at han var berre ein krok der han gjekk. Alt var smertefullt same korleis han vrei og vendte på seg. Etter ei grundig utgreiing hos legevakta kom karen frisk og fin i formen tilbake til det gode selskap og fortalde kva som hadde vore feil:
- Nei, du skjønne, æ hadd hækta underbuksa fast i skjorteknappen, sjøh!
Last edited: 14. juni 2020