Det der er dagens bilde for min del! Hurra! Nei, spurte ikkje etter mailadresse. Hovedpoenget var å få fram at det kjempetrivelige crewet på SK4692 fortente eit ekstra julegratiale for knallservice og ei endelaus rekkje med smil. Deretter å prøve og uttrykke misnøye med tapet av kontrakslounger utan å skrike og vifte med henda. Og så til slutt å på ein diskré måte gjere narr av, ikkje ein, men to City Lounges i Stockholm. Eg synest sjølv eg lukkast bra. Så får vi heller sjå etter kvart om han bestemmer seg for å bli med på neste MegaDO. Han virkar å vere ein trivelig kar (og magefølelse og fyrsteinntrykk skal ein visst stole på).