Laurdag på reisefot

Tråd i 'InsideFlyer Lounge' startet av Kristian, 06. des 2025 kl 07:12.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,862
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    God morgon, godtfolk!

    I skrivande stund er eg i innanriksloungen på Gardermoen i forkant av ei reise til Kongens by, altså København.

    — Javel, innanriksloungen, seier du kanskje lett spørjande med eit halvt heva augebryn, og lurer på om det er loungehopping eg driv med?

    — Neidå, endå betre, min gode ven, kan eg svara. Eg skal nemleg fly til Kastrup — via Langnes (Tromsø)!

    På denne måten får eg testa SAS Preminum innanriks og SAS Business frå ein av distriktsstasjonane (altså ikkje på ei flyging mellom det skandinaviske hovudstadstriangelet).

    — Galskap!, ville kanskje nokon sagt. Men ikkje du, vel, kjære medforumist?

    Det er nesten tomt i innanriksloungen no kl. 0700. Det er kanskje vanleg ein laurdag morgon?

    20251206_065517.jpg

    Av andre gledelege ting merka eg at innsjekkingsautomaten spytta ut eit ombordstigingskort printa på skikkeleg papir og ikkje på ei papirimitasjonslefse. Sånt synst eg er koseleg!

    Dette er ikkje starten på eit reisebrev, men ein litt overivrig start på "God morgon"-tråden :)
     

Del denne siden