Det vart altso parkering på oppstillingsplassen og bil inn til sivilisasjonen. Og steik kor oss flira...
Eg må berre påpeike at dette^^ heller ikkje er meg eller Alf (ref Dagbladoppslag tidlegare i tråden).
Pass på tigeranda. (PS! Lurer på hvorfor jeg ikke greier å lese uten fortellerstemmen til Hildegun Riise )
All onboard! Klar til avgang så snart @Travellingalf no har fått på pysjen. Blir det FlyNet? Føl med, så får vi sjå.
Sehr stronk today the FlyNet is. With us the Force is! *insert moving Yoda-GIF here* Edit: Turbulensen er sterk også. Vi tystar ihjel snart om det ikkje blir servering.
Vi overlevde tørkeperioden, men måtte ha litt cowboystrekk etter maten. Har prøvd å laste opp meir bilder, men utan spesielt mykje hell. Vi kjem plutselig tilbake.
The eagles have landed. Vi vart møtte av ein alvorlig svær assistent ved flydøra som halte oss rett gjennom immigrasjon i diplomatskranka. Køen ellers var lang, men vi var gjennom på eit par minutt. Ikkje noko tull i tollen heller. Vinflaskene vi fekk av crew ligg trygt i håndbagasjen. Er på veg til hotellet no, så kjem vi tilbake så snart vi har fått oss ein GT.
God morgen! FlyNet funka litt i går, men opplasting av bilder gjekk heller dårleg. Det som fungerte betre var servicen ombord: Etter middag vart det ein nightcap og ein cowboystrekk. Crew var veldig trivelig, og tok godt hand om oss. Vi fekk til og med frokost! Kald is på varme bær - Kongefrokost! Så var vi framme i Bogotá, men det skulle vise seg at lørdagskvelden ikkje var heilt over likevel. Lite tåregass å sjå.
Etter å ha sjekka inn og dumpa bagasje på hotellrommet gjekk dei to venene ned i lobbybaren for å stresse ned. Der var det live-musikk og høg stemning. Faktisk så høg at vi hadde problem med å forstå spansken til bartenderen. Men det ordna seg med GT. Like etter ankomsten til drinkane, melde to eldre, lystige herremenn seg i baren og bad om å få flaska på disken så dei kunne skjenke sjølve. Dei hadde visst ikkje mykje tiltru til at andre skulle klare å gjere dette skikkelig. Med våre gode språkøyre forstod vi at desse veteranane var østlendingar. Så då gjer vi som vi alltid gjer, og helste høfleg og skåla. Det viste seg at dei to var pensjonerte bankdirektørar som hadde lagt seg opp litt pengar i åra før Eva Joly flytta heim til Norge, og no var dei på guttetur igjen for å prøve å lage plass til dividender på pensjonskontoen. Dei brukar mykje av tida si på å reise rundt og samle land. Eine karen hadde no kryssa av 174 land, og andremann kunne straks ta i bruk tre siffer i antalet besøkte land. Det vart ein morsom kveld i lag med dei to globetrottarane, så Bjørnen og Tigeren kom seg ikkje til køys før etter midnatt.
Så er vi på flyplassen, El Dorado, namnet åleine er nok til at det går kaldt opp- og nedover ryggen på sjølv den sindigaste vestlending. Og i alle fall når ein skal tre gjennom sikkerhetskontrollen der ein har sett så mange bli huka med saker og ting i bagasjen. Det var derfor med andakt vi la sakene på bandet og trakk pusten djupt før vi gjekk gjennom detektoren. Travellingalf sklei rett gjennom, og eg trudde ei stund at alt skulle gå bra med meg også, men så: "Señor!" Er dette di jakke? Eg fikk tunnelsyn, fargane forsvann og eg såg kontrolløren i svart-kvitt. Heldigvis var det ikkje så veldig alvorleg, men det er altså ikkje lov å reise ut av Colombia med lighter. No sit vi på Copa Club, etter å ha svinga innom Avianca på vegen, og har fått senka skuldrane. Avianca imponerte oss ikkje nok til å ta bilder ein gong, men her i kjellaren med Copa (ned trappa ved gate 45) klarar vi oss. Ikkje noko stor lounge, mattilbudet så som så, men betjent bar med det essensielle for reisande folk. 30 min til boarding (kanskje). Travellingalf fiksa oppgradering igjen slik at vi kan sitje framme. Kan absolutt anbefale å reise på tur med denne mannen.
Intervju med Travellingalf, profesjonell medreisande. *Ja, kva trur du om Copa Airlines? -Heilt greitt+. OK mat, god drikke, gode stolar. *Kva kan hipsterane i Frösundavik lære av søramerikansk varmt blod? -At alt er mulig, tom å servere søramerikansk polarrull med drikke til på ein flight på ein god time. At det å servere god mat kan vere enkelt, ein treng ikkje sysselsette ein heil hær som skal svi blomkål på gassbluss. At steintøy funkar greitt, mat må nødvendigvis ikkje serverast i ein boks. *Sit du med andre inntrykk etter denne turen over fjell, jungel og hav? -Det er kanskje litt kontroversielt, men kanskje SAS kunne vurdert å senke pensjonsalderen for crew med rundt 25-30 år? *Ja, det er kanskje litt kontroversielt, men det får gå. IF helsar takk for at du tok deg tid i ein travel kvardag på reisefot. -Jau, vær så god!
Sist jeg så noen argumentere seg til en helflaske i (basseng)baren var i Hong Kong .... det gikk bra det og.