Då nærmar det seg vel kvelden heime i Norge, og det er vel ein heil del forumvenner som skal opp i morgon tidleg til blåmandag, frosne bilruter, nye skuffelsar osb. De skal vite at Tigeren og Bjørnen (og skravleanda) tenkjer på dykk. Vi sender alt vi har av positiv energi i retning gamlelandet. Vi satsar på å holde fortet om det skulle slenge inn eit trumfspørsmål i løpet av natta. Sov godt alle sammen!
Varme vibbar blir sendt frå Kappstaden til Tigeren og Bjørnen. Herifrå kjem det takksemd i stort mon for innsynet i 'dyrelivet' i det søramerikanske. Herleg!
Mens dere er der borte, burde dere kanskje teste en lokal rom..? For eksempel denne, med en lang og myk avslutning...
Frokosten i cluben var ikkje det heilt store høgdepunktet. Då var vi heldigare med både mat og drikke i går kveld. Etter å ha slanga oss ved bassenget til det vart mørkt tok vi på finstasen og gjekk ut for å sjå kva Panama City har å by på av attraksjonar på ein søndagskveld. Ein skal ikkje så langt vekk frå havet før byen skiftar litt karakter. Vi lurte litt på å stoppe innom ein karaokebar, for damene som stod utanfor og som sikkert var faste songarar reklamerte ivrig for kvalitetane til etablissementet. Men då to lokale karar røyste seg frå ein benk så romflaskene trilla og ville kreve ei temmelig stiv cover charge, begynte vi å ane ugler i mosen. Var det meir enn karaoke bakt inn i denne forretningsmodellen? (Mulig dette er eit gamalt bilde frå Google, men denne karaokebaren får ikkje terningkast av oss.) Vi gjekk vidare, og ikkje så lenge gjennom bakgatene før vi vende nasen mot lukta av salt og tare igjen. Vi enda til slutt opp på eit tak i Casco Viejo, på Salvaje Ristorante y Rooftop. Der var det ingen CC for å kome inn og synge, men god musikk, mat og drikke. Og veldig god stemning til heilt ut på natta. Casco Viejo, eller San Felipe som bydelen eigentleg heiter er sentrum for nattelivet, og virka å vere ganske trygt. Smil og latter og ein heilt annan følelse enn lenger nord i byen. Det var ein trøtt tiger og ein utsleten bjørn som gjekk til sengs etter midnatt.
Å jada! Og det er ikke bare den ene..! Hva med en "RON de JEREMY XO -Velvety and Seductive.."? Er det ikke nok med én X, så finnes selvfølgelig "RON de JEREMY XXXO".. Ellers har man også "RON de JEREMY HOLY WOOD", samt "RON de JEREMY SPICED & THE HARDCORE EDITION" Er man mer en gin-type, så har de denne: Det finnes også mange gode forslag for hvordan man kan nyte Ron (de Jeremy).. Mer her. PS! Sorry @Stuttfeiten og @Travellingalf ! Var ikke meningen å kuppe tråden her. Var i utgangspunktet kun et velment tips..
Hvis du vil møte Ron Jeremy, er det bare å dra på Rainbow bar and grill i West Hollywood. Har sett ham der mange ganger.
Bimini Bay Bar i Ft Lauderdale er også eit stalltips for Ron Jeremy-spotting. Om der fins ei bule der sjansen for treff er høgre enn gjennomsnittet så er det der.
Happy hour i club lounge på IC Miramar var ei litt anna oppleving enn frokost. Der er framleis litt å gå på før ein er på Asia-nivå, men kvelden var ei smått gledeleg oppleving. Klokka kvart over åtte gjekk petsonalet ei ekstra runde og tok opp bestillingar før mat og drikkeservering vart avslutta klokka åtte. Bra! Edit: Der var tomt for gin nokre minutt, men dette vart raskt ordna.
Det stod eigentleg shopping på programmet, men etter at kjøleskapsmagnetane var i boks så vart det ein snartur til kanalen og slusene ved Miraflores. 12 000 arbeidarar omkom under arbeidet med å byggje jernbana frå Stillehavet til Atlanterhavet. Mange gjekk han nok pga malaria, så det er ikkje verdt å ta sjansar. No blir det ein kjapp dusj og så vert kursen sett mot Bogotá og portforbud. Kan bli interessant.
Ankommet Island Bogotá, alt vel, og er på plass på Grand Hyatt. Eit veldig flott hotell som opna for eit års tid sidan. Med Grand Suite kjem club-tilgang, og happy hour var alt i gong ved ankomst.