Yes! No skjer det igjen!
Har komt ombord og vi har kasta loss 10 min før rute. Hadde tre timar i behageleg stol i Latam sin lounge før avgang. Litt før var det kjapp innsjekk og eskorte til emmigrasjon/sikkerhetskontroll. Det vart dessverre ikkje diplomatskranke denne gongen, men det stressar bakkeservice på BOG veldig heile tida i kommunikasjon i førekant, så at vi fikk på ankomst var berre bonus.
Vart møtt igjen i resepsjonen på loungen (vart spurd om kva lounge som var vald ved innsjekk) og fekk beskjed om å "sit back, relax and enjoy while
Windows ME we prepare your flying machine" og så skulle ein bli henta ved boarding.
Det var fleire F-pax i loungen der, og det var bodyguard/bulderbulder-en vi hadde ved ankomst lørdag som eskorterte til emmigrasjon, ønskte velkomen og seinare henta i lounge. Vi var tre på slep frå lounge til gate, og når vi kom til gate var boarding godt i gang. Señor Skalleknusar brøyta veg og vifta med henda til gateagentane, så vi sklei rett gjennom utan å vise pass og slikt. Men tredjemann på slep vart sjokkert og vonbroten når han oppdaga at der var almue på brua til flyet.
"What'z zis? Why do we have to board zogether wiz ze other passangers? Zis ist unacceptable!" Vi berre gjekk frå han. Før avgang leverte passasjeren, som sit bak meg, munnleg klagemål over boardingprosessen til purser. Noko som tok ca 15 min.
No er det 27 min sidan pushback, og vi er framleis på bakken, men det er ingen hast. La zona...
View attachment 65858
(Tillegg: og 40 min etter pushback er vi 3500 meter over bakken og FlyNet er oppe og går. Litt turbulens.)
Vis alt...