Ny månad - ny afrikatur!

Tråd i 'Reisebrev' startet av Sunnfjordingen, 22. nov 2024 kl 20:26.

  1. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,659
    Likes mottatt:
    25,134
    Bonuspoeng:
    183
    Då er det på tide med ny tur og nytt reisebrev. Førre gong var planen å vitje Uganda. Det enda med ei helg på Zanzibar. Då blir det ny og lenger tur. Denne gongen til både Uganda og Seychellene. Til saman fire dagar i Uganda (i to etappar) og seks på Seychellene.

    Turens fyrste flytur er allereie over. Det vart WF ned frå FRO i staden for Volvo V50. God poengverdi ift køyring og parkering når ein berre er ein.

    IMG_2092.jpeg
    IMG_2093.jpeg

    BGO er ein massiv flyplass. No er det burger og øl. Det vert nok fleire på turen.

    IMG_2094.jpeg

    I morgon går turen til AMS, vidare til LHR og deretter nattfly til NBO før det vert ein morgonflight til EBB. Det vert rikeleg med loungetid i morgon. Litt jobbing innimellom drikkinga må det bli tid til.

    Sundagen vert brukt der før turen går vidare til SEZ måndag. Eg er attende på EBB sundag morgon (om ei veke) før eg vender nasen heim tysdag kveld.
     
    Last edited: 22. nov 2024 kl 21:51
    holmen, Sonictravel, Eddie47 and 11 others like this.

Del denne siden