Reisebrev: Med EVA til Formosa (Taiwan, altså)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 22. febr 2024.

  1. bombusfervidus

    bombusfervidus Veteran

    Innlegg:
    2,642
    Likes mottatt:
    6,088
    Bonuspoeng:
    183
    Velg TPE T2. EVA fra London bruker T2 på TPE.
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Augo er det første ein blir blind på... Vi får sjå korleis dette går :eek:o_O
     
    ArthurDent and Sunnfjordingen like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, denne har eg tenkt kan vera nyttig å ha med på turen. Så får ein sjå om eg har teknilalistiske evnar som er gode nok til å få skaffa meg moroa :D
     
    ArthurDent and oddA like this.
  4. bombusfervidus

    bombusfervidus Veteran

    Innlegg:
    2,642
    Likes mottatt:
    6,088
    Bonuspoeng:
    183
    Siden flyet fra London lander såpass sent på TPE, kan Taxi være et godt alternativ. Det koster rundt 1500 NTD til områder nær sentralstasjon. Om dere likevel går for t-bane, så pass på å gå på ekspresstog.
     
    ArthurDent, oddA and Kristian like this.
  5. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,640
    Bonuspoeng:
    183
    God tur, @Kristian! Endelig får vi reisebrev frå deg igjen. EVA fristar som berre det. Eg kryssar det kryssbare eg har for at det vert råd å få til.
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Reisa til Taiwan — første etappe
    — Med SAS frå OSL til LHR

    Seksogtjue postar uti reisebrevet har eg kome meg til SAS si gullbu på Kykelikymoen (ordspel på Donald Duck-varianten Galemoen (som igjen sjølvsagt er eit ordspel på Fornebu...?)).

    Her er stemninga roleg og det er fint, akkurat slik det skal vera. Eg har funne meg til rette i ein godstol og snuska til meg litt mat. Og kva har eg i kaffikoppen? Jo, Solo! Den med sukker, ja! Dæffen, kor æ levve live'!

    20240222_134109.jpg
    Velsmakande mat i gullstua hos SAS i dag
     
    Last edited: 22. febr 2024
    pgaa, paron, AirMags and 29 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det skal seiast at eg er urutinert... Eg gjekk i manuell innsjekk, men eg bomma på businessinnsjekken og hamna i køa til bermeinnsjekk! Altså, alle skrankane var det folk i og det var ingen i kø, men eg har trampa på same golv som SK-riffraffet! Kan eg få EU261-kompensasjon for slikt eller må eg ta det heile på mi eiga kappe? Forresten, ikkje svar på det spørsmålet — la oss seia at eg meinte det retorisk...

    Innsjekken gjekk heilt fint og det var òg roleg i hurtigkøa gjennom tryggleikskontrollen. Ikkje vart eg plukka ut til 'tilfeldig' runde med klåing heller... Kva er gale med meg? Forresten, ikkje svar på det spørsmålet — la oss seia at eg meinte det retorisk...

    Det er altså SK809 med rutemessig avgang kl. 1500 som er første stopp. Flyet landa på Kykelikymoen (eller Fornebu 2.0, om du vil) rundt kl. 1330, så eg trur det er god sjanse for avgang i retning Heathrow i rute:
    Screenshot_20240222_135243_Flightradar24.jpg
     
    pgaa, kjeeli, paron and 26 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Vêret her på Galemoen er grått og mistrøystig, men eg håpar det er varme å spora på sete 1D på SK809 (unnskuld, @Eddie47). Det er F16 som blir brukt for denne avgangen til Heathrow med slusing inn til eit sånt pre-boarding-område...

    Forresten, i passkontrollen vart eg beden om å gå i den køa med grøne skilt (passautomatkøa), men eg ignorerte det glatt og gjekk i manuell passkontroll. Det gjekk heilt fint og eg vart vinka ut av kongeriket.

    20240222_142742.jpg
     
    paron, AirMags, OyvindN and 19 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    @Eddie47 kan forresten slappa heilt av. Det viste seg at eg hadde sete 1C, ikkje 1D... Pjuh, no tør eg å visa meg i Bergen likevel!

    Sjølvsagt er ombordstigingsprosessen hos SAS heilt meiningslaus. Korleis då? Jo, ved sjølve utgangen er det prioritert ombordstiging, men for å koma inn dit må alle stå i ei kø som ikkje er prioritert for passjekk... På toppen av det heile byrjar ombordstiging ved gate samstundes som innslusing til venteområde...

    Ja-ja, vel plassert i sete 1C med lesestoff. Kaptein Arne omtalar motvind noko som gir ei flytid på 2:05. Sidan eg ikkje har flyge SAS intra-Europa på ei stund blir det nesten litt spennande å sjå kva som kjem av servering i dag.

    Forward cabin check!

    Forward galley check!

    Push-back? Straks!

    20240222_144157.jpg
     
    Last edited: 22. febr 2024
    pgaa, kjeeli, paron and 26 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Avgangstid er passert med åtte minutt og akkurat no rulla vi inn på flyvaskeplassen. Her skal vi få ein dusj. La meg få koma med ei saksopplysing: Æ dusja førri æ for heimant, æ, sjøh! Eg driv ikkje å tar personleg hygiene i siste liten, til det er slikt for viktig!
     
    OyvindN, Calling, ArthurDent and 6 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ikkje lenge etter at vi var oppe i mars(j)høgde (trass i at det berre er februar...) så byrja serveringa. For oss framom papplata (SAS pluss, altså) kunne Salmon Always Salmon by på roastbiff! Eit velsmakande måltid som vart toppa med sjokoladeballen:
    20240222_153548.jpg
     
    pgaa, kjeeli, paron and 31 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Serveringa er triveleg, spesielt for oss som ikkje er så vanskelege at vi heller vil ha pizza enn roastbiffmåltidet. Dei har fått litt færre smil enn meg som berre sa tusen takk. Det er sikkert tilfeldig. Eventuelt kan det vera at eg er ein type person som det er lett å smila til? Forresten, ikkje svar på det spørsmålet — la oss seia at eg meinte det retorisk...

    Kapteinen seier at vi flyg i motvind. Faktisk har vi 70 knop rett i nasen. Dersom vi ikkje blir sendt til eit venteområde ved Heathrow er håpet å vera på bakken til kl. 1725 norsk tid, altså i rute. Per no var det usikkert om vi fekk fly rett inn eller ikkje.

    Sånn, no er sjokoladen servert. Det er mange år sidan det var tre bitar. Eg saknar framleis den tida!
     
    paron, ordnetseg, OyvindN and 19 others like this.
  13. ccurrahee

    ccurrahee Jobb jobb jobb

    Innlegg:
    10,344
    Likes mottatt:
    37,159
    Bonuspoeng:
    293
    Vi trenger små rare tips til Taiwan. Så det må bli reisebrev.

    Selv er jeg der jo bare over natten, så rekker aldri mer en yndlingsbaren og litt sånt.
     
    ArthurDent liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Reisa til Taiwan — andre etappe
    — London Heathrow — The Queens Terminal — T2

    Som den dramadronninga eg er (ja, det er faktisk ein ganske så royal tittel, for tenk!), så har eg no vandra rundt på LHR T2. Eg hugsa terminalen som litt større og meir innhaldsrik enn eg opplever honom no, men tida går!

    No hadde eg eit håp om å få stussa den høysåta eg har på toppen av hovudet mitt, men sidan T2 er frisørfritt, så tusla eg litt rundt i staden.

    Eg hadde òg eit håp om å finna ein bokhandel, men den eg fann var ikkje god nok, så kanskje må eg leita litt til.

    Air Canadas lønnelounge var stengt for dagen. Singapore Airlines SilverKris-lounge var stengt for oppussing. Lufthansas Senator-lounge var smekkfull. Ergo gjekk turen til Uniteds Club-lounge og her er serviettane ganske søtt utsmykka:
    20240222_175602.jpg
     
    pgaa, NKA_Pls, paron and 22 others like this.
  15. ccurrahee

    ccurrahee Jobb jobb jobb

    Innlegg:
    10,344
    Likes mottatt:
    37,159
    Bonuspoeng:
    293
    ArthurDent and Kristian like this.
  16. ccurrahee

    ccurrahee Jobb jobb jobb

    Innlegg:
    10,344
    Likes mottatt:
    37,159
    Bonuspoeng:
    293
    Kan du gi oss en god gjennomgang av alt som finnes i trallene ( bak baren) på United sin Club lounge?
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Alkoholhaldig drikke!
    Og litt blandevatn :D

    Ein betre gjennomgang enn det der, trur eg ikkje det er mogleg å laga :rolleyes::)

    Om du lurte: eg drikk for lite til å ha noko borti baren å gjera. Kanskje andre kan ta den gjennomgangen?
     
    Last edited: 22. febr 2024
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tida i United-loungen har så langt gått med på å eta litt, men hovudsakleg har eg brukt tid på å prøva å snuska til meg tilgang til EVA sine gratis wifi-verdikupongar, men same kor mykje eg prøver, så vil ikkje EVA spela på lag! Ho vil ha billettnummeret mitt, eg oppgir 117-nummeret, men 'the computer says no!':
    Screenshot_20240222_181611_Samsung Internet.jpg
     
    OyvindN, Calling, ArthurDent and 6 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk :)
     
    ArthurDent liker dette
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Og som litt venteunderhalding, medan vi er i det britiske, her kjem Joe Lycett med sine tankar og idéar for IS (ja, den islamske staten) og sjekkeappen Grindr:
     

Del denne siden