Reisebrev: Med EVA til Formosa (Taiwan, altså)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 22. febr 2024.

  1. ccurrahee

    ccurrahee Jobb jobb jobb

    Innlegg:
    10,344
    Likes mottatt:
    37,159
    Bonuspoeng:
    293
    Kan melde om at jeg har fått samme svar av ho EVA.....
     
    ArthurDent, oddA and Kristian like this.
  2. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,426
    Likes mottatt:
    8,028
    Bonuspoeng:
    183
    Riktig god tur videre og nyt LHR :)

    Uten at jeg skal si at jeg har full kontroll tror jeg aldri jeg har sett noen frisør på LHR i noen av terminalene (nå har jeg aldri lett etter det på LHR, så kan naturligvis ha gått meg hus forbi), umiddelbart kommer jeg egentlig bare på at de har det på innenriks på Gardermoen, men litt omvei å reise tilbake dit for å få klippet håret ;)
    Men T2 skal i hvert fall ha noen steder hvor de selger bøker, mener jeg husker et par WH Smiths om ikke annet
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Etter å ha surra rundt på Heathrow har eg no gått 10 km, brorparten her på terminal 2. Kvelden har gått med på å prøva å ikkje eta seg stappmett før flyturen og samstundes ikkje gå heilt tom for energi. Eg har nemleg lyst til å setja pris på det ho EVA kan tilby no i kveld.

    Vel, etter United-loungen gjekk eg til Lufthansas Senator-lounge. Her var det endeleg livsrom... Det er det kanskje ikkje lov til å seia blant tyskarar? Eg spør for ein ven...

    Heathrow skulle publisera utgang kl. 2010, så det er vel på tide å peila seg i retning av ei lystavle og så tassa bort til riktig stad. Opphaldet i desse stolane er slutt for no:
    20240222_194850.jpg
     
    pgaa, paron, AirMags and 26 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Reisa til Taiwan — tredje etappe
    — Med EVA frå LHR til TPE

    Tidspunktet for BR68s avgang til Taipei via Bangkok nærmar seg. Vel, i teorien nærmar klokka seg. Opphaveleg avgang var 2120 anglosaksisk tid, men ny tid er 2215. Denne karen er litt trøytt, all den tid han stod opp klokka fem i dag tidleg (fjeldabetid).

    20240222_204007.jpg
    Snart inn til EVA

    EVA tilbyr i dag å la oss reisa med ein seks år gamal B777-300ER:
    Screenshot_20240222_205153_Flightradar24.jpg
     
    pgaa, kjeeli, paron and 26 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    EVA ropte meg opp. Det er sjølvsagt fordi eg er viktig! Og kva fekk eg? Eit ombordstigingskort der *A Gold var registrert! EVA ropte meg altså opp for å gi meg handfast bevis på at eg er viktig. Noko anna hadde ikkje denne dramadronninga venta seg, sjølvsagt! Det er godt å kunne vifta med prov på at ein ikkje er riffraff!
     
    pgaa, paron, watchaddicted and 22 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ved ombordstiging hos SAS er det som oftast éin, kanskje to personar. Det kan vera litt fleire på langdistanse. For ombordstiging hos EVA har eg no rekna saman eit heilt dusin personar som jobbar med ombordstiging. Det var mogleg fleire ei lita vending...

    Ombord hos SAS er det ikkje så mange kabintilsette. Er det to drakar? Det er i alle fall ikkje ein overflod av tilsette. Hos EVA gjekk det nyss ein heil armada tilsette ombord. Det såg nesten ut som ein invasjon!

    Ja, eg veit eg samanliknar ananas og kikerter her, men forvirr meg ikkje med fakta, takk!
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Som nemnd skulle BR68 fly sin veg 2120. Ny tid er oppgitt til 2215, men ombordstiging er varsla å byrja om femten minutt, altså kl. 2155... Sleng meg i veggen og kall meg Judith, men eg trur ikkje det er mogleg å lasta fiff, riffraff og kveg inn på dette flyet på 20 minutt....
     
    pgaa, paron, OyvindN and 13 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Sånn, vel på plass i sete 6K. Eg var førstemann ombord etter rullestolbrukarane og deira følgje. Så langt er det berre god stemning og for å vera grei med mi flyvertinne har eg sagt at ho kan kalla meg kva ho vil, men dersom Kris er greitt for henne, så er det greitt for meg. Ein er då på tilbodssida!

    Og ombordstiginga var effektiv! Kl. 2216 vart vi dytta bakover og no er neste stopp Bangkok før same fly går vidare til Taipei. Flytid til BKK er litt over 10 timar. Det skal eg overleva. No skal EVA C nytast!

    20240222_221040.jpg
     
    pgaa, kjeeli, paron and 37 others like this.
  9. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    8,016
    Likes mottatt:
    22,982
    Bonuspoeng:
    293
    God tur!
     
    Kristian and ArthurDent like this.
  10. ccurrahee

    ccurrahee Jobb jobb jobb

    Innlegg:
    10,344
    Likes mottatt:
    37,159
    Bonuspoeng:
    293
    Klarte armadaen av damer å uttale navnet ditt omtrent riktig?



    At de viste navnet ditt vet vi allerede at de gjorde :)
     
    ArthurDent liker dette
  11. oddA

    oddA Senior Medlem

    Innlegg:
    923
    Likes mottatt:
    3,240
    Bonuspoeng:
    93
    Jeg brukte den korte booking koden - funka som bare rakkern :)
     
    Kristian, ArthurDent and RoadKing like this.
  12. ccurrahee

    ccurrahee Jobb jobb jobb

    Innlegg:
    10,344
    Likes mottatt:
    37,159
    Bonuspoeng:
    293
    :eek:
     
    ArthurDent liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! :)
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Eg prøvde, men fekk ikkje lov til å skriva inn bokstavar i feltet...
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Vi kjem til det :)
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    20240222_215227.jpg

    Det er fint å koma inn i EVA sin businessklasse. Det er luftig i kabinen. Nesten alle sete blir okkupert, men likevel herskar ei roleg og sober stemning.

    I sete 6K ligg ei dyne innpakka i plast og ei hovudpute. Dei første minutta går med til å 'dandera' sakene mine der eg ser det er lagringsplass. Det er litt trongt, men det er eigentleg nok plass til det eg ønskjer å ha lett tilgjengeleg.

    Så fort eg set meg ned og er meir eller mindre på plass er ei flyvertinne på plass og spør og eg vil ha noko å drikka. Jo, gjerne vatn og sprudlevatn (sprudlevin, altså (sjampanje blir berre servert i marsjhøgde)), seier eg. Ein augneblink seinare er varane på plass.
     
    pgaa, kjeeli, paron and 22 others like this.
  17. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,029
    Likes mottatt:
    875,513
    Bonuspoeng:
    293
    Godt å se at du overlevde ..
     
    Sunnfjordingen and Kristian like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Sete 6K er godt å sitja i. Eg har to vindauge å sjå ut av. Sete 7K har berre eitt og det er veldig dumt plassert. Sånn sett er eg sjeleglad for at eg rekk vald 6K. For dei som ikkje veit: i C-klasse har EVA 1-2-1-setekonfigurasjon på B777-300ER. Det betyr at eg sit åleine på høgre side av høgre midtgang (dersom nasen er framovervendt).

    Det komfortable setet er relativt lett å justera og har praktisk nok to USB-støpsel for lading, samt eit tradisjonelt trestikk som jo er så vanleg i m.a. Storbritannia. Heldigvis går det heilt fint med vanleg europeisk variant for til dømes ein mobilladar.

    20240222_215304.jpg

    Ut mot midtgangen kan du heva armlenet slik at det blir like høgt som på den andre sida av setet. Det er veldig praktisk, men berre lov i marsjhøgde.

    Handkonsollen fungerer til å styra skjermen, men du kan få alt innhaldet òg på konsollskjermen om du heller vil det. Både tastaturtasting og direkte skjermtrykking med peikefinger fungerer for å navigera rundt i underhaldingssystemet EVA har. Eg synst det var lett å bruka.

    20240222_215347.jpg

    Det er vanskeleg å få fram på eit bilete, men eg opplevde fotbrønnen som ganske romsleg. No er eg berre 183 på sokkelesten, så det kan ha noko å seia lengdemessig, men høgda inne i brønnen er veldig fin slik at ein kan flytta rundt på labbetussane utan å dryla knehasane i brønnveggane.
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Sidan eg brukar litt tid på å koma på plass rekk eg ikkje å drikka opp 'velkomstdrinkane' fordi EVA insisteret på å plukka inn alt av glas for vi skql ta av. Vel, eg hadde no fått fleire gode smakar av glaset, så eg klagar ikkje, men litt overraska er eg jo.

    20240222_221040.jpg

    Rundt kl. 2230, nærmare sytti minutt forseinka, tar vi av frå Heathrow. Sjølv om det ikkje er drinkar å halda i, har eg fått utdelt noko anna frå EVA som eg synst var kjekt å få: tøflar! Eg synst dei var riktig så snasne! Dei kom meg i hende medan vi enno stod på bakken.

    20240222_221131.jpg
     
    pgaa, kjeeli, paron and 21 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,658
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    På veg opp i marsjhøgde tar eg meg bryet verdt med å sjekka ut underhaldningstilbodet. Det var kort sagt ganske tynt, men eg fann filmen 'Oppenheimer' som eg bestemmer meg for å sjå i løpet av turen. Sjølv SAS meiner eg har eit breiare tilbod av filmar og seriar enn EVA, men eg kan ha oversett noko.

    Litt musikk å lytta til fann eg, òg. Her kan eg nemna at hovudtelefonane som EVA deler ut var ganske så gode. Eg synst dei stengte ute mykje av flystøyen og vidareformidla lyden i underhaldningssystemet på høveleg godt vis.

    20240222_231401.jpg

    Det var ålreit å sitja på med EVA og maten var enno ikkje på plass, men snart var vi marsjhøgde. Eit lite snikfoto av kabinen sett bakfrå fekk eg snuska til meg:
    20240222_230945.jpg
     
    pgaa, paron, watchaddicted and 18 others like this.

Del denne siden