EVA tilbyr å bestille mat frå heile menyen i forkant på Internett. I tillegg har EVA fleire såkalla 'Internett-eksklusive' rettar (dei er ikkje heildigitale, men må altså bestillast før avreise på Internett). I tillegg kan du velja å berre plukka frå menyen du får om bord. Første måltid var ein sein middag sett saman av fire rettar. Sjølvsagt går eg på ein kjempesmell då eg skal velja drikke. Eg får plutseleg føre meg at eg ønskjer ein drink og bestiller med eit høfteskot ein 'Bloody Mary'. Idét eg prøvesmaker drinken kjem eg på det: Dette liker eg jo ikkje, det er jo 'Strawberry daiquiri' eg liker... Det einaste dei to har til felles er at begge er på raudfargespekteret... Og min favoritt er ikkje å oppdriva... Ja-ja, eg er ikkje så hissig på alkoholen, så det går fint. Apfertiffen som kjem med drikken er ikkje noko eg har smakt før, men det går ned, sjølv om smakane er uvande. Forretten som m.a. inneheld røykt raudbete (om eg skjønte menyen riktig) var eg skeptisk til, men det smakte verkeleg godt!
Det er hovudretten det var mogleg å bestilla på førehand. Eg valde hummer. Ved servering er eg usikker på om retten skulle ha vore var eller ikkje, men i sin kalde variant er det veldig godt! Og sausen er himmelsk! Til dessert var det tre val. Eg fekk ikkje velja ein einaste ein av dei. Flyvertinna meinte nemleg at eg måtte ha alle tre dessertane. Eg er sjølvsagt svært lydig av meg og takkar så høfleg eg berre kan der eg forfjamsa sit med heile dessertutvalet framføre meg. Og ja, det var digg!
Vi fekk på eit tidleg tidspunkt, eg hugsar ikkje heilt når, delt ut ei fin lita toalettmappe frå Armani. Ho inneheldt diverse kremar og slikt, ein portemoné og andre ålreite ting. Og sjølve mappa var veldig fin, synst eg!
I løpet av middagsserveringa, om eg ikkje tar feil, kom tilbodet om pysjamas. Eg har ikkje brukt slikt sidan eg gjekk i barnehagen (og det var før både attenhundreogbrødmangel og syttenhundreogpilogbue!), men EVA-pysjamasen hadde eg høyrt var gode saker. Eg fekk tildelt storleik L og han sat akkurat slik ein pysjamas skal sitja: laust og ledig. Herregud, for eit produkt! Eg var i ekstase då eg fekk ikledd meg honom! Og eg skifta ikkje til vanlege klede før vi landa i Taipei!
Etter middag og i lukkerus over den fine og deilige pysjamasen fekk eg stolen reidd om med ein såkalla madrass. Det var vel heller eit tjukt laken og ikkje den gode madrassen som SAS brukte sist gong eg flaug på deira langdistanserutenett. Trass i at madrassen mangla så fungerte lakenet ålreit og eg sovna relativt fort etter å ha rulla meg over på sida under dyna. Plutseleg hadde det gått fem timar og eg vakna over Pakistan, akkurqt tidsnok til eit slags brønsjmåltid. Her hadde eg etter ombordstiging i London vald den kinesiske varianten, ikkje den kontinentale. Grauten som vart delt ut var etter min gane smaklaus, men så var eg framleis litt mett etter kveldsmåltidet tidlegare i flyginga. Elles gjekk det meste ned på høgkant!
BR68 (og BR67) har ei halvanna time lang mellomlanding i Bangkok (BKK). Her var det mannskapsbytte og passasjeravlessing. Alle måtte ta med seg tingane sine og gå av. Sidan eg var ukjent på BKK, så søkte eg kortaste veg tilbake til korrekt utgang, men eg kunne nok ha brukt tid til å utforska terminalen litt. Det var sjølvsagt mogleg å gå i loungen, men eg var mett og litt usikker på kor mykje tid eg faktisk hadde. Ergo gjekk eg gjennom ny tryggleikskontroll og bort til utgang G4 og venta der medan minutta gjekk fram mot ombordstiging. Det gjekk ganske radig, og eg fekk snakka med mamma på telefonen.
Vel tilbake, etter ein effektiv ombordstigingsprosess, vart eg ønska velkomen om bord med noko å fukta strupen med, sjølvsagt!
Briten bak meg på 7K, som gjekk av i Bangkok, sa følgjande om den lange turen, som ein kommentar på at eg sa: Luckily we are here and not back there (in economy); på svært britisk manér, lakonisk og med eit smil: It's makes (the journey) a bit more bareable! Ja, eg vil påstå at EVA C er langt meir enn 'litt enklare å halda ut' enn ei reise i økonomi. Ho EVA er både real og kjekk i frontalpartiet (dersom det er lov å seia, då).
Då vi var oppe i marsjhøgde var det igjen servering. Denne gongen hadde eg bestilt and som kjem i lag med potetmos. Rett nok er det forrett først. Han er slett ikkje verst. Det er verkeleg smakfullt og godt! Og igjen får eg all desserten som er på menyen, både frukttfatet og kakene. Det er nydeleg!
Den grøten er intet noe annet enn riskorn kokt i vann uten tilsetningsstoff. Man spiser fra side dishes først og så drikker man litt fra skålet, da får man en fin og harmonisk blanding i munnen. Jeg spurte om det var mulig å ekstra porsjon etter runde 1 da jeg fløy med EVA, jamen fikk jeg det!
Mannskapet frå London til Bangkok er effektive. 'Mine' flyvertinner er høglege, men distanserte. Det er lite rom for småprat, men dei er på tilbodssida. Dei er raske med å rydda vekk og alskens. Nesten litt for raske, men samstundes gir deg meg livsrom i mitt vetle kongerike ved namn 6K. Sjølvsagt er Kristian vanskeleg å uttala for flyvertinnene. Etternamnet er òg vanskeleg. Eg tilbyr dei å kalla meg Kris. Dei blir letta. Det blir til mister Kris. Ei heller det er superlett, men det fungerer. Mannskapet som er med oss frå Bangkok til Taipei er litt meir trivelege (eller påskrudde?). Det er i alle fall litt meir kontakt. Kanskje er språkbarrieren mindre? Òg her tilbyr eg meg å bli kalla Kris. Det blir sjølvsagt til mister Kris. Eg seier: Du kan kalle meg akkurat kva du vil. Flyvertinna fniser og takkar medan ho smiler breidt. Før vi skal landa informerer kapteinen at vi landar kl. 2200, ikkje kl. 2145. 3tter dette kjem kabinsjef og pratar med alle i C og spør meg om eg skal fly vidare og ber så audmjukt om orsaking for at vi er så forseinka. Heilt paff seier eg at det går heilt fint. Til alt overmål landar vi kl. 2155...!
Reisa til Taiwan – fjerde etappe — Frå Taipei flyplass til Taipei sentrum Flyet landar kl. 2155 og allereie kl. 2240 sit eg på MRT-banen inn mot Taipei sentrum. Det vil eg påstå er effektivt. I løpet av denne tida skjedde følgjande: — Avstiging og eit stykke rusling — Pre-tollkontroll — bagasjen vart sjekka for marihuana og frukt/grønsaker — Meir rusling og så immigrasjon (passkontroll) — Bagasjeutlevering og tollgjennomgang — Litt surring i ankomsthallen for å finna ein minibank — Rusling ned til MRT-banen — Kjøp av Easycard for diverse handel og MRT-reiser (m.m.) — Tre minutts venting på perrongen MRT-banen brukte rundt 40 minutt inn til Taipei sentralstasjon og derifrå hadde eg femten—tjue minutts gange til hotellet. Det var heilt innanfor!
Taipei: Overnatting: V one vogue hotel Vel framme i Taipei sjekka eg inn på same hotell som reisefølgjet. Han kom litt tidlegare på dagen med Turkish airlines (og vart oppgradert utqn førevarsel frå økonomi til business). Hotellet ligg ganske sentralt, eit drygt kvarter frå Taipei sentralstasjon, like langt unna Ningxia nattmarknad m.m. Frukosten er lite å skryta av, men gjer nytta si. Romma er småslitne, men reine. Og badet er stort. Så lite som vi er på hotellromma våre er dei meir enn gode nok. Og prisen? Rundt tusenlappen per natt.
Jeg har omvendt opplevelse. Av *A-selskaper jeg har reist med, er det kun EVA-kabinansatte som klarer å uttale navnet mitt korrekt.
Taipei — byvandring Rundt kl. 0900 valsa vi, reisefølgjet og eg, ut i Taipeis gater. Eg var nok litt groggy etter ei kort natt, men det var berre å ignorera jetlagen etter beste evne. Det slår meg at Taipei er ein stor by, men han er litt ustelt. Han er funksjonabel, men litt rufsete. Arkiteknonisk er ikkje Taipei eit sjarmtroll, akkurat. Både smått og stort i Taipei Gamalt og nytt om ei annan
På vår veg nærast snubla vi over Taiwans nasjonalmuseum (National Taiwan Museum). Her handlar det om natur, zoologi, artar osv., samt Taiwans urfolk og deira klestradisjonar m.m. Det vart eit lite stopp innom, men museet er ganske stort. Reisebrevsforfattaren gjer eit hopp Etter museumsbesøket gjekk turen til minnesmerket for Chiang Kai-shek, Taiwans første president. Minnesmerket medførte at plassen vart til ein stad som vart brukt til demonstrasjonar for demokrati på 1980- og 1990-talet. Sjølve minnehallen — inni ein statue av Kai-shek I tillegg er det m.a. konserthus ved plassen: