Reisebrev: Med EVA til Formosa (Taiwan, altså)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 22. febr 2024.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Etter dette ville vi opp i høgda — på latmannsviset. Ergo tok vi turen til Taipei 101, på eit tidspunkt verdas høgste bygning, men no forbigått av fleire. Litt grått ute, men vi hoppa i heisen og i stor fart fòr vi ein halv kilometer opp i vêret.

    20240224_121528.jpg
    Småhøgt

    20240224_123320.jpg
    Taipei er ingen småby

    20240224_123335.jpg
    Folk, bilar og bussar blir som støvkorn under oss
     
    pgaa, kjeeli, Liza and 26 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    VideoCapture_20240224-142951.jpg
    Mange kondom her?
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    20240224_145548.jpg
    Du store alpakka!
    (ja, det er sjokolade!)
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Google maps fungerer bra til å orientera seg etter i Taipei. Og MRT-banen er effektiv med hyppige avgangar. Innimellom folksamt, men aldri sjenerande trengsel på våre turar.

    Vi tar turen til bydelen Ximen. Trendy og tradisjonelt, stod det på Internett. Her er det mykje folk. Skikkeleg mykje folk. Og mykje å glana på. Eg trur eg vart trillrund i augo! Dette var ikkje ein nattmarknad, berre eit område med mykje av masse!

    20240224_144334.jpg
    Ved Ximen MRT-stasjon

    20240224_160823.jpg
    Vi var ikkje åleine

    20240224_173144.jpg
    Drakeshow 1

    20240224_173157.jpg
    Drakeshow 2
     
    pgaa, kjeeli, paron and 24 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    20240224_152610.jpg
    Utan mat og drikke...

    20240224_170233.jpg
    Kor mange varmepumper/klimaanlegg?
     
    pgaa, paron, Liza and 18 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Etter Ximen gjekk turen til Ninxia nattmarknad. Du verda for ei oppleving. Det er nesten ein 'valdtekt' av sanseapparatet for her er det mange inntrykk! Det er tettpakka med folk. Det blir laga mat overalt. Og kva slags mat er det som blir laga? Alt mogleg! Og det luktar alt du kan tenkja deg mellom himmel og jord.

    Nokre få stader ser du latinske bokstavar, eit og anna engelsk ord blir uttrykt, men i stort er det kinesisk det går i. Det er så ufatteleg lite ein forstår, men det er utruleg spennande og ei utruleg fin oppleving.

    Noko liknande har vi aldri opplevd. På eit tidspunkt går sanseapparatet vårt i metning. Det er ikkje rom for fleire inntrykk. Herregud, dette blir det meir av!

    Reisebrevskriventen hadde nok med omgjevnadene denne kvelden og ingen fotografi vart tatt... Vi (royalt fleirtal) ber audmjukt om orsaking!
     
    Last edited: 06. mars 2024
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Skritteljaren stoppar på 25 000 denne dagen. Det var godt å koma seg over i horisontal stilling etter det!

    20240224_184857.jpg
    Det er drakens år
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    20240225_100609.jpg
    Ein artig utforma plakat på MRT-banen
     
    pgaa, paron, Brukernavnet and 12 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Vandring i Yangmingshan nasjonalpark
    Ein MRT- og busstur nord av Taipei ligg Yangmingshan nasjonalpark. Vi tenkte at ein fjelltur kunne passa, spesielt når Internett lovte oss utsikt utover Taipei!

    Vi tok MRT-banen til Jiantan og hoppa der på buss nr. 1717 som skulle ta oss til Xiaoyoukeng. Vi gjekk på ein smell fordi vi ikkje sjekka kva side av vegen vi stod på. Sagt med andre ord: Vi tok bussen feil veg... Så fort vi oppdaga det, hoppa vi av bussen, kryssa slukøyra vegen og venta på neste 1717-buss.

    Vi starta frå hotellet rundt kl. 0915 og var framme ved Xiaoyoukeng kl. 1200. Bussfiaskoen vår kosta oss nok ein liten halvtime. Pytt-pytt. Kva gjorde det? Vi skulle jo på fjelltur!

    20240225_122933.jpg
    Linsa er rein, skodda er tjukk
     
    pgaa, paron, Brukernavnet and 15 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Vi var no i eit vulkansk område. Tidvis kjente vi litt svovellukt. Trass i skodda tassa vi på fjelltur. Det var nemleg først då vi kom fram at skodda vart synleg.

    20240225_123453.jpg

    Vi la turen opp til Qixing-fjellet som ligg cirka 1 100 m.o.h. Frå Xiaoyoukeng er det ei stigning i trappelagt sti på cirka 300 m. Veldig overkomeleg. Vi gjekk ein annan sti ned. Totalt knappe 4 km, vi brukte vel ein dryg time på loffinga.

    Ja, det var stusseleg med så lite utsikt, men fint å vera ute likevel:
    20240225_130136.jpg
     
    kjeeli, paron, Liza and 17 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Vi vandra litt meir rundt i området før vi fann ei varm kjelde å dyppa labbetussane våre oppi ved Lengshuikeng. Herifrå tok vi bussen ned til MRT-stasjonen og tilbake til hotellet for ein dusj.

    20240225_145846.jpg
    Fotvarming

    20240225_151122.jpg
    Ei nokså lita, men varm kjelde
     
    paron, Liza, Brukernavnet and 16 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Kveldsmarknad i Taipei
    Etter ein dusj var det på tide å bombardera sanseapparatet igjen. Turen gjekk til Raohe Street nattmarknad. Denne nattmarknaden var mykje større enn Ninxia nattmarknad som vi gjesta dagen før. Mykje større!

    Igjen blir det laga alle typar mat rundt oss. Det er grilla blekksprut, flammebehandla kylling, fritert iskrem. Innimellom klede, klokker, smykke, speleautomatar der du kan 'plukka' premien sjølv (det går nesten aldri).

    20240225_194217.jpg
    Reisefølgjet hadde hellet med seg her!

    20240225_200126.jpg
    Banan i potetlefse(?) med kondensert mjølk...
     
    pgaa, kjeeli, Liza and 20 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Igjen er eg dårleg på å fotografera, kanskje må eg prøva å skjerpa meg!

    Like ved nattmarknaden ligg eit lite tempel, Songshan Ciyou:
    20240225_190242.jpg
    20240225_190512.jpg
     
    paron, Liza, Brukernavnet and 16 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Skritteljaren stoppa på 20 000 skritt i dag. Reisefølgjet har gitt bort senga si til premien han vann seg:
    IMG-20240225-WA0005.jpg

    I morgon ventar nye eventyr i ein ny by!
     
    pgaa, kjeeli, paron and 23 others like this.
  15. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,028
    Likes mottatt:
    875,509
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig @Kristian det utrolig kjekt å være med deg på tur!
    Inspirerende å lese!
    Takk
     
    Liza, Sunnfjordingen and Kristian like this.
  16. oddA

    oddA Senior Medlem

    Innlegg:
    923
    Likes mottatt:
    3,240
    Bonuspoeng:
    93
    Nydelig reisebrev sålang! :D
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for at du er med på tur, @Eddie47!
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! :)
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Taipei til Kaohsiung
    Måndag morgon og eg vakna klokka sju. Dagen starta med ein liten joggetur langsmed breidden av Tamsui-elva, berre eit (eigedomsmeklar)steinkast frå hotellet. Det var fint å få rørt seg litt og sett ein del av Taipei som så langt var ukjent.

    20240226_080851.jpg

    Deretter gjekk turen til Taipei hovudjarnbanestasjon. Vi valde lyntoget, TSR, og fekk tak i billettar på ein automat. Automaten påstod med skilt at han tok Amex, men nekta i praksis. Visa fekk brått ein annan lyd då eg vifta med...ja...Visa-kortet.

    På automaten kan du velja mellom å reservera sete i økonomi eller business. Dressmafiaklasse kosta det dobbelte av vanleg bermeklasse, så vi gjekk for det billigaste. Prisen kom på 1 500 taiwanske dollar, eller 500 kr. Turen skulle ta cirka to timar. Neste stopp: Kaohsiung!

    20240226_100236.jpg
     
    pgaa, kjeeli, paron and 22 others like this.
  20. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,310
    Likes mottatt:
    33,887
    Bonuspoeng:
    293
    Men... Da får vi jo ingen rapport fra de eleverte klasser på det toget :(
     
    Earl, holmen, OyvindN and 1 other person like this.

Del denne siden