Dagsutflukt til Kenting nasjonalpark Tysdag morgon starta med ein joggetur langs elva i Kaohsiung. Det var ålreit før frukost, og grei temperatur. I tillegg fekk eg sett byen i dagslys: Music hall i Kaohsiung
Vi hadde leigebil denne dagen, men vi måtte til området ved Lotusdammen (der vi var dagen før) for å finna Avis-kontoret. Ofte ligg leigebilkontora ved HSR-stasjonane og ikkje i bysentra. Å få ut leigebilen var greitt, men litt omstendeleg med papirarbeidet. Då alt var signert og bilen var inspisert for skrammer og bulkar, så byksa vi ut på vegen. Trafikkbiletet rundt Kaohsiung var overkomeleg og vegane fine. Målet var altså Kenting nasjonalpark, knappe to timars køyretur sørover mot Taiwans sørlegaste område. Vi hadde ikkje planlagt denne dagen særleg godt og det 'straffa' seg. I etterpåkloksapens lys skulle eg kanskje heller brukt tid i Kaohsiung for å m.a. gå på buddhamuseum m.m. I staden vart det vel mykje køyring, men dagen vart slett ikkje ille, altså!
Første stopp vart det sørlegaste området i Taiwan. Her ligg Eluanbi fyr og eit naturområde med same namn. Det var ikkje mykje særeige ved akkurat denne delen av Taiwan, men det var varmt med ein fin havbris. Fyrlykta Sørkinahavet
Berre eit kvarters køyretur unna Eluanbi ligg Kenting skogrekreasjonsområde. Her er det samlingar med ulike tresortar, som kan vera interessant. Det er ein del stiar i området, både over og under jorda. Palmehaven? Stalagmittar Utsikt mot Eluanbi og fyrlykta
Delar av Kenting nasjonalpark ligg innanfor evakueringssonen rundt det lokale atomkraftverket, men heldigvis måtte vi ikkje evakuera:
Klokka gjekk fort og vi måtte gjera vendereis etter dette. Vi hadde altså i realiteten tre timar i nasjonalparken, noko som er altfor lite, men vi hadde altså ikkje gjort eit godt nok stykke førehandsarbeid. Sånn sett burde vi ha avbestilt leigebilen og heller brukt tida i Kaohsiung før avreise vidare til Tainan. Vi leverte leigebilen tjue minutt før Avis-kontoret stengte. Ei skjebnesvanger feilnavigering (frå mi side) i eit motorvegkryss medførte ein halvtimes ekstra køyring på slutten, men det gjekk bra likevel. Ingen mopedistar vart skada på denne køyreturen
Etter å ha levert leigebilen tilbake til Avis, så vendte vi nasen til neste stopp: Tainan. Her skulle vi sova før nokre timar i byen på dagtid. Det vart lokaltog, ei reise som tok ein halvtimes tid: Sidan vi leverte bilen seint og vi åt mat før vi hoppa på toget, vart det seint før vi nådde fram til hotellet i Tainan. Vi valde å planleggja morgondagen i staden for å gjera byen utrygg.
Overnatting: Tainan: FX hotel Hotellet vårt ligg ganske sentralt i Tainan. For 700 kr per natt synst eg rommet er ålreit. Det er stort, her er sofa og ein hest med sølvfat og hyller. Badet er òg greitt, men der har eg rota så bilete manglar...
Ein føremiddag i Tainan Tidleg på morgonen tok eg meg ein joggetur i nærområdet, kort sagt Anping rundt. Her kunne eg følgja ein kanal heile vegen, noko som reduserer lyskryssmengda. Sola var ikkje heilt oppe då eg byrja runden Dette er 'Den store lykkefisken' Det er nokså frodig her I eit grannelag fann eg blosterpotter på trestammane Ringen var slutta — med sol
Kan hende var det sola, kan hende varmen? Eg følte i alle fall at eg likte Tainan betre enn Taipei reint visuelt, sjølv om byane sånn for eit utrent blikk (som mitt) kanskje er ganske like å sjå til, reint arkitektonisk og estetisk. Eit litt atypisk hus i Tainan Endå eit atypisk hus i Tainan Utsikten frå hotellrommet Eitt av dei mange templa i byen (og landet)
Etter frukost tok vi turen til Chimei museum. Sidan det var onsdag, så var museet stengt, noko vi visste om. Reisefølgjet ville ha eit bilete av bygninga som i seg sjølv skal vera ei etterlikning av eit gresk palass. Innhaldet i museet er vestleg kultur, men det får andre eventuelt inspisera. Vi hadde tatt lokaltoget til Chimei og tok det tilbake til Tainan sentrum. Der surra vi litt med bussane, men til slutt kom vi oss til Anping fort som nederlendarane etablerte på andre halvdel av 1600-talet. Fortet i seg sjølv er ikkje så spennande, men det kan vera ein og annan suvernir å henta i området rundt.
Tida nærma seg for å ta farvel med Tainan, men vi rusla litt rundt først. Mellom anna vandra vi gjennom Shennong street, som er ei slags handlegate som er koseleg, men òg litt i det øvre(?) prissjiktet. Gata er i alle fall ganske så koseleg: Overalt i Taiwan er det skuterar. På vegane, på parkeringsplassane, i gangbanane, på fortaua: Eit gatebilete frå Tainan
Til slutt gjekk vi innom Snail alley, eit nabolag med tronge veiter der det bur folk og ligg nokre kaféar. Ikkje mykje av dette var ope i dag, men det kan vera ein triveleg og roleg plass å oppsøkja om ein vil.
Frå Tainan til Sol-måne-sjøen Vi tok så ein drosjebil frå FX hotel til Avis-kontoret ved HSR-stasjonen utanfor Tainan sentrum. Dette for å spara tid. Turen på ein halvtime kom på 400 taiwanske dollar (del på tre for å få norske kroner). Deretter køyrte vi litt over ti mil til Sol-måne-sjøen der vi skulle overnatta i Yuchi. Det var mørkt då vi kom fram, men det gjekk fint. Vegane var gode og trafikken roleg. Her fekk vi oss eit ålreit måltid til ein norsk hundrelapp før vi tok ein tidleg kveld:
Overnatting: Sol-måne-sjøen i Yuchi, Timing House Vi fann ein plass med totalt fem rom. Ikkje alle har vindauge, ei heller mitt. Likevel verka rommet ålreit og kosta knappe 700 kr for éi natt.
Overnatting: Sol-måne-sjøen: Timing house Dette var ikkje eit hotell, men eit gjestehus. Totalt er det fem rom, tre av dei er vel utan vindauge. Prisen var ikkje så ille, rundt 600 kr per natt. Det var mogleg å bu dyrare. Rommet var ålreit med eit juksevindauga.