Det går nedover med alt, blir det sagt. I alle fall i utforbakke. Men det kan då gi noko fint å kvile netthinna på, det òg:
Og rett framom sjølvaste Freddie Mercury driv den oppveksande generasjon med vill stuping ut i Lac Léman (når dei ikkje dyttar kvarandre), heilt utan respekt for sjølvaste Freddie Mercury:
Litt om tog i Sveits Det er Den sveitsiske jarnbanen, SBB (www.sbb.ch) som driftar butikken her. Dei er stort sett pålitelege og har hyppige avgangar. Dersom du veit kvar du skal reise og ikkje minst når, er det mogleg å spare ganske mykje på å bestille via Internett eller app på førehand. For ein bonussankar er det kanskje relevant å ha i bakhovudet at American Express er godkjent betalingsmiddel både på Internett hos SBB og på betalingsautomatane på stasjonane. Så vidt eg veit må billett vere kjøpt før ombordstigning, men dette har eg ikkje sjekka (altså å handle billett hos konduktøren). Toga som eg har prøvd har vore komfortable. Diverre ingen loungar på stasjonane, men eg har sett F-klasse (eller 1. klasse) på svært mange tog. Eg er usikker på fordelane då eg berre har reist i arbeidarklassen (ev. 2. klasse). Kort sagt: Sveitsiske tog er heilt ålreit!
Du er da i Suisse romande, dvs www.cff.ch (som, vel, jo, ok, tar deg rett til www.sbb.ch ). Loungene forsvant for et par-tre år siden pga lite bruk. Hadde de hatt IF i Sveits hadde det sikkert sett annerledes ut... Helt enig! Takk for flott reisebrev så langt!
Takk for triveleg tilbakemelding. Berre heimreisa som er igjen no. Langhelger tar innmari brått slutt!
Litt svada frå heimreisa Dagen starta klokka halv åtte med tannpuss og så roleg marsj bort til togstasjonen. 0815-toget skulle ta meg til Zürich flughafen med estimert ankomst kl. 1048. Billetten vart kjøpt dagen i førevegen og kosta rundt 400 norske kroner og var omtalt som ein såkalla 'Super saver'. Med andre ord var eg låst til éin spesifikk avgang. Ein fullprisbillett ville ha kosta nærmare 650 kroner, men då kunne eg ha tatt kva for tog eg ville og avbestilling ville ha vore mogleg. Heilt standard setegruppering på dette toget. I tillegg gratis trådlaust Internett (du får tilgangskode sendt per SMS, farta er ålreit til sørfing) og 2x straumuttak per fire sete.
Tog og språk Den første timen har all annonsering på dette toget frå Lausanne til Zürich skjedd på fransk. No, ved Grenchen Süd var det brått slutt med det, her var det tysk som fekk alle rettar. Dette seier jo litt om kor fleirspråklege folk her er når slike språkskifte skjer. Apropos fleirspråkleg: YLE Lappi (distriktssendinga til den finske statskringkastaren i det høge nord) har eit nyheitsmagasin på ettermiddagane. Programleiaren snakkar finsk, men innslaga kjem på norsk, samisk, finsk og svensk -- heilt utan omsetjing. Det er med andre ord forventa at lyttarane forstår fire språk! Ein kan bli imponert av mindre...
Blokkert midtsete hos SBB? Heilt sidan Lausanne kl. 0815 i dag tidleg har eg hatt ei gruppe med fire sete heilt for meg sjølv. Anten har eg sterk kroppsodør, elles har eg fordelar hos SBB som eg berre kan drøyme om hos SAS... No er toget på Zürich hauptbahhof, Zürich flughafen er neste stopp.
Meir om tog og språk På eit tidspunkt gjekk grammafonplata med stasjonsannonsering til helvete. Dermed har sjåføren eller konduktøren sjølv gitt informasjon. Her ved Zürich hauptbahnhof kom det først info på tysk med opplysningar om korresponderande tog og info om dei neste haldeplassane. Deretter info på fransk som berre opplyste om at vi no var i Zürich. Til slutt på engelsk om at toget no stoppa i Zürich og at det går vidare til flyplassen. Etter avgang frå Zürich hauptbahnhof fekk SBB tydelegvis sveiva i gang grammofonen. Igjen tysk først, deretter fransk. Begge med info om komande haldeplassar. Til slutt engelsk med info om at toget går til flyplassen. Så her bør ein faktisk følgje med på alle språka for å ikkje gå glipp av informasjon... EDIT Ved ankomst ZHR annonserte grammofonplatedama først på tysk, så på engelsk og til slutt på fransk. Eg blir forvirra av standardane her!!!
Swiss senator lounge ZRH Her er det smekkfullt, men dei har sjokolademousse!!! Og dei har iskrem!!! Reisebrevet leggjast daudt (eller på is) ei stund framover:
SAS melder om 20 minutts forseinking... Nei og nei! Må eg vere her på ZRH lengre? Og så får eg attpåtil mindre tid på OSL? Dette er ikkje til å halde ut... Kanskje eg må ta ein is til? Og litt boblevatn (nei, ikkje taffelvatn!)...
SK842: ZRH--OSL (B737-800) Tidenes merkelegaste ombordstigningsprosess her på ZRH i dag. Sjølv møljeboarding på Gardermoen framstår som ryddig i samanlikning. Første del av ombordstigninga kom eg veeeeldig dårleg ut av: Då var det berre rom for personar som hadde med seg kosedyr og personar med grått hår. Neste gong blir min pingvin Olav med for det kan tydelegvis sikre meg mindre tid blant bermen! Neste del av ombordstigninga var for dei med boardingsone A og B. La meg her få opplyse om at det ikkje står boardingsone ein einaste stad på mine ombordstigningskort. Forvirrande! Vel, eg tok sjansen på å gå om bord og gjorde rett. No ramlar det på med berm her. Brrrr....