Reisebrev: SAS pluss versus SJ premium pluss (Oslo--Trondheim)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 30. jan 2023.

  1. Flyingdutchman

    Flyingdutchman Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,754
    Likes mottatt:
    23,547
    Bonuspoeng:
    183

    Jeg startet en Interrail tråd her inne i sommer. Det gikk overraskende bra.

    Er spesielt glad i nattog, mye bedre enn å stå opp midt på natta for å rekke er fly til Oslo for å rekke er møte som starter kl9.

    Skal bytte fly i Oslo og reise videre til TRD. Skal nok fly over deg underveis.
    God tur videre!
     
    Kristian liker dette
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Innsjekk osv. (fly vs. tog)
    Som vi alle veit er det mange små etappar på ei flyreise, der nesten alle inneber køproblematikk (til ein viss grad).

    Først skal ein snuska til seg eit transportmiddel, gjerne med bytte, mellom husdøra og flyplassen. Deretter skal ein levera bagasje og få ombordstigningskort. Vidare er det tryggleikskontrollen. Så sit ein tett i tett i loungen. Deretter står ein ved ombordstigninga og blomstrar. Vidare får ein skubba seg veg forbi bermen inn på flyet. Til slutt, etter å ha sige ned i flysetet, må ein venta på at plebeiarane og sjåføren er ferdige med sitt. For ikkje å snakka om når ein skal av!

    Då eg kom til togstasjonen no så var det roleg og køfritt. Eg kunne gå om bord i framste vogn heilt åleine. Det skal seiast at det var eit elendig loungetilbod der på spor 15 i tigerstaden, men det gjekk greitt. Ei heller var det nokon som tafsa på meg under påskot av å stoppa terrorisme.

    For å ta eit sidespor: eg hadde ikkje vorte lei meg om ein kjekkas, etter å ha utveksla samtykke begge vegar, hadde tafsa litt, men det er som sagt eit sidespor og her er det best å sporveksla seg sjølv tilbake i trygge (jarn)vägar...

    Så når ein har dumpa ned i togsetet sitt, så kan ein laga seg eit bol og bli der i mange timar. Det er jo litt fint, eigentleg. Samstundes, har ein dårleg tid, altså 'bråttom', så er tog i overkant langtekkeleg, men relativt stressfritt her i 'premium pluss'....

    20230130_160829.jpg
    Vetlehamar i det fjerne
     
    kjeeli, kaijoar, Sonictravel and 16 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, eg skyr pysjamasfly som pesten (om eg kan)! Alle flyavgangar før 0830 er definert (i mitt hovud) som 'pysjamasfly'...

    Takkar! Eg skal prøva å få heile toget til å vinka til deg der oppe i lufta!
     
    Flyingdutchman liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Intermesso frå Gudbrandsdalen
    For mange år sidan tok eg dagtoget frå Trondheim til Oslo. Godt nede i Gudbrandsdalen var det ein passasjer som brukte utestemme per mobiltelefon, så heile vogna fekk med seg kva som vart sagt.

    På eit eller anna tidspunkt må utestemmepassasjeren ha fått spørsmål om kor han var i verda. Svaret var: Æ nærme mæ Norges største telefonkiosk, hø-hø-hø!

    Ulukksaleg nok var nok personen i andre enden av telefonen både tungnem og tunghøyrt, så 'Norges største telefonkiosk' vart sagt på ny og på ny -- med stadig sterkare volum. Vitsen var like artig for for høglytte passasjer som skratta godt òg etter den tiande repetisjonen av ordet 'telefonkiosk'.

    Til slutt var vel vitsen likevel oppbrukt, for med eit oppgitt sukk stønna vår høglytte medpassasjer fram 'Ringebu. Æ e på Ringebu...'...

    20230130_170020.jpg
    Kveldslys over Ringebu
     
    kjeeli, kaijoar, Sonictravel and 12 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Eg har høyrt snakk om folk som med bil har gjort unna turen frå Tromsø til Oslo meir effektivt enn med fly. Mest truleg ganske ulovleg fart heile vegen... Og det er mogleg at eg har vorte lurt trill rundt...
     
    Last edited: 30. jan 2023
    holmen, Earl and Flyingdutchman like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ytterlegare servering (mot betaling)
    Ved middagstid vart eg litt svolten igjen. SJ har ein meny som tilsynematande skal ha eit lokalt preg, men pølse, burger og pizza dominerer delar av menyen. Les meir her.

    Eg gjekk for ein Tolga-pizza (tydelegvis frå Østerdalen, sjølv om vi var i Gudbrandsdalen). Han var god på smak, passe stor og metta. Rett nok vart prisen nærmare 200 kr for pizza og Solo (ja, eg drikk som eg (ufrivillig?) lever (#avsporing))...

    Ein kunne kanskje ha forventa at eitt måltid frå restauranten var inkludert i ein togbillett til 1 899 kr, men det er tydeleg at det er setet ein betalar for, ikkje så mykje meir.

    20230130_172450.jpg
    Pizza frå Tolga...
     
  7. Flyingdutchman

    Flyingdutchman Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,754
    Likes mottatt:
    23,547
    Bonuspoeng:
    183
    225F048A-CF7E-4DDB-AC58-7CF2E5ABDA6C.png

    Like før sk368 fyres opp, så måtte finne ut hvor du er i løypa. Skal vinke nedover i 19:20-tiden tipper jeg.
     
    paron, holmen, themichael and 3 others like this.
  8. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,426
    Likes mottatt:
    8,028
    Bonuspoeng:
    183
    Godt å se svenskene leverer, men må si jeg synes de kunne spandert litt mer mat enn den smålige lakse-wrapen for såpass mye kroner... men er vel som du sier det er setet og plassen du betaler for. Riktig god tur videre over Dovrefjell og oppover :)
     
    kaijoar and Kristian like this.
  9. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,828
    Likes mottatt:
    21,955
    Bonuspoeng:
    293
    1899,- må jo sies å være en noe stiv pris ..
    Eller?
     
    Kristian liker dette
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Litt meir om setet
    Som sagt er setet breidt (eller så er det eg som er smal? (#snikskryt???)) og då eg såg setet kom følgjande tekstlinje til meg:
    Æ har fire fine lænestola,
    og en gammel parasoll mot sola,
    beste tomta i by'n!
    -- Du e heljdig, du Ola!
    Royal Garden legg på motsatt side
    og skjærme' for slakteriet,
    polet, politistasjon' og ræstn i tå' jorda!
    (Ola Uteligger)

    Setet er godt å sitja i. Og ja, det er ein lenestol. Digg for ein ettermiddagstur med toget. Eg synst det er fint å kunne bikka seg litt tilbake etter å ha ete middag, i alle fall av og til. Det fungerte utmerka her!

    20230130_191949.jpg
    Fullt utstrakt hjå SJ

    Det er nok akkurat dette setet som SJ nord tar seg ganske godt betalt for. No kunne eg ha kjøpt ein ikkje-refunderbar billett og slik sett spart rundt 500 kroner på kjøpstidspunktet, men akkurat då, ei veke før avreise, var eg usikker på både dato og klokkeslett. Fleksibilitet kostar!
     
    kjeeli, Sonictravel, RoadKing and 9 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det var nok eit veldig riktig tidspunkt for kl. 1935 stoppa toget på Berkåk!
    Screenshot_20230130_193409_Flightradar24.jpg
     
    Eddie47, paron, themichael and 3 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, absolutt! No betalte eg denne prisen for fleksibiliteten si skuld i tilfelle det oppstod endringar. Som nemnd i førre innlegg trur eg at eg kunne ha kome unna med 1 299 kr (hugsar ikkje nøyaktig pris), men då utan sjans på refusjon.
     
    Flyingdutchman liker dette
  13. braathens safe

    braathens safe NN

    Innlegg:
    486
    Likes mottatt:
    530
    Bonuspoeng:
    93
    10 ekstra poeng for benklærnes dessin & coleur.
     
    Kristian liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Pro et contra (konklusjon)
    Kva er så best av SAS pluss og SJ premium pluss? Det kjem sjølvsagt an på mange ting, men toget vinn soleklårt på setet, men pris og tidsbruk er to store ulemper.

    Nesten 2 000 kroner for eit godt sete og fleksibel billett er kanskje det det skal kosta, men eg hadde vore meir nøgd om eg betalte for ikkje-refunderbar billett til rundt 1 300 kroner. Då kan toget konkurrera med SAS på pris (rett nok mot pluss pro).

    Den inkluderte wrapen var god, og mykje meir innhaldsrik enn det SAS tilbyr. I tillegg kan SJ by på lefser, sjokolade, kaffi, kakao og te som ein kan forsyna seg fritt frå gjennom heile turen.

    Tidsmessig kjem toget seint... kremt... sist...øh... dårlegast ut. Du må ha tid til å bruka nesten sju timar frå Oslo til Trondheim, men du slepp unna alt sikkerheitskontroll, kø og skrot som flyplassar gjerne medfører. Så tog medfører kanskje større grad av kvilepuls.

    Konklusjonen for min del er at eg denne gongen betalte for mykje, men at eg gjerne tar SJ nords 'premium pluss' igjen, men då til den ikkje-refunderbare prisen. Då er det verdt det -- om eg har tid!

    20230130_203827.jpg
    SJ på Heimdal
     
    Last edited: 30. jan 2023
    kjeeli, Thomas123, Earl and 16 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Rødt er søtt! Er det ikkje det dei seier? :rolleyes::)
     
    Eddie47 and braathens safe like this.
  16. Brukernavnet

    Brukernavnet EBD

    Innlegg:
    451
    Likes mottatt:
    3,640
    Bonuspoeng:
    93
    Via Sverige er det 1740 km å kjøre. Hvis vi legger inn mye tid før og etter 2+ timer flytid og sier 8 timer totalt må bilen holde en gjennomsnittsfart på 217 km/t. Vil påstå det er relativt usannsynlig, selv på svenske veier :p

    Men kanskje hvis flyturen var TOS-ANX-BOO-BNN-TRD-AES-BGO-OSL :rolleyes:
     
    Earl, OyvindN, indahla and 2 others like this.
  17. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,028
    Likes mottatt:
    875,509
    Bonuspoeng:
    293
    Du glemte å ta bilde av Brumunddal.. der bygde jeg mitt første hus og der ble mine to yngste født ..
    Den eldste ble født i Gryllefjord ..
     
    anders82 and Kristian like this.
  18. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,168
    Likes mottatt:
    15,473
    Bonuspoeng:
    183
    Forfatterens evne til gjøre de enkleste ting ( i dette tilfelle togreiser) til eventyrfortellinger som bare leses er en gave til oss alle!
    Ved en annen anledning er kanskje R12 verdt en beskrivelse også? Der er riktignok bare et tronsete, bak en låsbar dør, men der er flere sofagrupper hvor det sporadisk kan oppleves spontan lagbygging.

    Atter en gang takk for trivelig reportasje :)
     
    Earl, Eddie47, Kristian and 4 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Lokføraren hadde det travelt, så eg rakk det ikkje. Neste gong!
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for følgjet og varmande ord! Eg tør ikkje lova noko om R12, men ei heller skal vi vel utelukka noko som helst? :)
     
    Earl and Berlioz like this.

Del denne siden