Vel framme på hotellet ved flyplassen. I morgon blir det tog vidare til Mombasa.
Etter maten vart det omlag 4,5 time med soving før eg vakna for ein matbit før landing.
Elles gjekk immigration veldig greit. SkyTeam Elite har eigen kø, men det vart uansett ikkje sjekka noko status. Ikkje det at eg er statuslaus.
Etter ei toalettvitjing bar det til bagasjebandet og hente kofferten. I Kenya står visst alle HEILT inn til bagasjebandet. Leggane skal helst berøre bandet. Eg fekk kofferten til slutt og valsa ut der hotellet si skyssteneste venta på meg. No skal det sovast!
Last edited: 01. mai 2025