Overnatting i Warszawa: Hotel Metropol
Sentralt, like ved sentralbanestasjonen i den polske hovudstaden, ligg Hotel Metropol. Av dei variantane eg såg på før avreise kom denne greitt ut prismessig og eg kan gå til alt eg ønskjer å sjå. Storbyar utforskar eg nemleg helst til fots.
Prisen på krypinnet kom på tre tusen kroner for fire netter, inkludert frukost og etterfylling av flaskevatn (fordi vatnet i springen ikkje skal drikkast).
Ein etterslengar om serveringa:
Eg har frukost inkludert og utifrå det eg såg i serveringssalen i dag må du vera bra sær i matvegen for å finna noko ganen din ikkje tykkjer om.
Kortversjonen er vel kontinental frukost med nokre polske innslag (dei eg prøvde (skal ikkje forsøka meg på stavemåtar) var absolutt etande). Her blir ein mett og vel så det!
Så får det berre vera at eg alltid ser etter grovbrød og brunost, men det er nok heller mitt sneversyn snarare enn kokkens og hotellets feil...
Nokre ord om bråk:
Rommet eg fekk ligg i andre etasje. Lydane frå trikkane som køyrer forbi og elles trafikkbiletet utanfor er tydelege (hugs, folkens, at eg bur i Aust-Finnmark), men godt dempa og ikkje særleg til sjenanse.
Det er òg ein del lydinnslepp frå korridoren utanfor rommet, slik at høglytt prating kan bli eit irritasjonsmoment, men eg trur alle har forstått at det er best å snakka lågt og ikkje stå ute i gangen og hyla mot kvarandre.
Kort sagt er det ganske så stille her på bruket, og litt bystøy må ein nok rekna med.
Last edited: 23. okt 2022