Reisebrev: WOW i WAW?

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 22. okt 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Første dag i Warszawa: Nokre observasjonar
    I løpet av denne dagen har eg merka meg ved eit par ting.

    For det første er det ikkje lett alltid å finna inngangsdøra. For to av museuma gjekk eg rundt heile kvartal før eg fann fram. I det eine tilfellet var inngangsdøra bak eit lite innhuk frå hovudgata -- utan skilting. I det andre tilfellet var inngangsdøra inne bak eit gittergjerde inn til kunnskapsdepartementet. Mogleg eg er småblind, altså...

    For det andre er det svært mange ukrainarar her. Polen har tatt i mot store mengder flyktingar frå grannelandet og overalt på gata rundt meg høyrer eg ukrainsk i tillegg til russisk og polsk. Krigen er ikkje langt unna. Det er umogleg å ikkje tenkja på, i alle fall for meg. Måtte Russland sporenstreks stoppa krigshandlingane og trekkja seg tilbake!

    20221023_142942.jpg
     
    Last edited: 23. okt 2022
    Finnks, oggaman, geddi and 18 others like this.
  2. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,475
    Likes mottatt:
    886,353
    Bonuspoeng:
    293
    Amen!
     
  3. Gribb

    Gribb Senior Medlem

    Innlegg:
    511
    Likes mottatt:
    1,218
    Bonuspoeng:
    93
    Jeg skal til samme by på lørdag allerede, så hvis det ikke plager forumet så kan jeg fint lage et kort reisebrev og i tillegg til å legge en liten trip-report til tråd om LOT.
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Andre dag i Warszawa: To museum
    Som ein kollega seier: Ny dag, nye nedarlag. Vel, på ferietur er det lite å hengja med surleppa for. Dessutan kom ein kamerat nedover for å hjelpa til med å gjera WAW hakket meir utrygg enn kva eg maktar på eiga hand.

    Stasjonsmuseet (Stacja muzeum)
    Nettstad: https://stacjamuzeum.pl/en/

    Dagen starta på jarnbanemuseet. Her finst det ei innandørsutstilling med nokre modelltog osv., men hovudattraksjonen er alle lokomotiva ute, visstnok den største lokomotivsamlinga i Europa. Dei polske statsbanake brukte damptog i vanleg drift til litt utpå 1990-talet...

    20221024_125331.jpg
    Eit litt futuristisk lokomotiv, men frå 1940-talet

    20221024_123120.jpg
    Somme lokomotiv er svært veldhaldte

    20221024_122813.jpg
    Store saker

    20221024_122036.jpg
    Kjekt med artilleri på lokomotivet
     
    kjeeli, phileas, Spielhaug and 14 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Warszawaoppstandsmuseet (Muzeum Powstania Warszawskie)
    Nettstad: https://www.1944.pl/en

    Då sovjetiske styrkar i 1944 var på frammarsj vestover, byrja tyske styrkar å trekkja seg tilbake. I Warszawa såg då polakkane sitt snitt til å 'hjelpa' tyskarane med å finna vegen ut av byen.

    Polakkane håpa på alliert hjelp for å få alle tyske okkupasjonsstyrkar ut av Polen, men det skjedde ikkje fordi stormaktene hadde fordelt Europa seg i mellom og bestemt at Polen skulle inngå i sovetisk interessesfære.

    Stalin stoppa framrykkinga då Warszawamotstanden tok til. Han meinte at det var best at polakkane og tyskarane fekk gjort seg ferdig på eiga hand, med det håp for auga at det ikkje var att polakkar etterpå.

    1. august 1944 gir Heinrich Himmler ordre om at alle i Warszawa skal drepast. Tyske styrkar skulle ta livet av rundt éin million menneske; menn, kvinner og ungar. Det er her snakk om det polakkane ser på som eit folkemord.

    Kjelde: Store norske leksikon.

    20221024_132633.jpg
     
    kjeeli, geddi, cooolcatz and 12 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    20221024_151939.jpg
    Warszawaoppstanden, 1944

    'Deira fridom er vår fridom. Warszawa kjempar' står det på plakaten. Underforstått: Dersom Warszawa blir ufrie, blir og vi andre ufrie.

    Det er vanskeleg i desse dagar å ikkje sjå parallellar til krigen i Ukraina. Slik eg ser det vil eit ukrainsk nederlag vera eit alvorleg trugsmål mot demokrati og fridom i heile den vestlege verda.

    Det var tidvis vondt å gå rundt inne på Warszawaoppstandsmuseet fordi mykje av det som blir vist fram der skjer no i dag, ikkje langt unna. Russiske styrkar har gjennomført fælslege krigsbrotsverk nett slik nazistane under andre verdskrigen. Kvifor er vi menneske så grufulle?

    Når det er sagt, museet er stort (og populært). Vi skjønte ikkje rekkjefølgja på utstillinga heilt før mot slutten. Etter å ha sett første etasje, skal ein opp i tredje etasje, før andre etasje og kjellaren eventuelt til slutt. Då blir kronologien rett.
     
  7. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,475
    Likes mottatt:
    886,353
    Bonuspoeng:
    293
    Takk @Kristian
    Alltid spennende med dine reiser, du oppsøker mye som jeg aldri hadde kommet på!
     
    themichael and Kristian like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Andre dag i Warszawa: I den jødiske ghettoen
    Før andre verdskrigen budde det neste 400 000 jødar i Warszawa, dek utgjorde rundt regna ein tredjedel av det totale innbyggjartalet i byen.

    Då Nazi-Tyskland okkuperte delar av Polen vart jødar samla i éin del av byen. På det meste budde det rundt ein halv million jødar i denne ghettoen. I 1942 var rundt 300 000 jødar deportert til gasskammera berre frå ghettoen i Warszawa.

    I 1943 gjorde jødane opprør mot massedeportasjonane. Opprørtet vart til slutt brutalt slått og resten av jødane vart sendt til sitt livs endestasjon.

    I dag er det ein god del minnetavler og slikt igjen i området som ghettoen låg i. Det er mogleg å oppsøkja desse om ein ønskjer.

    20221024_114744.jpg
    Ein rest av muren som omgav ghettoen

    20221024_160004.jpg
    Éi av fleire minnetavler i ghettoen

    20221024_162505.jpg
    Minnesmerke over heltane i ghettoen
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for at du slår følgje :)
     
  10. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,924
    Likes mottatt:
    35,101
    Bonuspoeng:
    293
    Nesten litt fælt å trykke like på disse innleggene.
     
    OyvindN, Gribb, Earl and 4 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Andre dag i Warszawa: Nokre glimt frå dette og hint
    Den polske hovudstaden har både storslåtte og ruvande bygningar. Gatene er, utanfor gamlebyen, breie og rette, nett som Trondheim, altså. Samstundes er ein at mykje er bygd opp igjen etter krigen i dei stilartane som då var populære. Ei god blanding, altså.

    20221024_104404.jpg
    Sa nokon vindaugevask?

    20221024_112129.jpg
    Kultur- og vitskapspalasset, bygd 1955

    20221024_165441.jpg
    Nasjonalbiblioteket

    20221024_171724.jpg
    Torget i gamlebyen (igjen)

    20221024_173951.jpg
    Polske pirogar (pastaputer fylt med f.eks. kjøt)
     
    Finnks, kjeeli, SVG_flyer and 15 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Det kan eg forstå, men for meg er det er vanskeleg å ikkje tenkja på at det er 400 km til den ukrainske byen Lviv herifrå, og då tek eg med desse momenta her i reisebrevet. Og krig er berre vondt.

    For verdas og fredsæle russarars skuld, og ikkje minst for Ukraina, vonar eg på snarleg maktbyte i Kreml, men Putin, som av russisk opposisjon lenge (rundt 10 år) har gått under namnet (Vladolf) Putler (samansmelting av (Vladimir og Adolf samt) Putin og Hitler) ser ut til å klamra seg godt fast i roret på den skakkøyrte skuta si enn så lenge.
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Tredje dag i Warszawa: Tre museum
    På siste heile dag i den polske hovudstaden vakna eg til solskin ute. Det vart eit par museum denne dagen, òg.

    Warszawa bymuseum (Museum Warszawy)
    Nettstad: https://muzeumwarszawy.pl/en/

    Historia om Warszawa by er lang og tidvis dramatisk. Bymuseet som ligg i gamlebyen er omfattande. Her er alt frå arkeologiske funn til dyre klokker knytt til byen.

    Midt i klokkesamlinga dukka det opp ein guide som fortalde oss om dette og hint. Her kom det fram at Polen framleis venta på erstatning frå sine 'tyske vener' etter andre verdskrigen osv., osv. Infofmativt, sjølv om formatet var litt anekdotisk, men anna er ikkje å venta på så kort tid.

    20221025_114512.jpg
    Utanfor bymuseet

    Museet er vel verdt eit besøk, men førebu deg på at museet er innhaldsrikt!
     
    Last edited: 26. okt 2022
    SVG_flyer, paron, Gribb and 9 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Jødisk historisk institutt (Żydowski Instytut Historyczny)
    Nettstad: https://www.jhi.pl/en

    Neste stopp vart eit forskingsinstitutt som tar føre seg eit minnearkiv som vart etablert og administrert inne i den jødiske ghettoen i Warszawa under andre verdskrigen.

    Her finst det ei fast utstilling som viser delar av arkivet og ikkje minst ein 10 minutt lang stumfilmsnutt som viser unike biletemateriale frå ghettoen under krigen. Dei første scenene i filmen viser ungar som smuglar mat inn i ghettoen og korleis ein nazioffiser slår ein gutunge til blods. Slutten viser førebuingane til ei massegrav. Frå vogge til grav i ghettoen...

    Jødisk historisk institutt må ikkje forvekslast med det jødiske museet. Eg synst det historiske instituttet var verdt eit besøk for å bli kjent med litt av arkivmaterialet frå ghettoen.

    Det var frå ghettoen i Warszawa at ein fekk rapportert ut til verda somme av dei første meldingene om massedrap på jøder. I 1942 vart på nokre månader rundt 300 000 jøder sendt til utryddingsleiren Treblinka berre frå Warszawa-ghettoen. BBC radio vidareformidla rapportane frå ghettoen om i juni same år.

    20221025_135051.jpg
     
    kjeeli, paron, Gribb and 8 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Kosmosmuseet (Cosmos muzeum)
    Nettstad: https://cosmosmuzeum.pl/

    Ein tur inn i illusjonanens verd vart det òg tid til. Cosmos museum er ganske lite og kanskje ikkje verdt pengane, men det er spennande å få sine logiske evner oppfatta, så det var ei ålreit avrunding av museumsbesøka, spør du meg.

    Screenshot_20221025-160712_Gallery.jpg
     
    paron, Gribb, Flyingdutchman and 7 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Tredje dag i Warszawa: Nokre glimt frå dette og hint
    Warszawa er ein fin by å vandra rundt i, synst eg. Det er fullt av minnesmerke og anna å festa blikket på.

    Til dømes, ved ulica generala Martina ligg eit minnesmerke for kampane ved Monte Cassino i Italia i 2. verdskrigen. General Martin leia dei polske styrkane i desse blodige kampane mot tyske styrkar. Titusenvis av liv gjekk tapt dei månadene kampane varte i 1944.

    20221025_123457.jpg
    Monte Cassino
     
    kjeeli, paron, Gribb and 9 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    På tre heile dagar i Warszawa har eg, ifølgje telefonen, tilbakelagt cirka 90 000 skritt. Det har gått heilt fint! Det er jo alltids noko å sjå på så for min del har dette vore heiot overkomeleg.

    20221025_090229.jpg
    Kultur- og vitskapspalasset med omeign

    20221025_094534.jpg
    Bymuren ved gamlebyen og kongepalasset

    20221025_113818.jpg Utsikt over torget inne i gamlebyen
     
    Finnks, kjeeli, paron and 10 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    20221025_180616.jpg
    Eplekake med is til dessert i dag

    20221025_203910.jpg Kultur- og vitskapspalasset i kveldsmodus
     
    kjeeli, SVG_flyer, paron and 12 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Nordover frå WAW: Etappe 1: Hos Chopin
    Togturen frå Warszawa sentrum til Chopin-flyplassen (WAW) tok litt over 20 minutt og gjekk heilt i rute. Vel framme var både prioritert innsjekking og hurtigkø gjennom tryggleikskontrollen effektiv. Frå togperrong til Oneworld-lounge tok det vel eit lite kvarter, tenkjer eg.

    20221026_112146.jpg
    WOW på WAW?

    Vel, no gjekk ikkje turen rett til loungen, det er jo alltid litt kjekt å sjå seg om på flyplassen før ein trør trynet fullt av fôr. Utvalet av butikkar er ikkje kjempespennande, men dei har ei sjappe med polske delikatessar. Her raska eg med meg litt sjokolade til folket nordpå.

    20221026_111314.jpg
    Polske mat- og drikkevarar
     
    kjeeli, paron, Gribb and 10 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,913
    Likes mottatt:
    41,553
    Bonuspoeng:
    293
    Finnair business gir tilgang til to loungar på WAW:
    - 1) Preludium i kjellaren
    - 2) Fantazja rett over

    Begge loungane stilte med omtrent det same av mat og er vel på nivå med eller litt under innanriksloungen SAS har på Gardermoen. Sidan ein her i utlandet får annan mat, så er det jo litt meir spennande.

    Så skal det seiast at som følgje av denne ulukkelege forelskinga (omtalt i tredje post i dette reisebrevet) er ikkje matlysta mi på topp og difor er nok mi vurdering av mattilbod prega av nett dette.

    Okke som, Fantazja framstår som meir tiltalande med tanke på sitjeplassar og ikkje minst dagslys. Preludium i kjellaren hadde hakket kvassare servering, men nokså stusselege sitjeplassar, spør du meg.

    20221026_123942.jpg
    OH-LKI, 15 år gamal, E190

    Ombordstigninga gjekk effektivt og sete 1D var ledig. Eg tok sjansen, @Eddie47! Vi er forseinka ut frå WAW, noko som har redusert mellomlandingstida mi på Vantaa (HEL) frå 45 minutt ned til mogleg berre 15 minutt. Eg håpar det går bra!!
     
    Finnks, SVG_flyer, paron and 12 others like this.

Del denne siden