Nokre generelle tankar om Warszawa
Denne posten blir verken utfyllande eller veldig presis, men eg har gjort meg nokre tankar om den polske hovudstaden som kanskje kan vera til nytte for andre som vil gjesta byen. Her kjem det nok til syne at eg har vore farga av fordommar, men det er jo viktig å få slikt korrigert!
Bystøy: Tidlegare har eg i ein del austeuropeiske byar opplevd støy frå trafikk som nokså forstyrrande. Det er tydeleg at bil-, buss- og trikkeparken er fornya og opererer stillare enn 'i gamle dagar'. Det gjer at ein kan gå ved sidan av ei åttefelts trafikkert bygate og likevel kunne snakka med innestemme til folk rundt deg, til dømes.
Fotgjengarars kår: I Noreg er vi vant til at bilane alltid stoppar ved fotgjengarfelt. Det er ikkje sjølvsagt ute i Europa der eg føler at fotgjengarar meir er eit mål enn noko ein må stoppa for. I den polske hovudstaden stoppa alle bilar for oss fotgjengarar, utan unnatak! Slikt skapar tryggleikskjensle når ein er ute og går.
Opningstider på museuma: Nesten alle musea har minst éin dag i veka der dei er stengt. Samstundes har dei gjerne òg éin dag i veka der inngang er gratis. I tillegg kjem gjerne minst éin dag med langope. Det kan difor løna seg å kartleggja opningstider og gratisdagar i forkant. Her tilrår eg alle å sjekka dei polskspråklege nettsidene til musea fordi eg meiner å ha sett manglande samsvar mellom opplysningar gitt på polsk og engelsk.
Inngangsdører: Somme museum og andre plassar har sine inngangsdører svært godt gøymt. Dei kan vera bak ein søylefasade eller i eit innhuk bak eit hjørne. Alternativt er tre dører langs ein husvegg ikkje bruk, så ein må gå til den einaste døra inn i lokalet som faktisk lar seg opna og lukka. Dette føler eg er svært typisk for austeuropa, men det kjem kanskje av at bygninga ikkje er hundre prosent tilpassa dagens bruk.
Språk: Polsk er eit vestslavisk språk, men har ein del likskapar med ukrainsk som er austslavisk. Norsk er eit vokaltungt språk, medan polsk kviler tungt på konsonantane. Overalt vart alle samtalar med meg initiert på polsk. Sidan eg ikkje kan språket, så svarte eg stort sett tilbake på engelsk, så då slo dei fleste om, men i mange tilfelle fekk eg svar på polsk i lag med ein del gestikulering som hjelpte meg i retning av det eg hadde behov for.
Pengar: Polen er ikkje interessert i å gå inn i eurosamarbeidet, så her er det zloty som gjeld. Av ein eller annan grunn, mest truleg tufta på fordommar utan særleg grobotn noverande røyndom, tok eg ut 500 zloty på flyplassen, men overalt kan ein betala med kort og alle brukar kort heile tida. Til og med Amex kan ein bruka mange stader, men pengeinnsamlarane til tiltak i det krigsråka Ukraina tek berre i mot kontantar, men dei er ikkje kresne på kva for valuta du puttar i kassa.
Folk: Eg opplevde alle polakkar som venlege. Sørvisnivået er ikkje lenger austeuropeisk, i alle fall stort sett ikkje. Du blir møtt med eit smil og ei helsing (på polsk, sjølvsagt). Ikkje ved eit einaste tilfelle følte eg meg utrygg, sjølv ikkje etter at mørket kom på kvelden. Iskrembaren på Nowy Swiat hadde svært austeuropeisk sørvis der all kommunikasjon skjedde med einstavingsord frå ho bak disken, ho bjeffa berre, men isen var god og eg synst det nesten var litt sjarmerande. Alle held litt avstand (nokså stor intimsone, slik vi er vant med heimanfrå), men eg vil tru at det er smart å tenkja på at ein er i ein storby. Det var ikkje mange tiggarar på gata, men nokre var det, då eg snakka lett avvisande til dei på norsk gav dei gjerne fort opp.
WOW i WAW? Den polske hovudstaden har overraska positivt. Eg visste ærleg talt ikkje heilt kva eg gjekk til, men byhistoria på 1900-talet heng tett i hop med den europeiske historia i same tidsrom. I tillegg er det ein triveleg by å gå rundt i. Etter mitt ringe syn er alt i gangavstand, men eg ser at eg har klokka inn 30 000 skritt per dag i byen, totalt 90 000 skritt på tre dagar, altså rundt 60 km.... Okke som, stikk til Warszawa, eg trur du får ein fin tur!
Last edited: 27. okt 2022