God aften frå Sunnfjord. Det er jammen travelt med laurdag og sundag. I dag har eg passa på ungane medan madammen gjorde seg klar for festmiddag (er det normalt med over 2 timar på badet før ein tek ut?), samt var på festmiddag. Nyvaska ungar sov godt då ho kom heim. Eg brukte tida medan eg fekk yngstemann til å sove på å booke egotripp OSL-CPH-LAX og SFO-CPH-OSL i mai. Alt i business. Eg har vore med på å skaffe fiskeoppdrettarar oppdrettskonsesjonar, so no håpar eg at madammen vil vise seg å ikkje vere vanskligare å ha med å gjere enn kva Fiskeridirektoratet er.