Då er det omsider underskrivne sin tur til å reise på sommarferie. Excelark og epostar er pakka vekk, og eg er klar for å fly litt. Ungar og madammen er reist i forvegen. Dei vitjar eit søskenbarn av ho i El Nido på Filippinene. Det vart litt styr med å finne bonusbillettar til BGO heimover, so SVG vert avreiseflyplass denne gongen. Vestlandet må jammen vere populært når det er lettare å finne bonusbillettar med AF i C til ICN enn SAS i øko til BGO. Jaja. I dag skal eg fly SVG-CPH-CDG-ICN. To fyrste legs med SAS X, deretter AF C i A350. I motsetning til @Ololsen fekk eg ikkje valgt sete verken via app, nettside eller telefon, so det blir 6D på meg til ICN. Førebels utan sidemann. No sit eg og ventar på at North Sea Lounge skal opne slik at eg kan få dagens andre frukost ned i systemet.
På plass i 11A på fyrste etappe. Lite loungetid der. Blir å gå rett vidare til gaten for flight vidare til CDG. Er reisebrevet blitt dagstråd?