Stuttfeiten does Tokyo

Tråd i 'Reisebrev' startet av Stuttfeiten, 04. aug 2016.

  1. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Stuttfeitens First Class Terminal experience.

    Eg fikk ein varm velkomst av ei smilande Helga. "Welcome Sir, you must be Mr. Stuttfeiten? How was your Porsche Excitement?"

    Sikkerhetskontrollen gjekk kjapt, fyrste gong eg har sett berre smilande fjes på vektarane i ein slik.

    IMAG0930.jpg

    Så fekk eg omvisning av Helga, og ei kjapp innføring i kva som skulle skje og korleis grensekontrollen ville bli. Eg spurte om det ville bli Viano til flyet, og Helga såg oppriktig lei seg ut når ho svarte "I'm afraid there are a few more traveling on this flight" Ho såg nok at underleppa mi skalv litt, for ho skunda seg å love at ho skulle legge inn eit ønske med køyrekontoret.

    "Håpet er det siste som døyr" tenkte eg og gikk bort til Lisa i baren. "Ich möchte gern Champagne bitte" og så var vi i gang.

    IMAG0934.jpg

    Buffet og meny var den samme som i loungen i terminal A. Og no fekk eg smake på det eg ikkje rakk tidlegare på dag.

    IMAG0935.jpg

    Helmuth Kohl (eller er han vandra vidare?) sat i cigarloungen heile tida mens eg var på terminalen. Ca 2,5 time. Trur han holdt liv i samme cubanaren heile tida. Ellers var det god plass og lett å finne seg ein stol.

    Det gjekk maks fem minutt mellom kvar gong nokon kom før å fylle glaset eller høyre om det var noko dei kunne gjere for meg. Eg vurderte å sende fax til ein eller annan, men fann ikkje igjen nr til MegaDo hotellet i Athen i farten. Kjenner ingen andre som har fax, så det vart ein kjapp dusj i staden. Dusjromma er på størrelse med garderoba i symjehallen der eg gjekk på skule, og fullt utstyrt med alle slags såper, morgenkåpe og tøfler. Men der er ikkje badekar.

    IMAG0936.jpg

    Måtte tørke meg kjapt og pakke ender i veska, for det nærma seg pick-up-time. Ein siste stopp i baren med Lisa for to siste glas champagne. Ho kunne fortelle at dei straks skulle rulle ut ei ny badeand i forbindelse med OL, og eg fekk grine meg til eit eks. Overrakte så helsing frå The Duckboys (and there was much rejoicement) og så var Helga på plass: "Mr. Stuttfeiten? My colleague Dennys is ready with your Porsche downstairs. Shall we get the small matter with the border police out of the way?"

    IMAG0943.jpg

    Vianos from here to eternity... ^^

    Og med det var Stuttfeiten sitt opphald på FCT over for denne gong. Ein vakker dag skal eg innom der igjen!
     
    wilhelm, LineE, Outback_Oggy and 16 others like this.
  2. CrotchRocket

    CrotchRocket Fernweh...

    Innlegg:
    1,446
    Likes mottatt:
    8,847
    Bonuspoeng:
    183
    Haha...nydelig. Lisa er hyggelig.

    Du kunne sendt fax til suite 912 på The Peninsula. Den har egen faxmaskin, må vite.

    Du må ta deg en tur til:
    - Shibuya. Det ikoniske gangfeltet. Ser det er en dokumentar på NRK.no som omhandler dette "Shibuya crossing"

    - Akihabara, også kjent som Electric Town
     
    Stuttfeiten and Upsaker like this.
  3. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,029
    Likes mottatt:
    875,518
    Bonuspoeng:
    293
    Det er mulig jeg litt forvirra og har jetleg og samtidig er litt døgnvill ..,
    Er det noe feil i kronologien her?
    Stuttfeiten? Hva er rekkefølgen?
     
    Stuttfeiten liker dette
  4. Helikopter

    Helikopter Medlem

    Innlegg:
    245
    Likes mottatt:
    272
    Bonuspoeng:
    63
    Elsker den setningen der.
     
    Stuttfeiten liker dette
  5. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Ja, det er til dels store og alvorlege kronologiske manglar her. Var opptatt med champagne og slikt på reisedagen så eg havna litt bakpå med rapportskriving. Prøvar å ta meg frampå igjen når eg set meg ned innimellom. Trur det gjenstår berre flyturen FRA-HND no. Kanskje i kveld om eg blir kasta ut av dagens restaurant tidleg... :)

    Eit lite mellommåltid før middag..

    1470478827130437913075.jpg
     
  6. kiev

    kiev Mr Fasttrack

    Innlegg:
    1,370
    Likes mottatt:
    5,076
    Bonuspoeng:
    183
    Eddie: slike rapporter blir alltid best når de skrives etter innfallsmetoden. Velkjent grep fra mange filmer der man hopper i tidslinjen ;)

    Tokyo er en av mine absolutte favorittbyer, og de har en del unike ting å by på. Jeg bruker vanligvis å dra gjester ned til fiskemarkedet. Det er morsomt grytidlig på morgenen, men hvis senere på dagen (og det skjer jo...) så dra innom den gamle knivsjappa. Utrolig butikk, og morsomt å se gamlefar sette opp kniver. Ikke mye maler og måleverktøy der nei...
    https://foodsaketokyo.com/2010/02/15/japanese-knife-shops-in-tokyo/
    (Edit: det er selvfølgelig snakk om Masamoto som er den første i listen...)
    Har etterhvert noen slike kniver, og det finnes trolig ikke bedre verktøy. Toppknivene ligger fort på 3-5000kr, mens en god kniv i rustfritt ligger på 5-600kr. Husk å ta ut nok penger på postkontoret i nærheten. Kredittkortalderen er ikke kommet hit enda :oops:
     
    mathiasfe and Stuttfeiten like this.
  7. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Shibuya står på lista ja, var nesten i nabolaget i dag, men kom ikkje heilt fram.

    Akihabara skal eg sjekke opp, takk for tipset!
     
  8. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,029
    Likes mottatt:
    875,518
    Bonuspoeng:
    293
    Riktig det, men i min døgnvillhet lurte jeg på om jeg hadde gått glipp av noe ....
    Har egentlig nok med å følge med hva jeg driver med og få det i riktig rekkefølge, nå har jeg en avtale med Ming Court (2*) for Dim Sum om 25 min ... har nettopp kommet fra dusjen ....

    Det er varmt som f ... her i byen ...
     
  9. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Klok av skade så gjekk eg ikkje ut åleine i kveld. Fikk ein fortreffelig middag, og reisefølget koste seg med sjøgras.

    IMAG1107.jpg
     
    AndersWE, geddi, Outback_Oggy and 9 others like this.
  10. Tore

    Tore Milehunter Offisiell Representant Admin

    Innlegg:
    5,202
    Likes mottatt:
    114,844
    Bonuspoeng:
    350
    Helt fantastisk Stuttis, rapporten blir faktisk enda morsommere på nynorsk.
     
    Baldrick and Stuttfeiten like this.
  11. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Eg lurar på om ikkje eg gjekk forbi denne butikken i går. Tenkte ikkje på å stikke innom, men skal ha det i tankane om eg kjem meg opp like tidleg i morgon. Knivar får ein aldri for mange av.

    IMAG1088.jpg

    Eg spaserte i retninga bildet er tatt, om du kjenner deg igjen: ligg den butikken like bak meg på hjørnet?
     
  12. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Frankfurt flughafen, gate Z23, kl 17:41 4.august:

    Stuttfeiten stig ut av heisen, tar farvel med Dennys, og går ombord. Det kjendest heilt uvirkelig å stige inn på flyet, og var heilt umulig å ikkje smile bredt då eg vart vist inn til venstre og fram til setet.

    IMAG0951.jpg

    Det var full F-kabin i dag, men det tok vi ikkje så tungt. Prøvde å konversere litt med naboen, ein ung asiatisk herremann: "Hei, eg heiter Stuttfeiten, kor mange poeng måtte du ut med for denne herligheta?" Men han berre smilte, og eg vart nervøs for om han er ein av dei som faktisk betalar penger for noko slikt. Eg sjekka billettprisen den dagen eg bestillte CT-billetter, og då kosta ein veg FRA-HND €9300 (rundt 89000 NOK den dagen). Heldigvis vart den mislykka konversasjonen avbrutt av sjefen for F denne turen, Diana. Ho serverte champagne (Louise-02) og kalde macadamia-nøtter.

    IMAG0955.jpg

    Kapteinen vår denne dagen heitte Dirk, og han var opptatt med viktige saker. Men styrmannen (som eg ikkje huska namnet på) kom rundt før take-off og hilste. Han kunne fortelle at dei venta ei flytid på 9t 40min og pga dette kunne det bli ein del turbulens på vegen. No er ikkje eg flygar, men det blir gjerne litt risting om ein nærmar seg lydmuren innimellom? Litt ujamnt føre vart det, men ikkje noko ubehagelig. Det var ein kjempetur, og kabinpersonalet gjorde ein strålande jobb synest eg (uten å ha tidlegare referanseturar i F å samanlikne med). Litt trist sjølvsagt at vi landa som opplyst lenge før rute. Turen kunne gjerne ha vart ein time lenger. Blir lett til at ein kosar seg når det luktar roser på dass.

    IMAG0957.jpg

    Til kaviaren var det Tattinger og Grey Goose (fyrste gong eg har smakt fransk vodka). Så var det nokre runder med frustrasjon over FlyNet som ikkje funka (og eg som hadde så masse viktig å rapportere om akkurat då). Trur det var eit innlegg som gjekk gjennom, elles var det berre krøll så eg gav opp.

    IMAG0967.jpg

    Legg merke til at som i alle gode turrapportar er her bilde av menyen:

    IMAG0992.jpg

    I tillegg har eg sikkert 150 bilder av skyer og solnedgang, på ein vanleg flytur blir det kun ca 20-30...

    Hadde meg ein spasertur rundt i flyet mens Diana gjorde klar køya mi. Tok heile runda, og var ein tur på toalettet heilt bak. Der var det ville tilstandar midt på natta. Stod i kø i lag med eit par lettare bedugga unge herremenn. Eg veit ikkje om det var kombinasjonen av pysjen eg hadde på og anda eg hadde med, eller berre at eg var i overkant høg på pæra, men dei nekta å ta bilde av meg då eg spurde.

    IMAG1009.jpg

    Helt om natta og helt om dagen, og alle heltar må ha ein skikkelig frokost.

    IMAG1014.jpg

    Rett før frokostservering kom styrmann rundt igjen og sjekka at vi hadde hatt ein fin tur. Han kunne også informere om at vi hadde med oss ein hornblåseorkester frå Bayern som var på veg til konsert i Tokyo, og at desse skulle spele eit par schlägers bak i bussen til frokost. Om vi skulle slumpe til å høyre rare lydar var det altså ingenting å stresse seg opp over. Bose rules! Eg høyrde aldri noko.

    Delvis skya og opphaldsveir når vi nærmar oss.

    IMAG1023.jpg

    Landa trygt på Haneda ein time og fem minutt før rute trur eg (noterte ikkje minuttet). Der vart eg møtt og geleida gjennom både immigrasjon og toll, før eg fekk fiksa lomme-wifi og metro-kort på kun kort tid. Tommel opp for personleg assistent på flyplassen. Dette vil vi ha meir av :)

    Eg hadde meg ein opplevelse for livet denne dagen, Lufthansa leverte virkelig til forventningane mine og endå litt til. Mulig det er andre flyselskap som serverar betre mat, eller har finare champagne, men eg heldt på å kose meg glugg ihjel. Er ikkje rart at folk vel å bli rockestjerner når dei kan reise på denne måten. Eg ser virkelig fram til turen heim via Seuol/Frankfurt/Zürich på tirsdag og onsdag med to nye flytypar for min del + endå ein tur i LH F.
     
    Chrisbgg, AndersWE, Bizflyer and 20 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,659
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk for alt du har rapportert så langt! Kjempeartig å få vere med på tur :) Og at tidsaksen er alineær er berre artig :D
    Eitt av fleire moment som eg flirte høgt av :D Meir! Meir!
     
  14. kiev

    kiev Mr Fasttrack

    Innlegg:
    1,370
    Likes mottatt:
    5,076
    Bonuspoeng:
    183
    For mange kniver?
    Når det finnes skjønnheter som dette i håndsmidd Damask med håndtak av Ibenholt og enhjørningshorn? Ingen kan vel stå imot noe sånt?
    image.jpg

    Ja, jeg tror det er rett bak til høyre mellom noe gatekjøkken. Gamlefar pleier å dra noe sjokkselgere ut på fortauet med ymse graps, f.eks Wasabi-rasp laget av haiskinn. Totalt unyttige greier. Kan ikke fatte hvem som kjøper slikt. (Ahem :oops:)
    Da er postkontoret der man kan ta ut lokale pesetas på medbrakt SAS Amex på hjørnet rett frem til venstre.
    Men ta dette med en klype salt. Jeg har horribel retningssans. En gang jeg gikk ombord på en A330, så holdt jeg neste på å ta til høyre!!!
     
  15. Robert H

    Robert H Senior Medlem

    Innlegg:
    675
    Likes mottatt:
    2,109
    Bonuspoeng:
    93
    Puh - og jeg som trodde det bare var jeg som surra igjen.. :) Men som litterært grep bidrar litt tidsforskyvning bare til enda større troverdighet i reiseskildringen - ofte er det nettopp denne følelsen av at tid og rom ikke oppfører seg helt som normalt som gir en ekstra morsom dimensjon til reiseopplevelsen.

    Konge! Angrer litt på at jeg ikke valgte det livet.. :cool:

    Forøvrig: Helt sjef rapport. Fortsett slik - dine skidringer gir stor leseglede og reiselyst. Tror samtidig at du kanskje har valgt et nick ("Stuttfeiten") som ikke yter deg full rettferdighet: Rosebildet fra badet i LH F kan tyde på at du ikke akkurat kan skryte på deg noen champagnemage..;)
     
    Last edited: 07. aug 2016
    Stuttfeiten liker dette
  16. kiev

    kiev Mr Fasttrack

    Innlegg:
    1,370
    Likes mottatt:
    5,076
    Bonuspoeng:
    183
    Fortsetter litt på knivreklamen.
    Hvis man er litt interessert er det bare å plugge inn Tsukiji Masamoto i Google Maps, så kan man vandre inn i butikken i 3D view. Og med nedlastet kartsegment i telefonen er det er VELDIG mye lettere å finne frem når man vaser rundt i smugene der.
    De negative japanske kommentarene om dårlig service er ikke noe å bry seg med. Tipper de aldri har reist SAS for eksempel ;)
     
    Guden and Stuttfeiten like this.
  17. Edvard

    Edvard 一期一会

    Innlegg:
    4,174
    Likes mottatt:
    11,214
    Bonuspoeng:
    183
    Gullfisk i boken for å ha på mansjettskjorte når du er ute og loffer i Lufthansa First.

    [​IMG]
     
    Larata, LineE, Outback_Oggy and 11 others like this.
  18. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Dagens andre frokost , rett ved Tsjukiji fiskemarkedet.

    IMAG1170.jpg

    Vi var tidleg oppe i dag igjen og har surra rundt i fleire timar. T-bane i Tokyo i rush-hour er ein opplevelse i seg sjølv :) Greit å vere nydusja ja.

    Fyrste frokosten var på Hilton Shinjuku. Vart anbefalt av resepsjonen i går å ete i andre etasje i staden for loungen eller restauranten i fyrste. Frokosten i andre er kun for oss med juksegull eller høgre i HH, og er ein av dei bedre hotellfrokostane eg har hatt. No kan eg ikkje kommentere brødet , for det smakte eg ikkje. Men alt anna var heilt flott. Ei avd. med japansk mat, ei med brød og alskens pålegg og salater, og så ei lita avd med varm mat. Kokken som steikte omelett fascinerte meg veldig med teknikken sin. Det var som om steikepanna dansa i hendene på han, olje som spruta og brann, skikkelig show og nydelig omelett.

    Har sikkert bra frokost dei andre plassane også, men eg anbefalar å ete i andre etasje om du kan. Så får eg prøve frokost i lag med riffraffet i morgon kl.5 før avgang til HND. Kjenner at eg må reise masse meir dette året før gullkorta som eg statusmatcha meg til begynner å gå ut :)
     
    geddi, Bizflyer, LineE and 11 others like this.
  19. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,440
    Likes mottatt:
    18,532
    Bonuspoeng:
    183
    Siste kvelden...

    IMAG1235.jpg

    IMAG1255.jpg

    Farvel Tokyo!
    IMAG1257.jpg

    Må bli tidleg i seng i kveld. Fyrste frokostsjans er kl 05:00 så eg satsar på to kjappe glas brut og ein omelett, avreise 05:05 og at eg er på flyplassen seinast 06. Burde kunne halde med tid til andrefrokost på flyplassen.
     

    Attached Files:

    AndersWE, geddi, Outback_Oggy and 7 others like this.
  20. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,029
    Likes mottatt:
    875,518
    Bonuspoeng:
    293
    .... og en tredje frokost på flyet ...
     
    Stuttfeiten liker dette

Del denne siden