Stuttfeiten does Tokyo

Tråd i 'Reisebrev' startet av Stuttfeiten, 04. aug 2016.

  1. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,178
    Likes mottatt:
    869,702
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for en herlig tur ...
    Er selv tilbake i Hansa-land :)
     
    Stuttfeiten liker dette
  2. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen takk for rosande ord alle sammen! Eg set stor pris på responsen, og de har vore svært trivelege medpassasjerar. Det har vore ei glede å dele turen med dykk.

    Eg trur ikkje nokon slags tur i LH F kan vere bleik. No har eg med to turar eit noko tynt statistisk grunnlag, men eg ligg i alle fall med ein eventyrfaktor på 100% :)
    Det blir nok eit år til neste gong eg reiser F, CT er vel ikkje i boks igjen før april/mai neste år. Men vi snakkast heilt sikkert på MegaDo i september, sjå etter han som virrar rundt med store auge.
    Takk takk, og ja, eg rakk flyet. Fin tur med Helvetic, fikk ein god 2. frokost og turens siste glas rødvin.

    Har sjekka inn hos slekta på Romerriket og sove 12 timar i natt. Gjorde godt før turen heim til vest i morgon. Skal prøve å poste litt meir fullstendig om turane heimover i løpet av dagen.
     
  3. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Tokyo-Seoul, 9. august.

    Så var dags for heimreise. Eg vakna svært tidleg som eg gjorde alle 4 dagane i Tokyo og hadde god tid til å lese/dusje/pakke/sjekke ut før dagens fyrste frokost på Hilton. Eg hadde tenkt å ta ein taxi til flyplassen, men resepsjonisten overtalte meg til å ta transferbussen frå hotellet som skulle gå 05:15. Frokostserveringa starta klokka 5, så det var akkurat tid til ein kjapp frokost. Grovbrød, blåbærsylte og bananyoghurt er sikringskost og skulle forhåpentligvis gjere magen i stand til utfordringane som venta.

    Transferbussen var ein heilt grei måte å komme seg til flyplassen på. Turen tok ein god time, og der er ein del stopp på andre hotell inne i Tokyo før ein stuper ned i tunnellen og gjer unna mykje av turen under bakken. Store vindauge gav sjansen til å ta meir bilder. Nedanfor trudde eg at eg fekk med eit fly på himmelen også slik at det skulle bli eit skikkelig "planes, trains and automobiles" bilde. Det vart altså berre nesten. Ein annan gong skal eg ta meg tid til også å reise med tog i Japan.
    IMAG1264.jpg

    Innsjekking gjekk som ein draum. Skrankene hadde faktisk ikkje opna når eg kom, og vi var 6-7 stykker som stod i kø framfor biz innsjekk med ANA. Men personalet var på plass, og som gamal korporal frå Hærens samband var eg imponert over presisjonen der dei stod oppstillt framfor skrankene. Eit pling i høgtalaranlegget, så bukka personalet djupt til dei ventande passasjerane, og 30 sekund etter var eg sjekka inn. Og deretter sette eg kursen mot ANA lounge. Der vart eg helst velkomen av Han Solo og Chewbacca.
    IMAG1266.jpg

    Loungen var nesten tom når eg kom, men etter 10-15 minutt var den begynt å fyllast opp. Eg sikra meg orkesterplass og gjorde meg klar til dagens andre frokost. Utvalget i mat var ikkje det største, men det dei hadde var veldig godt. Og med god utsikt var dette ein frokost "to die for". Betjeninga var veldig hyggelege og hjelpsomme. Fekk låne eit adapter for lading av telefon mot å låne vekk boardigkortet mitt til resepsjonistane.

    IMAG1267.jpg

    Tida gjekk fort og det var tid for boarding for flight NH861 til Seoul Gimpo. Dette var fyrste turen min i ein 777 (var bytta frå 200 til 300 ER) og eg hadde valgt sete 9A for å få god utsikt til den enorme motoren :) Eg gjekk inn heilt framme og fekk sjå meg rundt i fyrste klasse også (fekk dessverre ikkje tatt bilder då eg hadde henda fulle).
    IMAG1270.jpg

    IMAG1274.jpg
    Kor mange kubikkmeter luft sug ein slik inn på eit sekund? Ein kan stappe ei gjennomsnittleg hytte frå den norske fjellheimen rett inn i den der utan problem :)

    IMAG1271.jpg
    Knyttneve-test: check!

    Det var push-back 7 min etter tid, og masse fint å sjå på veg til rullebana. 1180 km til Gimpo, og eg gleda meg stort.
    IMAG1291.jpg

    Fin utsikt over Tokyo, og eg trur (ta denne med ei klype salt for eg er ikkje sikker) vi ser Mt. Fuji i bakgrunnen?
    IMAG1301.jpg

    IMAG1312.jpg
    Til frokost vart det servert laks, ein fisk som smakte sild og så ein pate av eit eller anna slag. Fett nok i alle fall. Men Stuttfeiten har aldri takka nei til champagne-frokost. Frokost nr 3 denne dagen. Laksen var kanskje ikkje heilt på topp, men blåbærmuffinen smakte heilt supert! Det var også varme klutar like etter take-off + før og etter måltidet - veldig behagelig og ekstra stjerne i boka til ANA for dette.
    IMAG1313.jpg

    Turen gjekk fort, og vi landa litt før tid trass i nokre minutt sein avgang. Dette passa meg ypperleg sidan eg skulle vidare frå Gimpo til Incheon før dagens høgdepunkt skulle starte.

    Edit: Beklagar, eg rota litt, det var ikkje på HND eg vart sendt gjennom sikkerhetssjekk for crew, det var på INC, meir om det seinare.
     
    Last edited: 13. aug 2016
    Mbj, Baldrick, Insomnia4u and 9 others like this.
  4. Outback_Oggy

    Outback_Oggy You'll Never Walk (or Fly) Alone

    Innlegg:
    468
    Likes mottatt:
    1,749
    Bonuspoeng:
    93
    Jeg antar du mener Mt. Fuji - for du er bra langsynt om du så helt til Fiji... :p
     
    geddi, Baldrick and Stuttfeiten like this.
  5. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    I stand corrected, takk for den :) Jorda er trass alt rund ja.
     
  6. NorFlight

    NorFlight Senior Medlem

    Innlegg:
    1,305
    Likes mottatt:
    2,436
    Bonuspoeng:
    113
    Takk for en fanastisk tur, med strålende skildringer!
     
    Stuttfeiten liker dette
  7. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Eg tok egentleg ein råsjans når eg bestillte turen; sjekka ikkje transfertid mellom GMP og INC, men tekte at litt over 3 timar burde gå. Det gjorde det også, men eg var litt svett i panna ei stund. Hadde etter tips her på forumet tenkt å ta Arex, og fann ein minibank for å ta ut pengar til billetten. I automaten vart det ein del krøll. Den engelske menyen var litt begrensa, og det skjedde eit eller anna krøll. Feilmeldingane som kom var stort sett på koreansk, og sjølv om eg hadde tatt ut kortet som eg fekk beskjed om, så blinka det lys og tuta lydsignal. Og ingen pengar kom. Til slutt kom der ei kvittering på koreansk der det einaste eg kunne tyde var 20000 som svarte til antal won eg prøvde å ta ut. Men ingen pengar kom, og automaten gjekk i svart med beskjeden "out of service". Så litt grusk i barten og med begynnande panikk toga eg inn i banken ved sidan av og lurte på kvar pengane mine var :)

    Ei hyggeleg dame oversatte kvitteringa for meg: "forsøk på uttak av 20000 won mislykkast pga feil". Så med personleg assistent fekk eg tatt ut pengar frå ein av dei andre tre minibankane på veggen utanfor banken. Eg fekk også tips om å ta buss i staden for Arex, det ville ta omtrent samme tid, og mykje mindre gåing til/frå banestasjonane. Så det vart KAI limousine service i staden. Denne bussen gjekk frå busstopp 7, like utanfor ankomsthallen (eg gjekk ut, tok til venstre, og stoppet var 30-40 meter frå utgangsdøra). Bussbilletten kosta 7500 won, så eg håpar organisasjonen som samla inn pengar i ei gigantisk globus-sparebøsse på INC brukar resten av minibankuttaket mitt til noko fornuftig. Bussen hadde veldig gode seter, med mykje betre beinplass enn på ein biz flight i Europa, og vi køyrde faktisk forbi og i frå eit Arex tog på vegen.


    IMAG1324.jpg
    Eg var imponert over kor "strigla" alt var. Midtrabattar, veggrøfter... alt var velholdt, reint og fint. Til og med ugraset var velfrisert. Det var begrensa kva eg såg frå vindauget på bussen, men det vesle eg fekk sjå fristar meg i alle fall til å besøke byen. Eg var litt sein til å ta bildet under, men den steinmuren imponerte meg litt. Eg er frå Vestlandet, og om det er noko vi har nok av så er det bratte bakkar og flotte steinmurar, men denne her fanga augene mine også.
    IMAG1326.jpg

    IMAG1334.jpg

    IMAG1338.jpg
    Etter ein halvtime +/- eit par minutt ankom vi flotte Incheon, og etter eit kjapt blikk på tavla sette eg kursen mot innsjekkingsområde L og Lufthansa sine skranker. Det virka som dei brukte ledig kapasitet på biz og first innsjekk til å ta unna køen i eco (+1 for den), og det stod ein person foran meg i first skranka. Det var då ledig ei skranke i biz og dama smilte til meg og vinka meg bort. Det stod ein vase med roser på disken for first, så eg smilte tilbake, rista på hovudet og peika på rosene. Ho smilte igjen, bukka og vinka meg til seg ein gong til, så med eit lite sukk gjekk eg i biz innsjekk der skranken var kjemisk fri for raude roser. I staden fekk eg eit strålande smil frå ho som sat klar med ei sølv og raudfarga mappe og venta på passet mitt. Eg fekk kjapt boardingkort, loungekort og når eg spurde etter fast track i sikkerhetskontroll fekk eg direksjonar og eit lite kort eg skulle levere frå meg i inngangen.

    Eg satte kursen mot der eg meinte å ha forstått at eg skulle finne fast track, men svinga visst feil. Då kom dama frå innsjekkingskranken etter meg og losa meg fram til sikkerhetskontrollen merka med "Crew Only". Emigration på INC gjekk like fort som immigration på GMP, totalt tidsbruk inn/ut av Sør-Korea ca eit minutt. Har aldri gått så fort på Gardermoen.

    IMAG1346.jpg
    Så gjekk eg straka vegen til Asiana sin First lounge. Den er ikkje så stor, men fin. Mat og drikkeutvalget er ikkje heilt der oppe med LH sine i Frankfurt, men meir som ei vanleg biz lounge. Fritert småkrabbe og kylling i form av ei fritert kjøttkake + div salat, brød og kjeks/nøtter. Baren hadde ikkje det største utvalget heller, men nok til at ein ikkje vansmekta.

    IMAG1339.jpg
    Litt Deep Fried Soft Crab på tallerkenen og musserande i glaset, og så kunne eg nyte utsikta. Eg hadde også tid til å dusje og skifte kle før det var på tide å bevege seg mot gate. Hadde egentlig meir tid i Seoul enn eg trudde eg skulle få. Landa ca 11:00, så litt minibank-krøll før eg kom meg på bussen, og ankomst INC 12:25. 12:50 var eg i loungen til Asiana.
    IMAG1341.jpg


    IMAG1348.jpg
    Hadde selskap i loungen av ein ung amerikansk herremann i shorts som snakka i mobil heile tida, men loungen var stor nok til at det ikkje var forstyrrande. Kosa meg max i loungen denne stunda, og fekk til og med bestillt meg rom på Radisson Blu i Zürich (via Viatrumf sjølvsagt, skal ikkje vente lenger enn høgst nødvendig på neste tur). Eg vart varsla av personalet når det var klart for boarding, og i valget mellom meir musserande i Asiana First Lounge og musserande i andre etasje på LH713, så var det enkelt: tidleg boarding, Frankfurt her kjem eg!
    IMAG1349.jpg

    Edit: Litt trykkleifar + prøvar å legge til ein videosnutt.

     
    Last edited: 11. aug 2016
    AndersWE, geddi, Mbj and 18 others like this.
  8. Edin

    Edin Aktivt Medlem

    Innlegg:
    404
    Likes mottatt:
    747
    Bonuspoeng:
    93
    Nydelig reisebrev fra A til B, via både Æ, Ø og Å.... godt skrevet og tydeligvis godt opplevd. Jeg må bare si at dette er måten å reise F på. Nyte og bruke alt som er tilgjengelig. I rikt monn.

    Jeg er nå 40 000 poeng unna neste F-tur med fruen. Etter denne rapporten blir C med SAS til San Fransisco byttet med LH-F til Tokyo.
     
    AndersWE and Stuttfeiten like this.
  9. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    ICN-FRA, LH713, 9.august

    Av og til må ein stoppe litt og trekke pusten. Eg hadde eit slikt øyeblikk der eg stod heilt åleine på brua frå gate til flyet som stod og venta. Late att auga, berre kjenne på forventningane og vite at no skjer det! And so it began:

    IMAG1351.jpg

    Oliver og Nathalie handhelste på meg når eg kom ombord "Hertzlich willkommen an Bord Herr Stuttfeiten!". Eg vart vist til setet og fekk bekrefta at eg var einaste passasjer i F på denne turen. Eg kunne derfor velge fritt kva sete eg ville ha. Oliver foreslo at eg kunne ta eit sete til å sitte i, eit anna til å ete i, det tredje kunne eg bruke viss eg ville jobbe og så kunne dei lage til seng til meg straks etter take-off i det setet eg ville bruke som master bedroom. Opp med ei hand den som trur at eg gliste stort?

    Eg spurde Oliver om kvar eg ville ha best utsikt over byen etter take-off. Om vi tok av som planlagt meinte han det ville vere eit av A seta, men han skulle for sikkerhets skuld sjekke med kapteinen. Men han ville gjerne servere litt champagne fyrst, raud eller kvit? Så eg plasserte bakenden i sete 1A som eg hadde valgt på førehand og pusta ut etter turen frå loungen. Champagnen kom på bordet, og så sprang Oliver ned for å dobbelsjekke setevalget vårt med kapteinen. Like etter var han tilbake med beskjed om at Kaptein Klaus hadde godkjent valg av take-off sete.

    Straks etter kom Klaus opp for å seie hei og ønskje velkommen. Han informerte om at vi ville bli litt forsinka "pga flygeledarane som vanleg" og at vi kunne vente ein del turbulens etter ca 2,5 time. Sidan det ville vere over Kina var det ikkje så mykje vi kunne gjere for å unngå dette. Eg hadde uansett ikkje nokon bekymringar om at det ville bli ein ukomfortabel tur. Etter at kaptein Klaus hadde gått ned på flight deck kom purseren for å seie hei.

    IMAG1371.jpg

    Det var ein merkeleg stille i kabinen både under take-off og resten av turen. Eg høyrde sjølvsagt motorane, men ikkje som på andre fly eg har vore ombord i. Så snart setebeltelyset var over måtte eg fram for å sjekke toalettet og ta på pysjen. Eg er skråsikker på at det er større enn hybelen eg hadde i fyrste klasse på vidaregåande. Eit halvt fotballag hadde fått plass til å skifte på benken, og der var pissoar. For å verkeleg overbevise meg sjølv om at eg reiste fint, barberte eg meg igjen og vaska eg ansiktet med ansiktspray frå Evian før eg returnerte til setet. Ein har vel vakse opp med duk på bordet heime, og då et ein ikkje kaviar med 12 timar gamal skjeggstubb.

    Då eg returnerte til setet var køya ferdig oppredd, og Oliver var klar til å helle opp meir champagne. Vi vart enige om å prøve litt mat, sidan det var over ein time sidan sist eg hadde ete noko. Dei mjuke krabbane i loungen metta egentleg ikkje så mykje heller. Så maten kom sofort på bordet. Fyrst litt munngodt for å rense bort tannkrem før kaviaren.

    IMAG1377.jpg

    Så ein voksen porsjon kaviar ("Since you are our only guest and the can is open anyway we might as well offer a proper portion. Please let me know if you'd like another one.")

    IMAG1380.jpg

    IMAG1382.jpg
    No er det ikkje så ofte eg har hatt sjansen til å ete meg mett på kaviar, så eg tok Oliver på ordet og bestillte like gjerne ein porsjon til. Deretter gikk eg vidare til kongekrabbe før vi runda av fyrste matøkta med kveite. Og den var knallgod!
    IMAG1383.jpg

    Til dessert valde eg vinsmaking og gummibjørnar. Fann ein god spansk som passa ypperleg. Og så kom Oliver med invitasjon frå kaptein Klaus om eg kanskje hadde lyst på ein tur i cockpit? "Ja, klart det! Ein måtte vere sprø for å seie nei!" "Exactly my thoughts Sir. This is a very rare opportunity, I felt quite certain you would accept. Shall we?" Og så gjekk turen ned. Litt meir om besøket ein etasje ned og ein halv etasje opp igjen fins i ein annan post.

    IMAG1400.jpg
    Etter besøket var det på tide med ein liten cowboystrekk. Ein slik flytur ville eg ikkje sove bort, så eg sette på alarm på fonen for vekking etter ein time. Vakna av meg sjølv 50 min seinare, i panikk. "Har eg forsove meg? Skal vi til å lande? Er det derfor eg vaknar?" Men nei, vi var fortsatt på veg, så etter ein tur på toalettet og endå ei flaske Evian ansiktspray (i ansiktet) var kabinen full av sollys, og eg fekk prøvd meg på eit 360-bilde av kabinen som er posta tidlegare ^^

    IMAG1408.jpg

    Sidan eg hadde sove måtte eg rett på fjerde frokosten denne dagen. Litt raudt i glaset, Hearty Plate og ein koreansk spesialitet, biff og grønnsaksrullar med krydra reker. Det smakte kjempegodt! Ei skål med is og bær var heller ikkje feil. Etter siste frokosten var det begynt å minke på tilgjengelig tid før landing, men eg rakk litt rosa champagne også, ein Comtes de Champagne Rosé Brut 2006 frå Tattinger som ei avveksling frå kjære Louise.

    Siste to timane gjekk fort, og det var på tide å skifte til vanlege kle igjen og pakke sammen saker og ting før landing. Kaptein Klaus landa omtrent midt på rullebana, og det var tydeleg at han har gjort dette før.


    Etter landing gjekk turen ned igjen i cockpit for å ta litt bilder der, takke for turen og ta farvel med dei som trygt hadde frakta oss frå Seoul. Nathalie og Oliver venta utanfor med handbagasjen min då eg kom ut frå cockpit, og eg fekk takke dei begge for fantastisk fin service og for at dei hadde gjort turen til eit eventyr for meg. Purser var også på plass for å ønskje god reise vidare.

    IMAG1427.jpg

    IMAG1428.jpg

    IMAG1433.jpg

    Vi landa så vidt føre skjema, så eg hadde to timar til neste fly til Zürich, men eg orka berre ikkje gå rundt og ut til FCT igjen. Det vart ein stopp i loungen i terminal A i staden. Og der hadde eg det eigentleg heilt fint. Stilt og roleg, og eg sat eigentleg berre og smilte ved tanken av kva eg hadde vore med på. Eg kjende meg som ein skikkelig heldiggris.
     
    Bolle, wilhelm, AndersWE and 28 others like this.
  10. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,757
    Likes mottatt:
    21,957
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for en fantastisk rapport! Jeg har fulgt med fra starten og på veien har jeg funnet ut at det er dette jeg vil :)
     
    Stuttfeiten liker dette
  11. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,664
    Likes mottatt:
    32,511
    Bonuspoeng:
    293
    Vet du hva @Stuttfeiten, Luftwaffe burde kjøpe den der story'n din og ha den som artikkel i magazinet sitt. Bedre reklame for F kan de ikke få.
     
    AndersWE, Robert H, geddi and 9 others like this.
  12. Kjakan

    Kjakan Let There Be Dragons!

    Innlegg:
    1,235
    Likes mottatt:
    950
    Bonuspoeng:
    113
    Det er overhodet ikke tvil om hva mine 200K Eurobonuspoeng m/CT skal gå til etter å ha lest dette! Hørtes ut som en kongetur for deg @Stuttfeiten! Veldig misunnelig!:D
     
    Stuttfeiten liker dette
  13. Chrisbgg

    Chrisbgg Veteran

    Innlegg:
    1,611
    Likes mottatt:
    2,657
    Bonuspoeng:
    113
    Og
    Fantastisk lesning!
    Kanskje Insideflyer kunne klippet den til og lagt på framsiden? Så kan vi lese den enda en gang!

    C
     
    Petter B-C, Kjakan and Stuttfeiten like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Kjempebra fortalt om reisa di, veldig tydeleg at herren har hatt ein litt over middels ok tur i lufta :) Supert at du deler!
     
    Stuttfeiten liker dette
  15. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Eg sel den glatt for to insideflyer-bagtags.
     
    AndersWE, geddi, Mbj and 5 others like this.
  16. Kjakan

    Kjakan Let There Be Dragons!

    Innlegg:
    1,235
    Likes mottatt:
    950
    Bonuspoeng:
    113
    Har en tag som jeg kan trade mot å få legge den som reisebrev på forsiden i alle fall. Deal?
     
    Shyneno liker dette
  17. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Sjølvsagt! Kva som helst for ein av dei mykje omtalte, men sjeldan sette tags :):D
     
    WannaBeFrequentFlyer and Shyneno like this.
  18. Bizflyer

    Bizflyer Veteran

    Innlegg:
    3,818
    Likes mottatt:
    3,024
    Bonuspoeng:
    113
    Herleg heit for ei beskrivning! Eg er heil blåst attende til mi eiga oppleving av LH F mellom Frankefurt og Såul!

    Heilt framifrå! Eg kosa meg glugg med dine herlege beskrivelsar og billete. Du skulle nok har vorte forfattar!

    Nok ei gong hjarteleg takk for at du delte med oss.
     
    Baldrick, Stuttfeiten, Kjakan and 3 others like this.
  19. geddi

    geddi Senior Medlem

    Innlegg:
    1,298
    Likes mottatt:
    3,262
    Bonuspoeng:
    113
    Det meste av gode ord er ytret her, og det med rette. For å ikke bare repetere, så bidrar jeg mer visuelt
    images.jpg

    Og

    team-holding-applause-sign-6343144.jpg
     
    Last edited: 18. aug 2016
    AndersWE and Baldrick like this.
  20. geddi

    geddi Senior Medlem

    Innlegg:
    1,298
    Likes mottatt:
    3,262
    Bonuspoeng:
    113
    Regner med at du har sjekket kontoen din. Dette skjedde meg idag også og pengene er trukket fra konto :mad:
     

Del denne siden