Wrap-up
Ser at eg ikkje har gjort alt heilt ferdig, FRA-ZRH-OSL gjenstår, og så har Google Photo kokt i hop nokre videosnuttar. Så då er det å finne fram notatane frå dei siste to flights. Blir nok litt redigering her, avhengig av kor seint det blir.
LX1077 FRA-ZRH, A321, Business, 2F
Etter ca to timar på bakken i Frankfurt, to glas champagne og eit ukjent antal mineralvatn var det på tide å setje kursen mot The Land of Chocolate and Cheese.
Eg hadde god utsikt frå go'stolen til flyet eg skulle vidare med (nummer tre i rekkja), så alt was timed und tilrettelagt til minste detalj. Fikk også sjå Frankfurter Rettungsdienst hente ut ein pax frå ankomande fly med hjelp av ein bærestol. Om det blir litt for mykje Champagne på neste tur i First, er det greit å vite at der fins løysingar på alt.
Betjeninga i loungen kom og sa frå at det var klart for boarding til Zürich, så eg avslutta opphaldet med litt koffeinhaldig drikke. Hadde også plass i veska til ei ekstra and (til stampen på terrassen, den eg har i stampen frå før er utan Luftwaffe-stempel og godt bleika av sola så den skal skiftast ut), så den gikk ned i med hovudet fyrst. Så tok eg farvel med dei trivelige Frauen i loungen og labba ned trappa og gikk til gate A18.
På dette tidspunkt var eg litt metta på rockestjernebehandling, så eg venta litt bak i priority lane i staden for å vifte med sølvmappa for å tvinge meg heilt fram. Og knapt hadde eg kryssa beina og lent meg oppetter eit rekkverk før eg fekk ein klapp på skuldra. Det var styrmannen frå forrige flight som sa hei. Han skulle heim til familien like utanfor Zürich og vi skulle altså reise i lag endå ei strekke. Eg fekk endå meir inside-info om turnusordningar, skiftplanar og "enhancements". Det var ein kort (287 km i flg Swiss) tur, men veldig trivelig. Vi fekk servert noko som høyrdest fransk ut, mocca-crème brulee (eg er ikkje noko på kaffi utan Baileys), masse ost og sjokolade. Og så fekk eg god rødvin; i valget mellom fransk og sveitsisk valde eg sjølvsagt den lokale (Stuttfeiten si vinprioriteringsliste: 1-Riojansk, 2-Navarransk 3-anna spansk, 4-alt anna, 5-fransk. Og kall meg for all del ein barbar.). På dei maks 35 minutta rakk eg også å få i meg endå ei flaske vatn, gå på do eit sekund før setebeltelyset kom på, og å ta 100 bilder av skyer og raud
himmel.
Vi landa lenge før timeplanen, og det var straka vägen til hotellet. Innsjekk, og så ein tur ut igjen for litt festrøyking i dei komfortable røykesofaene utanfor Radisson Blu på flyplassen i Zürich. Fekk sjekka insideflyer og jobbmail før det bar opp på rommet. Rakk akkurat avslutninga på ei stilig "turnoppvisning" i resepsjonen då eg kom inn igjen. Skikkelig Cirque de Soleil-stil, og kondisjonen og kropsbeherskelsen minnte meg på at eg sikkert hadde teke inn meir enn 15 000 kcal sidan eg stod opp i Tokyo.
Det var derfor heilt greit å komme opp på rommet etter oppgradering å finne eit fruktfat med kun tre bakverk og ein stor sjokolade. Alt anna var rein frukt - reine antioksydantar. Og alt gjekk ned til frokost når eg stod opp midt på natta. Fekk også ei flaske vatn + at eg gratis kunne forsyne meg av alt som ikkje inneheldt alkohol i minibaren. På dette tidspunkt var vi farlig nær midnatt, og eg hadde planar om å stå opp kl 4 for å komme meg på Oslo-flyet kl 06:50. Tannpuss og tisse-lalle-pelle.
Vakna etter skjema og alarm på fonen, dusja, hadde eit flott fruktfat til frokost og sjekka ut. Kom til insjekkingskranken tidleg og vart ståande lenge å vente. Masse irriterte folk, og det stod oppslag på skrankene om at pga omlegging i innsjekkinsystemet til Swiss kunne det bli litt ekstra ventetid. Var uansett sjekka inn og komt til lounge før den opna. Fekk WiFi-passord ved innsjekk i loungen og gikk rett opp i andre etasje i senatorloungen for 2.frokosten denne dagen. Fann meg ein stol rett ved buffeten og sette frå meg veska. Eg la lappen med WiFi-passordet på bordet mellom meg og nabostolen og gjekk for å hente meg yoghurt og rødvin. Ved retur ser eg at lappen med WiFi-passord er borte vekk, og at eg har fått ein ny nabo i stolen ved sidan av. Den dresskledde naboen ofra meg ikkje ein gong eit blikk, sjølv om eg stirra på han heilt til boarding vart opna for flyet til Oslo. Sjekka verken insideflyer eller jobbmail.
LX1210 ZRH-OSL, Embraer 190, Business, 2A men SCM Nicole (Senior Cabin Manager- (eg trudde det heitte CSM: Cabin Service Manager? Greit å ha ein Senior manager om der er ei besetning på 15, men når dei er tre? Finst der då også ein Junior Service Manager? Kva heiter sistemann? Full forvirring!) uansett knall-service!) kom og spurte om eg ville flytte til 1A så snart boarding var completed).
Captain Marco Speaking ønskte oss velkomen ombord og lovde at det skulle regne trollkjerringar ved ankomst OSL. Yay, heim til heimalandet! Eg er ofte skeptisk til bulkhead (har gått meg på nokre smellar tidlegare) og tek derfor ofte rad 2 eller 3. Burde sjekke Seatguru oftare, I know. Men på 190-en var det velsigna god plass til beina for oss som er 180 cm eller høgre over havet. Det vart servert endå meir yoghurt og ost, og sjokoladebrettet gjekk fram og tilbake i kabinen nesten heile turen. Ein kan seie mykje rart om sveitsisk nøytraliet, sveitsisk bankvirksomhet og sveitsiske fotballprestasjonar under OL, men at dei kan å lage lommeknivar, ost og sjokolade er for min del heva over ein kvar tvil. Fekk også ein siste smak på sveitsisk rødvin og 100 fleire bilder av skyer før ankomst Oslo. Og så var det plutselig slutt.
Eg sjekka inn kabinkofferten i Zürich for å ikkje risikere amenitykits frå Luftwaffe i sikkerhetskontollen der, og denne kom fyrst ut på baggasjebandet på Gardermoen. Eg var einaste pax med HON på tag-en, så med tanke på miljøvern og gjenbruk har eg no lakka denne med blank neglelakk og lagt den i utsidelomma på kabinkofferten i tilfelle eg skulle trenge ein slik ein vakker dag.
Rakk akkurat ein 2-slice deal og eit glas med husets på pizzaplassen nede før eg vart henta av slekta og køyrt til Romerriket. Der vart det ein time cowboystrekk før det var henting av nieser i barnehagen og barnevakt resten av dagen.
Dermed var Stuttfeiten si tid i rockestjerneverda over for denne gang. Om eg skal setje opp ei rankingliste over topp reiseopplevelsar hittil i livet så blir den omtrent slik:
1: 2016, Stuttfeiten does Tokyo
2: 1999, MUC-OSL heim i snøstorm med Carlsen og Rike etter ski-VM i cowboykostymer (og hattar) i nabosetet, og sansynlegvis etter eit lengre loungeopphald. Gud velsigne dei begge to!
3: 1998, Fyrstereisgutt heim frå ANK, ANK-MUC-OSL der flyet til Oslo vart bytta ut med ein Private Jet frå Luftwaffe sidan vi berre var tre passasjerar. What an excellent surprise!
Top ten quotations frå denne turen:
1: "First Class Lounge is through the hidden door on your left Sir" - terminal A-drage.
2: ... "And here are your keys to the Porsche Sir, it's parked at lot no 41."
3: Ankomst FCT, Günther tar imot nøklane: "There's no need to check, I'm sure it's OK Sir."
4: Lisa: "Actually; we'll be releasing a new duck for the Olympics. I've got one in the back. Let me get that one for you instead of the silver one." + "Oh! Ha ha, those guys, the duck boys!"
5: "No, no, no, no no Sir, no no no, please leave, no, thank you, no, this way to the door, no, no, no!"
6: Nathalie: "Hertzlich willkommen an Bord Herr Stuttfeiten!"
7: "We made an excellent choice. The captain agrees that the port will be the best side for the take-off."
8: Oliver: "Mehr Kaviar Stuttis?"
9: "Captain Kohl would like to invite you down to the flight deck if it's not too inconvenient for you Sir"
10: Captain Kohl: "No way I'm going to get in trouble if you email him, I've been flying for them for 30 years, I'm always poking his eye. Here's his email address, don't spread it around. Just make sure you tell him the same things you told me about 'enhancements' and I'll owe you a beer."
Tusen takk til alle som bidreg på forumet. Eg har funne masse gode råd i trådane som ligg posta her. Spesielt (og med dette fare for å gløyme enkelte massive bidragsytarar... unnskyld til dei eg gløymer) vil eg nemne @Are, @Fnate,
@RoadKing, @kiev, @CrotchRocket, @Jørgen og alle andre som har gitt meg inspirasjon, nyttig kunnskap, tips, triks, fått meg til å le, gjort meg bestemt på å ta turen, og som har vore deltakarar i trådar som omhandlar tips og triks på vegen til ei reise på first class, som f.eks: https://insideflyer.no/forums/threads/sas-amex-companion-ticket-ct-q-a.2844/. Insideflyer.no er eit funn for min del, og eg må også få ta meg lov til å reklamere for flyprat.no der eg har fått ein masse tilleggsinfo til alt som fins på insideflyer (eller omvendt).
Og med dette går Stuttfeiten inn i dvale (tilbake til jobb) for dei neste to vekene mens han tel ned til neste reiseorgie i september: OSL-LHR-CPH-OSL-ZRH-XFW-JMK-ATH-IST-ADA-IST-OSL, 2xOSL-TRD-OSL (med avstikkarar til Velstandet innimellom og forhåpentligvis ein kjærestetur mellom studiar, jobb og alt anna). Gledar meg som ein unge til å få gullstatus med Aegean på MegaDo 7 og til julehandel i HKG i starten av desember.
Videoar (unnskyld for cheesy musikk):
FCT:
Frankfurt-Haneda:
Rundt omkring i Tokyo:
Om 1 stk F sete = 12 stk eco seter, vil det seie at Stuttfeiten åleine i F = 8x12 eco seter x X antal kg/CO2 per km = Oh The horror & Stuttfeiten havnar aller nederst i helvete? (Frå turen heim, Incheon til Frankfurt, som Kapitän Kohl lovde; plenty turbulens @0:48):
Og så litt utsikt frå øverste etasje (gløymde å ta bilder av Bajkalsjøen, det var også eit syn for gudar):
Last edited: 28. aug 2016