Då er det endelig på tide med tur og reisebrev igjen. Denne helga går turen til Uganda og Tanzania. Det vil seie om styresmaktene i Uganda slepp meg inn. Til vanlig lyt ein ordne visum før ein går på flyet til Uganda, men EDB-portalen har vore nede ei vekes tid, og styresmaktene seier at visum vert ordna ved ankomst heilt til portalen byrjar å virke igjen. Men seint i går kveld byrja portalen å virke. Eg heiv meg rundt og sende søknad som skal handsamast i løpet av 2-3 arbeidsdagar, men det blir for seint for meg. Det medførte at eg heiv meg rundt og kontakta både flyselskap (ET) og fekk ein lokal kjenning til å ta kontakt med flyplassen. Begge seier det skal gå bra. Styresmaktene insisterer forresten på at portalen framleis er nede, sjølv om den gledeleg tok imot søknaden og jafsa i seg dollars frå SASMC-kortet med god apetitt. No sit eg på ferga og er snart ved Oppedal fergekai, før turen går til Comfort-hotellet på BGO og ei natts søvn. Deretter ein arbeidsdag på hotellet før eg flyr BGO-OSL-ADD-EBB, går gjennom immigration og sjekkar inn med Kenya Airways og testar deira short haul business til NBO og vidare til ZNZ. Godt eg likar å fly.
Der var vi i gang. Igjen. Spent på hva Kenya Airways har å by på, skal ha dem AMS - NBO - MRU om noen måneder. God tur, håper alt går som smurt!
Ingen fergeproblemer eller noen andre utfordringer før første flyavgang? Ganske skuffet over starten her.
Det heiter visst "Uroa". Vi får tru det er roleg der. Nei, men med manglande visum bør det vere gode sjansar for litt drama på vegen. Rekk eg flyet her eg sit to minutt unda flyplassen? Blir eg nekta boarding? Snø er det i alle fall dårlig med.
Jeg har helt konkret erfaring med at bakkepersonal på OSL ikke er helt på nett med visumregler. Men da var det også omstendigheter med at man ikke fikk visa on arrival i ADD. Det skal uansett ikke være et problem med kort transitt, men bråk ble det. Visum ble sjekket både på checkin og med egen skranke foran gate.
Vel framme ved B19 på BGO. Vakre Bergen badar som alltid i sol. Det gjer visst byen som er endestoppet på Star Alliance-billetten og. Uganda sin hovudstad blir kalla «Byen med dei sju fjell». Ikkje rart det er sol og varmt der.
Dette er fyrste gong eg er på flyplassen etter allianseskiftet. Det er rart å høyre «SAS og SkyTeam» over høgtalaranlegget.
Kapteinen hadde sjølvsagt heilt rett i at det regna her. Det stod «boarding» på skjermen her, so eg valsa rett forbi OSL Lounge og gjekk til flyet. Etter litt stussing på om eg kunne få bli med var utreiseløyvet berre ei telefonsamtale unda. Her er det vegg-til-vegg teppe i kabinen. Dei har god champagne
Eg er på plass i 3H om nokon lurer. Førebels er det skrint i businesskabinen. Fire herremenn til saman.