Flyet var forsinka, men til gjengjeld kom serveringa veldig raskt i gang.
Som sist var det varm klut, men fekk denne gongen ikkje etter måltidet.
Underteikna er ikkje så glad i reker, men dynka i dressing så gjekk det ned.
Var ganske mett etter og ha smaka på forskjellig i loungen, valgte gnocchi til hovedrett og den var heilt grei.
Eit glas bobler og litt vin så var ein klar for nokre timar søvn.
Madammen sitt glutenfrie måltid starta med kyllingsalat som var bedre enn sist og såg bedre og friskare ut enn min.
Til hovedrett var det fisk, madammen trudde kanskje det var torsk. Men fekk ingen beskjed om kva det var. Var litt smaklaust, men heilt greit. Me er jo innlandsfolk, så det er heilt greit med fisk som ikkje smakar så mykje.
Før landing fekk eg ein sandwich og bolle(tok ikkje bilde) madammen fekk salat, igjen var ho vinnaren.
Savnar dessertvogna TK hadde før pandemien! Finns denne fortsatt? Eller er den kun på lengre flyturar.
Og ja, amenity kit frå Salvatore Ferragammo.
Ikkje verst, no er ikkje me dei som bryr oss mest om luksus merker riktignok men noko av det bedre ein har fått i C.
Bortsett frå at madammen ikkje fekk vatnet ho bestilte til vinen så har TK absolutt levert på begge flightane våre. Men kor er dessert tralla?
Min forrett
Gnochi
Madammen sin GF forrett
GF hovedrett
GF frukost
Last edited: 02. sept 2023