Til fjells i Nepal

Tråd i 'Reisebrev' startet av snus_mumrikken, 01. sept 2023.

  1. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Me trenar ca 8-14timar per veke, løping, ski, fjelltur eller anna motbakke med tung sekk, styrketrening med fokus på kjerne. Sjølvsagt mykje høgdemeter.
     
    jgroneng, EndreD, milehigh and 4 others like this.
  2. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Har prøvd fleire gonger og oppdatere her, trudde tekst skulle gå gjennom. Satelitt nett med ~6-700ms i snitt og ~300ms i beste fall er ikkje samarbeidsvillig med forum….
     
    Earl, geddi, paron and 4 others like this.
  3. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Er det nokon som kan hjelpe med og søke etter flybilettar frå KTM-OSL? Fortsatt dårlig nett men regnar med og vere i KTM ca 30September eller dagen etter så fra KTM 2,3 Oktober etc.
    Har tidligare overvåke BLR-FRA i F.
    Men finn ingenting KTM-BLR for 2pax.
    Viss nokon er snille og kan hjelpe så kan dykk melde meg på WhatsApp +4799020052
    Per no har me KTM-CCU-SIN-FRA-OSL med SQ men ikkje før 8.Oktober, og vera 1veke i KTM fristar lite og bruke fridagar på.

    Separat kjøpt bilett frå KTM til ein hub er OK.
    Har 80-90kg bagasje. Er *A gold.
    Utfordring med separat bilett til f.eks BLR og visum utfordring får ein ta, må vel evt søke visum til India.

    Skal få oppdatert reisebrevet når stabilt nett er på plass i KTM.
     
  4. milehigh

    milehigh Veteran

    Innlegg:
    3,201
    Likes mottatt:
    9,915
    Bonuspoeng:
    183
    India har e-visum så det burde være raskt og enkelt.
     
    snus_mumrikken liker dette
  5. Insomnia4u

    Insomnia4u Veteran

    Innlegg:
    2,948
    Likes mottatt:
    2,555
    Bonuspoeng:
    113
    e-visum til India tar ca 24t. Automatisk prosess. Erfaring fra forrige mnd med tre ulike personer på ulike tidspunkt. Alle 24t.
     
    snus_mumrikken and milehigh like this.
  6. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Det ordna seg, det blir Nepal Airlines til BKK så med EVA derfrå til VIE. Thai Smile skulle ha 15$ per ekstra kg bagasje så det får gå med Nepal Airlines.
     
    jgroneng, Earl, Brukernavnet and 2 others like this.
  7. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 8: (Frå avreise heimanfrå)
    Me fekk frukost i Bimtang og skulle no endå høgare opp til Phedi på 4400moh.
    Til frukost var det som vanleg vegetar/ost omelett eg au hadde au eplepannekake.
    Me tok det roleg sidan me skulle opp endå meir i sovehøgde.

    IMG_0624.jpeg Det er utrukeg kva dei lagar
    IMG_0618.jpeg
    Fantastisk lys på morgoen i Bimtang
    IMG_0633.jpeg IMG_0647.jpeg
    Lodgen i Phedi IMG_0644.jpeg IMG_0665.jpeg
    Denne var også aklimatisert til 4400m IMG_0660.jpeg
    Me spurte om dei kunne lage eplepai, med epla me hadde til overs frå Goa. Ja det var ingen problem! For nokon fantastiske folk! IMG_0668.jpeg
    Sammen med ein av brødrene som dreiv lodgen IMG_0669.jpeg
    Ferdig eplepai IMG_0672.jpeg
    Soverommet

    Denne natta var det eit vanvittig regnvær så me sov ikkje så godt, dette i kombinasjon med steinharde madrasser. Me likar harde madrassar ala Japanske hotell, men dette var litt i overkant.
    Utanom dette lite høgderelaterte plager.
     
    jgroneng, Fridtjof, kjeeli and 24 others like this.
  8. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 9:
    Phedi - Samdo via Larkey Pass
    No skulle me over Larkey Pass som ligg på over 5100m, det høgaste punket var faktisk ikkje der bønneflagga var.
    Me fekk beskjed om og kjøpe paraply, men tenkte kva i all verda er det dei snakkar om men me fekk bruk for paraplyen denne dagen.
    Det var veldig lite utsikt og spore, men mykje fin fauna.
    Underteikna gjekk litt på med vilje for og trigge litt hovudpine. Har erfaring med at skal eg ned i høgde så hjelper det med litt «hard» akklimatisering.

    Me stoppa au for mebrakt lunch i regnværet med utsikt mot det blå vatnet, men det var ikkje den mest trivelige lunch pausa.
    IMG_0681.jpeg IMG_0688.jpeg IMG_0693.jpeg IMG_0703.jpeg IMG_0710.jpeg
    IMG_0705.jpeg IMG_0716.jpeg IMG_0718.jpeg
    IMG_0723.jpeg
    Nattas bustad når me kom fram til Samdo på ca 3700m. Mykje av landsbyen er totalt bygd opp på ny etter jordskjelvet i 2015.
    Samdo var ein utruleg koseleg landsby, her følte ein verkeleg roa. Blei nesten i ein slags meditasjonstilstand.
    IMG_0731.jpeg IMG_0729.jpeg IMG_0728.jpeg IMG_0730.jpeg
     
    jgroneng, kjeeli, paron and 28 others like this.
  9. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 10:
    Samdo - Samagoan
    Dette er ei lett «aktiv kviledag» der me bare går ned til ca 3500m.
    Samagoan er landsbyen som er nærmast Manaslu BC.
    Det var rimeleg gjørmete, men me hadde oppholdsvær vertfall.
    Vel framme skulle me bu på «Distancing Confusion Hotel» :oops:
    Me skulle egentleg ha ein kviledag her, men me ville heller flytte rett til BC dagen etter og ha kviledagen der.
    IMG_0736.jpeg IMG_0744.jpeg
    Vaksen Yak IMG_0741.jpeg
    Veldig snål baby Yak okse, «snål» er positivt og betyr søt på vår dialekt. Ikkje rar som på andre dialektar IMG_0747.jpeg
    Kjem muldyret gjennom? IMG_0754.jpeg
    Hadde MoMo til lunch, kjemegodt. Og sjølvsagt laga heilt frå botn. Maten på lodgane har vore fantastisk. Men vil absolutt anbefale og holde det til vegetariske alternativ. IMG_0759.jpeg
    Heimen vår i Samagoan IMG_0762.jpeg
    Veldig bra elektro

    Ein ting som slår er så fredeleg alt er, til og med dyra er fredelige.
    Hestar, Esel, Muldyr og Yak går om kvarandre med menneske. Heime hadde eg aldri gått så nærme ein hest eller ein okse, men her så bryr det oss ikkje. Me er ikkje skeptiske eller redde for og bli sparka, eller få ein sint Yak etter oss nokon gong. Ein skjønnar jo at livet går sakte og at religion har innvirkning på menneska, men korleis blir dyra også i denne vennlige og rolege tilstanden? Dette landet, folka og dyra er fantastisk vakre! Takk Nepal!
     

    Attached Files:

    jgroneng, Fridtjof, kjeeli and 26 others like this.
  10. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 11:
    Samagoan - Manaslu Base Camp

    Som nevnt så hoppa me over kviledagen i Samagoan og flytta heller rett til BC og tok kviledag der. Dette slik at me skulle få betre akklimatisering. BC ligg på ca 47-4900moh, den er ganske stor. Vår camp, litt på ca 4850moh.

    Det skulle vise seg og bli ein meget våt og grå dag. Ein blir mållaus av kor mykje bærerane har med seg, både damer og menn. Det er ein stor begivenhet for Samagoan når det er klatresesong på Manaslu, det går veldig mykje igjen til lokalbefolkninga. Kvar bærar får betalt per kg, så det er nok litt av grunnen til at nokon har ekstreme mengder. Klart det er jo nokon gonger mykje volum og mindre vekt, men det ser ganske så sjukt ut.

    Halvegs stoppa me på «Two sisters» teahouse, det hadde tidlegare vore 3søstre men no var dei bare 2. Utruleg kosleg, ein steinmur med presenning som tak.
    Det blei ein lang, våt og etterkvart kald dag frå ca 3500moh til 3850moh.
    Eg fekk klage på at eg var for tynt kledd, der eg kun gjekk i t-skjorte. Men den var av ull, så eg var ikkje så kald. Ull er ein veldig skandinavisk ting. Så både på Denali og her skjønnar ikkje folk heilt.
    Me kom oss fram og fekk servert te og mat.
    IMG_0767.jpeg IMG_0765.jpeg IMG_0769.jpeg IMG_0777.jpeg
    Two sisters tea-house, utruleg kosleg. IMG_0781.jpeg IMG_0793.jpeg IMG_0799.jpeg IMG_0801.jpeg IMG_0804.jpeg
    Godt med suppe IMG_0805.jpeg
    Og middag, kokketeamet med Sukra i spisen laga nokon mildt sagt fantastiske måltid i høgda! IMG_0808.jpeg
    Utsikt frå rett utanfor mat-teltet når det klarna opp litt. Her ser du også «boks telta» som me søv i når me bur i BaseCamp. Me fekk 2slike, så me sov i eit telt og hadde det andre som utstyrstelt.
     
    jgroneng, Fridtjof, kjeeli and 28 others like this.
  11. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 12,13:
    Kviledagar i BC 4750moh
    Me har blitt heilt sjokkert over luksusen dei har stelt i stand. Me har 2 «boks telt» der me søv i det eine på vanlege madrasser mens det andre har me som utstyrstelt og har utstyrt med masse snorer for tørking. Me har også ordna med tørking mellom telta. Det er ikkje veldig kaldt i BC men me brukar tisseflasker slik at me slepp ut på natta. Smelta/koka snø/brevatn innheld ingen mineraler så det renn rett gjennom.

    Ellers i Base Camp så har dei etterkvart satt opp eit stort dome telt med espresso maskin :eek: Her har dei også varme på morgoen og kvelden, det er kunstgrass på golvet.
    Kunstgrass er det også i mat teltet. Her har dei også gass ovn med varme på kvelden.

    Måltida er normalt slik:
    Frukost klokka 8, får stort sett egg i ein eller anna form + anna tilbehør
    Lunch klokka 13
    Varm lunch
    Middag klokka 18
    3 rettar :eek:
    Suppe, Hovedrett, frukt til dessert
    Me har til og me fått servert laks frå Noreg :eek:

    Sukra og teamet hans har levera heilt sjukt! Men han er visstnok kjent i miljøet som ein av dei beste kokkane.

    Ellers så er det do telt for nummer «2» rett og slett og sitte i «squat» posisjon over ei tønne + tissetelt.

    Samt så er det dusj telt, i starten var det bøtte dusj med x2 10liters bøtter med varmt vatn + ause. Men etterkvart blei det satt opp dusjkran, men det var bare ei tønne med varmt vatn så ein måtte jo passe på.
    Fett på kroppen er bra for og holde varmen så me dusja ikkje veldig mykje, men behageleg når me lukta for ille.

    Og ja! Me får varme klutar før middag :eek: Dei har eit touch tigerbalsam i vatnet når dei dampar klutane så det et verkeleg forfriskande. Utruleg behageleg før middag kvar dag når me er i BC.
    Sjølvsagt blir alt levert med eit smil og varme ein kanskje bare finn i Nepal og kanskje og i andre asiatiske land. Men Nepal altså <3

    Legg ved litt bilete av mat, utsikt, kjøkken gjengen og kaffi.
    Og jadda, sushi fekk med også.

    IMG_0819.jpeg IMG_0820.jpeg IMG_0825.jpeg IMG_0830.jpeg IMG_0846.jpg IMG_0842.jpeg IMG_0843.jpeg IMG_0851.jpeg IMG_0861.jpeg IMG_0884.jpeg IMG_0887.jpeg IMG_0882.jpeg IMG_0922.jpeg IMG_0962.jpeg IMG_1175.jpeg IMG_1177.jpeg
     
    jgroneng, Fridtjof, Henrik and 25 others like this.
  12. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,310
    Likes mottatt:
    33,887
    Bonuspoeng:
    293
    Imponerende!
     
    snus_mumrikken liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det er kjekt å få fylgja dykk på tur. Dette er jo litt utanom det vanlege for mange av oss. Samstundes er det fascinerande å sjå bileta og lesa om opplevingane dykkar. Tvi-tvi vidare!
     
    snus_mumrikken liker dette
  14. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 14,15:
    Rotasjon til C1 ca 5800m
    Det var på tide med første rotasjon, me skulle til C1. Sove der så ned igjen dagen etterpå, opp 1000m i sovehøgde er mykje meir enn anbefalt, sjølv om me hadde gått over Larkey Pass på ca 5100 samt hadde gått nokre småturar over BC til ca 5000m.

    Turen startar over steinur, så litt småklyving før «crampon point» der breen startar og me startar med stegjerna over den relativt flate flate breen, relativt fordi den ikkje er flat og snirklar seg oppover. Når blå/svartisen av breen går over i snø er det ein bakke og på toppen av bakken er det telt.
    Det skal vise seg og vere «lower C1» og ikkje der me skal.
    Det er nesten 1time ekstra og gå opp nokre fleire bakkar og litt til venstre får me når vår camp 1. Men du verden for ein utsikt!

    Campen var ikkje heilt klar, men me ville gjerne få ein runde så me hadde real til middag og havregryn til frukost neste dag.

    Det blei ei tøff natt med masse hovudpine, lite eller ingen søvn. Men me kom oss gjennom og vandra ned igjen til «tjukk» luft dagen etter og BC på rundt 4800m.

    Hadde det vore enkelt og klatre dessa gigantane hadde endå fleire gjort det, enkelt utan smerte er det ikkje.

    IMG_0825.jpeg IMG_0830.jpeg
    Toppen, eller egentleg ikkje toppen ligg bak. Den du ser på bildet er vel ca 79xxm IMG_0886.jpeg
    Stegjern for dei som ikkje veit kva slikt er, eller ikkje gidder google. IMG_0888.jpeg IMG_0896.jpeg IMG_0899.jpeg IMG_0901.jpeg IMG_0902.jpeg IMG_0906.jpeg IMG_0909.jpeg
    På dette bildet ser ein også brefallet vidare mot C2
     
    Last edited: 03. okt 2023
    jgroneng, Henrik, kjeeli and 24 others like this.
  15. geddi

    geddi Senior Medlem

    Innlegg:
    1,415
    Likes mottatt:
    3,745
    Bonuspoeng:
    113
    Utrolig gøy å følge dere på denne turen som er litt utenom det vanlige. Ikke så ofte man får et slikt reisebrev. Imponerende både fra dere og guidene!
     
    snus_mumrikken liker dette
  16. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 16,17,18:
    Base Camp, kviledag, trening, Puja seremoni.
    Tilbake i BC så sov me mykje betre igjen, det er rart og inspirerande korleis kroppen fungerar og korleis den tilpassar seg.

    På trening så var det korleis bruke jumar og korleis rapellere. Dette er jo ting me kan fra før, men me blei med greit med repetisjon og får ventetida til og gå. Samt fekk eg knipsa litt bilete. Delar nokre her.

    Me hadde også puja seremoni, då kjem det ein Lama som les tibetanske skrifter. Det blir og spela trommer ved 1av sherpaene.
    Her blir det bedt om tillatelse frå gudane til og klatre fjellet, det blir og bedt om trygghet og lykke. Det er eit ganske seriøst og fint opplegg, har ein video frå 8K Expeditons som viser det. Etterpå smører eit slags mjøl i fjeset på kvarandre og ønsker lykke til.
    Me kastar(ofrar) også ris. (Det samme gjer me seinare når me skal klatre, me går også rundt puja «statuen»)
    Når seremonien til Lama’en er over så må alle ta ein shot av Whisky eller lokalt brennevin Roxy.
    Så blir det delt ut øl og anna drikkevare, sherpaene spelar musikk. Me dansar og kosar oss. Men tar det med ro, alt I morgon skal me på rotasjon nummer 2.

    Internett virka også no(dårleg ustabilt satelitt nett) som ikkje var nok til live update på IF.
    DSC07435.jpeg IMG_0994.jpeg IMG_0993.jpeg IMG_1001.jpeg IMG_1004.jpeg IMG_1017.jpeg IMG_1019.jpeg IMG_1021.jpeg IMG_1029.jpeg B8732D0A-159D-41C9-A734-8866B72F9FEF.jpeg
    Her er campane på veg oppover, utenom C4 207E24E0-B65C-42FE-AA4F-56854667BBAA.jpeg
     
    jgroneng, Henrik, kjeeli and 17 others like this.
  17. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 19,20,21:
    Andre rotasjon oppover fjellet.
    Planen var, C1 sove, C2 sove, litt opp mot C3 så ned igjen.
    Heile ekspedisjonen er planlagt for bruk av oksygen sidan den går over så kort tid.

    Me tok igjen turen opp til C1 på ca 5750m, fekk Dal Bhat til middag og denne gongen sov me kjempegodt. Det er jo på slike stunder ein skjønnar kor fantastisk tilpasningsdyktig kroppen vår er….

    Dagen etter, etter me hadde fått i oss medbrakte havregryn så var det bare og ta ferden mot C2, som ligg på ca 6300m.
    Det er ikkje så lange distansen med det går gjennom eit isfall, ganske likt som kumbu isfallet på Everest.
    No når det ikkje har kome mykje snø som kan lage ekstrem rasfare så er ruta mellom C1 og C2 den aller farlegaste strabasen. Rasar nokon av dei svære isblokkene ut mens me går her så er det over og ut. Heldigvis er dei ikkje overhengande. Men frå 60-90grader.
    Det blir ein del kø ved fleire av desse, trafikk av folk som skal både opp og ned.
    Rett før C2 så er den verste vertikale veggen, me er også no på 6200m og ein merkar verkeleg høgda. Det er vel bare rundt 46% av oksygenet i forhold til havnivå.
    Når me først kom opp denne siste 90graders isveggen så lagt sjølvsagt campen vår heilt øverst og det var nokre seige siste høgdemeter.

    Eg har heilt gløymt og nevnt at mellom BC og C1 så er det masse bresprekkar me må hoppe over. Det er endå meir mellom C1 og C2 også så lange at det er lagt ut små aluminiums stigar.

    Framme i C2 så føler me oss slitne men greie, me får suppe og så seinare Dal Bhat til middag.
    Det skal seinare vise seg at suppa inneholdt gluten og at mageknipen til madammen nok skyldast det og ikkje høgda.
    Det blei igjen ei ubehageleg natt og med hovudpine men ikkje like ille som sist.

    P.g.a mageknip og dårleg kjensle så skippar me innom og sove i C3, dei seier det ikkje er nødvendig sjølv om me helst ville det.
    Det kan også godt hende me var dehydrerte p.g.a varme sol etter mange timar ute. Sola er ekstremt sterk her oppe + refleksjonen frå snøen. Me brukar solbriller som er veldig mørke kategori 4, som ikkje er lov og kjøyre bil med.

    Etter ein rusletur nokon høgdemeter over C2 så går me ned igjen, det er lite kø og me er effektive på alt av rapell punkt så me når BC ila relativt kort tid.

    No er det bare kviledagar og vente på vær for toppstøt!



    Eit av bilda under viser ruta gjennom isfallet, bresprekkane har eg kun video av desverre.

    PS!
    Beklagar alt av skrivefeil, alt er skrivd frå mobilen.
    65350A49-6200-4036-886A-EAB9AE845D05.jpeg IMG_1083.jpeg IMG_1095.jpeg IMG_1093.jpeg IMG_1096.jpeg IMG_1099.jpeg IMG_1102.jpeg IMG_1106.jpeg IMG_1110.jpeg
    Livet over skyene IMG_1119.jpeg IMG_1099.jpeg
    Camp 1 frå brefallet IMG_1205.jpeg
    Siste veggen IMG_1224.jpeg
    Camp 2 på natta IMG_1229.jpeg
    Klatrerar på vegg oppover
     

    Attached Files:

    Last edited: 04. okt 2023
    jgroneng, Henrik, kjeeli and 20 others like this.
  18. Rscott

    Rscott Veteran

    Innlegg:
    1,726
    Likes mottatt:
    4,204
    Bonuspoeng:
    113
    Insane! Og for noen fantastiske bilder! Takker og bukker for delingen. Dette er årets reisebrev. Ferdig snakka.
     
    jgroneng and snus_mumrikken like this.
  19. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Gløymte og nevne, ikkje at det spelar så stor rolle. Men, det er ein del av historien. Etter rotasjonane, første for min del og andre for madammen sin del så skjedde ting med kroppen slik at me måtte justere medisineringa vår. Eg har astma og madammen type1 diabetes. Me gjorde nødvendige justeringar og desse justeringane gjorde heldigvis susen. Ein må på ein måte leve med og nær på ting på ein slik tur og lytte til små signal.
    Dette gjeld jo forsåvidt alt på ein slik tur!

    Også slikt som at du må gå på do før du legg deg, legge seg do trengt gjer at du frys meir. Seriøst ja, kroppen har meir og jobbe med. Legg deg til og sove slik at kroppen har så lite som mogleg og jobbe med, vel utenom høgda då. Den får du ikkje gjort noko med.
     
    jgroneng, kjeeli, Kristian and 8 others like this.
  20. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 22,23:
    Kviledagar i BC.
    Det var godt og komme tilbake i BC.
    Me fekk til og med Norsk! Laks til middag :eek:
    Det er faktisk ganske sjukt, men veit jo kor populær laksen vår er i Asia. Det smakte fortreffelig.
    Så hadde også Chris frå USA komi ned igjen frå toppstøtet sitt, der han har blitt 2personen frå USA som har fullført alle 14fjella over 8000meter. Me feira med kake, øl, brus og te.
    Ein veldig kosleg kveld der også sherpaene var med. Gode samtaler om alt og ingenting, inkludert så håplaust ting er i USA. Det er jo ikkje alle som er enig i det som bur der borte.
    Action Frank blei også diskutert og nevnt, eg sa mi klare meining om kva eg syns om han og korleis han snakkar om dessa fjella og vertfall gjer vår familie og venner mykje meir bekymra enn nødvendig…. Han kjem også med løgner om at K2 er det mest dødelege fjellet, det er heller ikkje sant. Klarte og sei at eg drømte om og slå han som første Norske på Everest utan oksygen, vel det kunne eg vel også tenke meg. Men då ut frå intet når han har gått til Norske media viss han klarar det så kan eg plutseleg komme frå ingenplass og sei at eg var 2dagar før… Vel me får sjå, men han viser vertfall ikkje eit sunt fjes frå sporten i media.

    Neste dag, hugsar ikkje om det var til lunch kanskje så fekk med sushi :eek:

    Kjøkken gjengen er heilt vanvittige, så er det folka i lokale landsbyen som ber alt opp til BC. Alt av grønnsaker er lokalt frå landsbyen (Samagoan) ellers så blir mat flydd inn til landsbyen sin «heliport»

    Me brukte også litt tid i kaffeteltet desse dagane spelte kort og kosa oss, ein av Sherpaene som jobbar i Noreg om sommaren spela også med oss. Men, når det nærma seg at me skulle gå for toppstøt så var det masse taktikk snakk. Mange snakka kun på sitt eget språk, spesielt eit vennepar frå Sveits. Me likte ikkje dette noko særleg, men me snakka med vår Sherpa Tendi. Han la fram forskjellige forslag og forklarte litt, han sa at det var opp til oss. Men me har jo ikkje erfaring frå slike ekstreme høgder, ei heller med oksygen. Uansett me enda opp med 2forskjellige valg og skulle tenke på det.

    Me fekk også demonstrasjon/opplæring på bruk av oksygen og prøvde og fekk utdelt masker og regulator.

    Ellers så har me både sove og eti godt, heile vegen.
    IMG_4051.jpeg
    Laks med pasta, pommes og ein saus, laksen var veldig godt tilberedt. IMG_1164.jpeg
    Sushi og litt anna IMG_1158.jpeg IMG_1151.jpeg
    Oksygen testing IMG_1138.jpeg
    Også god mat! MoMo’s er knakande godt AB9C7A44-3436-45A5-85CA-DDCAFBD439F6.jpeg
    Blei anbefalt barbering i forbindelse med at ein skulle bruke oksygen maske. IMG_1177.jpeg
    Også fersk frukt då!
     
    jgroneng, Henrik, kjeeli and 17 others like this.

Del denne siden