Til fjells i Nepal

Tråd i 'Reisebrev' startet av snus_mumrikken, 01. sept 2023.

  1. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Dag 24, 25, 26, 27:
    Summit push!
    Det var tid for og gå mot toppen, me skulle sove i C1, sove i C2, kvile/sove i C3 for så og gå midt på natta mot C4 der me igjen skulle kvile nokre timar før me rundt midnatt skulle starte siste del av toppstøt mot verdas 8høgaste fjell, Manaslu 8163m
    Me skulle også på «true summit» då dei har funne ut at det er eit høgare punkt enn main summit. Av Norske så er det kun Kristin Harila som har vore på dette punktet, ikkje at det har så fryktelig mykje og sei slik egentleg. Men det har vore veldig mykje diskusjon rundt dette på fleire av fjella, og no blir kun "true summit" godkjent av Himalayan Database. Dei godkjenner fortsatt dei som tidlegare har vore på "main summit" men skal du ta alle 14 fjella så må du tilbake og gå på "true summit"

    Me gjekk igjen over breen til C1, denne gongen hadde det smelta masse. Mange av ankera på dei faste tauga låg bare og slang. Mange av bresprekkane var blitt ganske så store og hoppe over, andre plassar gjekk me litt større omvegar. Igjen så var siste stykket til øvre C1 seigt. Heldigvis denne dagen var det eindel skyer så det var ikkje så ekstremt varmt som det er når sola steiker med refleksjon i snøen. Vel framme fekk me igjen Dal Bhat. Me sov begge veldig godt denne natta, igjen så er det utruleg og sjå korleis kroppen tilpassar seg. Men lufta er fortsatt like tynn.

    Dagen etter så var det igjen og ta vegen opp brefallet til C2, heldigvis så skya det over når me nærma oss 6000m. Men det blei ein god del trafikk kork på dei meir eller mindre loddrette isveggane. Det er eindel som har lite teknisk erfaring så det tar tid, egentleg var me ganske raske denne dagen. Men siste veggen før C2 så vente me 1time i kø. I år så var det 25% mindre klatrerar i fjor men fortsatt i følge Explorers Web 266 registrerte klatrerar + sherpa.
    Også mellom C1 og C2 så var bresprekkane større denne gongen.

    Vel framme i C2 så fekk me samme telt som sist, bardunerte litt ekstra. Som vanleg så var det Dal Bhat til middag, ingen suppe denne gongen og Dal Bhat er me jo sikre på er gluten fri. Me drakk også ekstra te og vatn, det vart nokre timar venting så me var litt dehydrerte. Det er første dagen at me var så uheldige med og treffe på kø.
    Sov igjen godt denne gongen i C2, syns sjølv det er veldig fasinerande korleis kroppen tilpassar seg.
     
  2. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Neste morgon, så var det ikkje stress. Me hadde som vanleg havregryn med eple me skar opp og honning til frukost. Samt ein kopp med verdas beste pulverkaffe frå Littles, grusar den grusomme Nescafe'n.
    https://wearelittles.com/ (Me er ikke sponsa)
    Så var det i veg til C3, som låg på ca 6600-6700m. Det var nokre få parti me måtte bruke jumar ellers så var det bare ein bratt bakke.
    Samme mat som sist, eg sov ikkje kjempegodt men hadde ingen hovudpine her og følte meg ekstrem sterk. Ganske rart at eg hadde hatt ubehag både i C1 og C2 første gongen men i C3 var det heilt greit. Følte meg såpass sterk at eg ikkje ville starte med oksygen då me la i veg rundt klokka 4på natta. Madammen starta med oksygen. Det var litt småsurt og det hadde snødd heile ettermiddagen, kvelden og delar av natta med lett vind så det var tyngre og gå. Når me nærma oss ein plass mellom 6800 og 7000m så fekk eg beskjed om og starte med oksygen. Eg pusta mykje for og holde følge men følte meg ellers sterk. Bortsett frå ein klaustrofobisk følelse i starten som også madammen klaga på så merka ein klar forskjell når ein fekk på oksygen.

    No skulle me etterkvart opp det som skulle vise seg og vere ein monsterbakke med jevn stigning på 40-45 grader, nokre gonger brattare også opp mot C4. Lyset kom etterkvart, mens det forsatt var lite spor og me sank kanskje eit halvt steg tilbake nesten heile tida, eller måtte tråkke nye spor. Det hadde ikkje komi så masse snø og vind at det var noko særleg skredfare så det heile føltes heilt trygt.
    Me møtte også etterkvart eindel folk som skulle ned og då må jo anten dei eller me klyppe oss ut av tauget, eller ofte at ein hjelper kvarandre.

    Det var ein flanke til høgre og me kunne sjå at den kunne flate ut, men fytti katta det tok jammen lang tid før den flata ut. Men til slutt kunne me gå bittelitt ned og mot C4. C4 ligg oppe på ein rygg og veldig utsatt, me måtte rydde ut av teltet før me all 4 slengte oss inn og låg hulter til bulter og kvilte. Sherpaene sovna også, eg vakna av at vatnet koka (smelta snø) så fekk skrudd av og servert litt te.

    Me åt litt snacks, så vart me enige om og eta Real turmat slik i 22-23 tida før me starta på toppstøtet. Sjølv om me hadde starta og bruke oksygen kunne me fint sitte uten ei stund, viss ein følger med på oksygen metninga på klokka så ser ein enorm forskjell med og utan oksygen. Heilt klart så hadde me ikkje kunne vore her lenge uten, og vertfall ikkje under fysisk anstrengelse. Heile denne ekspedisjonen er såpass kort at den egentleg ikkje er designa for og prøve utan oksygen.

    Det vart og prøve og kvile litt, men ikkje god plass i teltet + ein er jo ganske spent.

    Meir i neste post og bilder til slutt.
     
  3. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Me åt som planlagt rundt 23:00, det var litt styr og tok litt tid før me kom igang. Det hadde blåst godt heile kvelden så det frista jo lite ut av teltet med plutseleg slik kanskje rundt 00:30 så roa vinden seg veldig. 01:00 den 27.September så la me i veg mot toppen frå C4 på 7400m, me starta aleine med hovudlyktene og sherpaene våre som ikkje var heilt klare skulle komme etter. Dei er sjølvsagt raskare enn oss, me starta med ca 40% på oksygen flaskene. Dei skulle ha med nye flasker til oss. Det var ikkje kjempekaldt, men me kjente på kalde tær og fingrar i starten så me måtte gå opp bevege på tærne. Men ellers var det bra, me hadde jo dundress og såg ut som nokre teletubbiar, eller vertfall noko i den duren. :p Det var stjerner, ca 80% måne og litt lett bris. Det er magisk og gå slik om natta. Steg for steg. Et to, Et to, en støvel og en sko, pust, så repeat slik kan det kanskje opplevast og det var litt slik madammen tenkte.
    Etter nokre timar så bjøndar det og lysne, me nærmar oss dødssona. Det er ganske sjukt og sjå ned på klokka og sjå at du næmar deg 8000! Meter :eek: Me hadde gått lenge på flaskene våre, eg hadde lagt merke til at madammen sin oksygen bare var på 10% eg spurte fleire gonger om me ikkje skulle bytte snart, men me skulle visst bare fortsette. Når me nærma oss toppen endå meir så kom det nokre faste taug igjen, her fekk me bytta flasker. Eg syns eg pusta tungt på slutten og mi oksygen flaske var faktisk heilt tom :eek: Klokka trur eg sa me var rundt 7950moh. (Note sherpaene brukte også oksygen, men mindre enn oss)
    Rett etter flaskebytte så byrja det og bli raudt og rosa, ein utsikt viste seg som verken kan forklarast, egentleg visast på video eller bilete. (Har mest video) dette i kombinasjon med følelsen at me no skjønna at ja me kom til og nå toppen av det 8.Høgaste fjellet i verda på 8163m :eek::D:p:cool: (Det er verdt litt emoji?)
    Ein kan vanskeleg beskrive ein slik følelse, me jobbar lenge og lenger enn langt for eit slikt mål, og med helseutfordringar på slep er det endå meir utfordrande.

    Me kom til main summit, vel rett før så måtte me rushe forbi fleire andre klatrerar for og komme foran i køen mot "True Summit" ein merkar at og øke hastighet i desse høgder sjølv med oksygen ikkje akkoratt er som og løpe forbi nokon i låglandet. Det pustast!

    Vegen ut til true summit, er ein smal tråkka sti i snøen du får akkuratt plass til begge beina ved sidan av kvarandre. Så stupar det 60/70grader ned i evigheten. Det var litt kø men ikkje mykje, me var vel bare nokre minutt på true summit for få bilder og litt video før me gjekk tilbake til main summit der me hadde litt lenger pause.

    Så var det bare og komme seg ned igjen, sjølv med oksygen bør ein ikkje oppholde seg lenge her.
    Nede i C4 blei me enige om og prøve og komme oss heilt ned igjen til BC(Base Camp)
    Det vart pakking i C4, før me fortsatte til C3 ned den bratte bakken der me kun er klypt inn i tauget, der kvar tauglengde er ca 100m så det er ingen plass du vil ramle.
    Nede i C3 fekk me av oss dundressane og det var godt, det var jækla varmt. Drakk litt te, vatn, snacks. Så bestilte med Dal Bhat i C2, skal love det smakte godt. Me hadde tross alt vore på beina sidan 01:00 og søvn hadde det vore dårleg med. Me fekk også kvar sin lita flaske med Coca Cola, magisk!

    Då var det bare og sette beina i gang igjen mot C1, masse rappell og igjen tur gjennom det vakre men farlege brefallet. Eg reiste i forvegen for eg måtte så jækleg på do, så venta på resten av gjengen i C1.

    Kjapp pause i C1 så fortsatte med mot BC, det hadde smelta endå meir no og større sprekkar og hoppe over. Det var også lagt ein lenger stige eine plassen. Me kjente no at me hadde vore på beina lenge, og lite søvn siste 2døgn. Kom oss til stegjern punktet og fortsatte. Litt nedanfor kom vennene våre frå kjøkkenet i møte, me fekk eple og sprite og satt og snakka mens sola gjekk ned.
    Kjøkkengutta tok sekkane til sherpaene og dei tok sekkane våre, makan til snille folk. Eg tok den vesle sekken til eine kjøkkengutten. Så gjekk med ned til BC i halvmørket.
    Ca 18:30 den 27.September var me tilbake i BC, me blei motatt og fekk skjerf og gratulasjonar og var så langt dei einaste som hadde gått heile vegen ned igjen. Det var visst ikkje vanleg men me var veldig glad for at me gjorde dette. Me skifta litt og tok ein kattevask før nydeleg middag i mat teltet frå det fantastiske kjøkken crewet.

    Ein må fortsatt i dag klype seg i armen, me klarte og bestige dette fjellet det er ganske sjukt.
     
    Frink, jgroneng, Henrik and 20 others like this.
  4. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    IMG_1232.jpeg
    C4
    IMG_1238.jpeg
    C4 Fjes
    IMG_1248.jpeg
    Klar for toppstøt
    Toppstl IMG_1240.jpeg
    IMG_1264.jpeg
    Diabetes summit
    IMG_1268.jpeg
    Astma
    IMG_4104.jpeg
    True Summit
     
    Last edited: 06. okt 2023
  5. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Bildene blir litt hulter til bulter her men….
    Skal også få laste noko video opp.
    Laste opp til Google Drive og dele link vil kanskje funke? Får vel ikkje delt video her?
    DSC07522.jpeg DSC07535.jpeg
    Camp2 og brefallet DSC07537.jpeg
    Brefallet DSC07554.jpeg
    Store delar av brefaller, sjå nøye så ser du klatrerar DSC07569.jpeg
    Eg likae godt dette biletet DSC07592.jpeg DSC07597.jpeg DSC07554.jpeg dji_mimo_20230927_083252_20230927113252_1696533878947_photo.jpeg
    På veg ned frå C4 til C4»3 dji_mimo_20230927_083832_20230927113832_1696534004156_photo.jpeg
    C4 til C3 IMG_1353.jpeg
    Tilbake i BC IMG_9581.jpeg
    Årets julekort? IMG_1290.jpeg
    Tilbake i BC etter summit IMG_1279.jpg
    Brefallet IMG_1282.jpeg
    Før sola gjekk ned C1 - BC IMG_1270.jpeg IMG_1274.jpeg
    C4 - C3 IMG_1273.jpeg
    C4-C3 IMG_1276.jpeg
    C4-C3
     
    jgroneng, Fridtjof, Henrik and 22 others like this.
  6. geddi

    geddi Senior Medlem

    Innlegg:
    1,415
    Likes mottatt:
    3,745
    Bonuspoeng:
    113
    Gratulerer så mye! :)

    Helt episk reisebrev, må bli årets!
     
    snus_mumrikken liker dette
  7. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen Takk!
     
  8. milehigh

    milehigh Veteran

    Innlegg:
    3,201
    Likes mottatt:
    9,915
    Bonuspoeng:
    183
    Sinnsykt rått! Både turen, og ikke minst reisebrevet.
     
    snus_mumrikken liker dette
  9. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    TusenTakk
     
  10. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    8,014
    Likes mottatt:
    22,977
    Bonuspoeng:
    293
    Imponerende hva dere får til. Takk for at dere deler!
     
    snus_mumrikken liker dette
  11. Rscott

    Rscott Veteran

    Innlegg:
    1,726
    Likes mottatt:
    4,204
    Bonuspoeng:
    113
    Fantastisk skildring og picture porn! Takk for at dere tok oss med på turen :)
     
    snus_mumrikken liker dette
  12. Maggie

    Maggie Veteran

    Innlegg:
    4,624
    Likes mottatt:
    26,576
    Bonuspoeng:
    183
    Dette er jo ingenting i forhold til dagens shepard tur langs Madonnastinen i storm med 30 i vindkast over 1000moh;)
    20231006_170034.jpg
    Min trofaste tur sko tok også kvelden etter 20års trofast tjeneste:(
    20231006_175152.jpg
    Fra spøk til alvor, takk for et fantastisk reisebrev. Noe annet en å følge Moxness i sin jakt på ramen sjappe til 2,8 rating på Google fra Tokyo.
    Fantastisk bra bilder og skildringer:)
     
    Last edited: 06. okt 2023
    EndreD liker dette
  13. Gnilre

    Gnilre Aktivt Medlem

    Innlegg:
    303
    Likes mottatt:
    1,656
    Bonuspoeng:
    93
    Tøffeste reisebrev på IF noensinne. Jeg har vært på en 6000 metring og noen 4-5000 metere også, og selv om det kunne være slitsomt nok, var det som en tur i parken sammenlignet med deres tur. Det virker som om alt på turen deres gikk bra, var dere ikke skikkelig slitne noen ganger, lurte på hvorfor dere var oppe i fjellet, og hadde mest lyst å reise hjem? Jeg har tenkt sånn noen ganger:) Spennende lesning og mange fine bilder.
     
    snus_mumrikken liker dette
  14. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,960
    Likes mottatt:
    29,493
    Bonuspoeng:
    183
    Gratulerer!!! Fantastisk reisebrev og sinnsyke bilder!
     
    snus_mumrikken liker dette
  15. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen Takk :)
     
  16. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen Takk
     
  17. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen Takk for det, skulle gjerne tatt enda fleire bilder med kamera men høgda spelar ein litt puss. Skal få delt litt video :)
     
    Rscott liker dette
  18. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Haha, og Tusen Takk!
    Ein skal ikkje kimse av slik vind over 1000moh her heime faktisk.
    PS! Eg elskar og sjå utslitte fjellsko :) Så takk for deling.
     
    Maggie liker dette
  19. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen Takk!
     
  20. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,296
    Bonuspoeng:
    183
    Me var utruleg heldige, med vær og lite nedbør/snø som igjen gjorde at det var liten fare for skred, noko som kan være ekstremt farleg på dette fjellet.
    Skreiv vel at me hadde hatt store ubehag under akklimatisering, men me var jo til dels forberedt på dette men tankane kjem jo med kva i all verden er vitsen med dette her.

    Verst var det nok likavel mellom C3 og C4 og den bratte monsterbakken etter nysnøen, og den bakken aldri tok slutt. Når me i tillegg måtte på do midt på oppi der gjorde ikkje det saken betre, sherpaen såg på oss og spurte «short» or «long» me bare eeeh «long» oppgitt tryne, men må man så må man. 1.5meter maks vekk frå tauget.
    Så ja den natta var det eindel tankar, om me bare skulle snu.
    Når madammen spurte sherpaen i C4 om han trudde me kom til og nå toppen så han 99% sikkert, då kom det nokre tårer.
     
    veeegard, funkenstein, Earl and 5 others like this.

Del denne siden