Etter alle hadde komme ned igjen, og kvelden før me skulle forlate BC så vart det rigga til fest i BC i kaffeteltet. Me fekk igjen også kake, som dei kvinnelege medlemmane av ekspedisjonen velfortjent fekk gleden av og åpne. Det var øl, vin, whisky, rom. Alle medlemmane, sherpaer kjøkken gjengen. Alle sammen samla til ein heidundrande fantastisk og triveleg fest med dansing og musikk. Sjølv holdt eg på og få astma anfall då eg skulle vise litt halling dans, og diverse og gløymde heilt at me var på 5000meter Det tok av og noko starta med og ta krem fra kaka i trynet, så me var alle fulle av kake krem og dansa diverse dansar me ikkje skjønna skjønna så alt for mykje av men det var utruleg triveleg. Så fekk me beskjed om at neste morgon var det enkel frukost 06:30 før me skulle gå ned til Samagoan og fly ut. Har eindel video frå denne kvelden, men ikkje noko særleg med bilder. Men det var altså ein herleg kveld, og kan ikkje beskrive kor mykje ein fortsatt savnar sherpa vennene sine.
Får skrive ferdig før neste reisebrev, dagen etter festen så var det og pakke og komme seg ned igjen til Samagoan og helikopter ut til nærmaste bilveg. På bilda nedanfor kan dykk sjå at det var ein flott dag i motsetning til når me gjekk opp til BC. Innom 2sisters tea house igjen, utruleg kosleg. Traff på folk på trekking som spurte om me hadde vore på toppen, kva det kosta o.s.v dei vurdera og klatre Manaslu. Har mest video frå helikopterturen med Altitude Air sin Airbus, men kan opplyse om at her var der bare og kaste inn baggane og dei satt me bare på, ingen seter, ingen headset. Kun personen som satt framme med piloten fekk headset. På veg ut ser me masse gårdsbruk som nok kan minne om Noreg for 100år sidan. Ja, det skal også nevnast at selskapa fraktar masse gass, mat, etc til lokalbefolkninga når det er ekspedisjon, ein av mange måtar slike ekspedisjonar bidrar til befolkning i grisgrendte strøk.
Køyreturen tok som forventa timesvis, og på innteresante nepalske vegar. Det blei rett på avslutningsfest før me reiste på hotellet for ein velfortjent dusj. Fekk igjen helse på Cris Warner som blei ferdig med og klatre alle 14 på ein veldig fin måte over mange år. Fekk oss litt buns og igjen pizza på Fire & Ice pizzeria før me etterkvart skulle sette snuten heimover.
Det var Nepal Airlines som frakte oss til BKK i ein sliten A320-200. Litt forsinkelse og kaos med innsjekk var det sjølvsagt men ikkje så gale, me hadde uansett god tid i BKK med overnatting før Eva heim. Nepal Airlines blei valgt p.g.a litt rimeligare med overvekt enn andre selskap. Det var ingen A* award ledig frå KTM for 2pax nokon plass. God beinplass og god mat ombord, curry basert. Til og med naturleg glutenfritt. Utruleg kor bra det er og reise økonomi i Asia på short-haul. Men som dykk ser så er det eit slitt fly. Flyr gjerne med Nepal Airlines igjen, vel dei har kanskje ikkje beste sikkerhets statistikk kanskje?
Framme i BKK så leverte med bagasjen til Belluga bagasjelagring på BKK og tok kun med oss håndbagasjen med uber inn til byen og heimen var IC Bangkok. Blei ønska velkommen, oppgradert til club rom med club lounge access. Er IHG Platinum og IC Ambassador. Ikkje alltid at ein får club lounge tilgangen, varierer litt frå hotell til hotell. Fint rom og fin utsikt.
Det var triveleg i loungen i toppetasjen. Bra utvalg av mat og drikke, både til frukost, afternoon tea og kvelds. Me fekk også bruke loungen etter utsjekk før me skulle heim. Meget bra service frå hotellet. Sjølvsagt så måtte me få starta med trening igjen også, bra treningsrom på hotellet. Innteresant plakat, og ikkje det fysioterapeut ofte meinar. No har eg faktisk litt meir trua på asia når det gjeld slike ting, kanskje.
Me svinga innom Fireplace Bar&Grill der underteikna fekk seg litt wagyu Det var verkeleg fint og avslutte reisa vår her og på IC BKK. «Gratis starter» Så kylling på madammen og wagyu på meg, godt eg hadde fløtepoteter inntil sidan det jau ikkje var store biffen, men wagyu er jo me så mykje fett at for stor mengde kan bli mykje. Fekk au dessert, eller betalt vel men hugsar ikkje kva det var og dagbok skriving hadde no dødd litt ut
Det var på tide og komme seg til flyplassen, kjip og reise 02:40 på natta. Men til gjengjeld ny kabin sjå ho Eva på 787-10 Kabinen er nydeleg og me sikra oss seter på første rad på flighten til VIE. Andre opsjonen med EVA så måtte me ha enda ei overnatting i Europa, så slik sett var det innafor. Fin kabin Bobler på plass
Me fekk utdelt fine pysjar, som blir godt bruka heime den dag i dag. Diggar hette genseren. Ellers så var kanskje ikkje service på nivå som mange har fortalt om, men for all del veldig bra. Flyet hadde komi frå TPE med mellomlanding på BKK der me gjekk ombord. Det var ikkje tilbud eller informasjon om dine on demand som ein egentleg har høyrd dei skal ha? Må ein spørre spesifikt om dette? Fekk kvitlauksbrød og suppe Så valgte eg gakk gakk (and) frå menyen Det skal seiast at smakane var veldig gode, så kudos til Eva her. Kvitlauksbrød er det vel bare BR og SQ som har i biz i A* ? Glutenfritt så vart det appetizer, suppe og kylling. Det var visst OK, kyllingen var diverre tørr. Men den raude mosen, usikker på miks men sannsynligvis vertfall med litt rødbeter og ana var god. Me skulle som sagt ynskje det var tilbud om dine on demand, så me heiv i oss maten og fekk oss søvn. Bra seter og sove i, digg med pysj!
Det var etterkvart tid for frukost. Eg fekk eggmuffins, madammen fekk omelett. Begge delar smaka heilt OK. Men me fekk begge fantastiske frukfat, det var ordentleg digg! Fekk også litt meir Duval Leroy For nokre år sidan likte eg ikkje musserande, no syns eg det er heilt fantastisk. Har IF øydelagt meg? Det glutenfrie matfatet var mest imponerande, bra for eingongs skuld.
Me landa i VIE, kom oss gjennom immigrasjon flyplassen slår oss som lang og smal. Slappa av i loungen som var ganske bra, tok ikkje så mykje bilete her. Etterkvart skulle OS frakte oss heim i E195. Dei leverte varene, må kanskje vere noko av det betre short haul i Europa? Slik utanom TK kanskje. Ordna til og med serviett rundt musserande Nydeleg pasta Men ikkje like nydeleg glutenfritt måltid, ein glad laks. Riktignok kjekt med poteter til. Så var det flytog før me blei henta. Snipp Snapp snute så var eventyret og reisebrevet til slutt ute. (Om enn litt forsinka) Kanskje skal ein bare fortsette reisebrevet om nokre veker eller starte eit nytt?
Takk takk for turen Duval Leroyen ombord hos EVA er usedvanlig god, synes jeg selv nå. Men har jo blitt kultivert av dette forumet og har fått en alt for dyr ny glede i vinkjelleren og i livet generelt. Ikke så lenge siden jeg synes bobler alltid ble snerpete og metaliske uten noe lukt og glede.
Enig med deg både med Duval Leroy og beskrivelsen med snerpete og metallisk. Bobler og kvit pizza er f.eks kjempedigg og heller det enn rødt