Frankfurt Lufthavn opnar ny takterrasse

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Dersom du er flyinteressert og har litt ventetid på Frankfurt Lufthamn kan det vere ein god idé å besøke den nye takterrassen på Terminal 1. Fleire andre flyplassar har også terrassar som kan vere verdt å besøke.

Terrassen, som er på 138 m2 er opne for alle passasjerar i non-schengenområdet. Den er open kvar dag mellom kl 05.00 og 23.00.

Terrassen, som har kosta 1,5 millionar å byggje har eit sitteområdet omgitt av plantar og den har også eit teleskop som er gratis å bruke. Du kan også finne informasjon om kva som går føre seg på plassen framfor terrassen via ein informasjonsskjerm.

Lufthavna framhever også at ein kan få frisk luft og naturleg lyst frå sør, som kan minske jetlaggen etter ein lang flytur.

Det er også ein utendørsterrasse på terminal 2, som ligg rett før security. Det betyr at ein kan kome rett inn frå gata og besøke terrassen. Denne terrassen ligg i fjerde etasje, rett ved sia av McDonald’s.

Dersom du har endå litt betre tid på Frankfurt Lufthavn kan du velje mellom fleire omvisingar som varer frå 45 min til 120 min. Der kan du mellom anna få sjå ein A380 på nært hald eller besøke brannstasjonen. Du finn meir informasjon om desse omvisingane her.

Andre flyplassar med utendørsterrassar

Terrassen på Düsseldorf Airport

Frankfurt er ikkje den einaste tyske flyplassen med ein terrasse. I Düsseldorf kan du besøke ein terrasse som er open for alle og i Hamburg har Lufthansa sin Senatorlounge ein terrasse.

Også flyplassane i Zürich og Amsterdam har utendørsterrassar. På Heathrow er det ein liten terrasse over Virgin Atlantic sin Clubhouse-lounge på Terminal 3.

Tenerife Sur Airport

På Tenerife Sur Airport er det ein terrasse som er ein del av Montaña Roja-loungen.

Før kunne ein også finne ein takterrasse mellom A- og B-gates, men denne er no stengd.

Denne artikkelen vart først skriven av Per Danielsen for vår systerside Insideflyer.dk.

Foto: Frankfurt Airport, Düsseldorf og Tenerife Sur Aiport.

Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *