Gol utvidar samarbeidet med KLM-Air France til Norden

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Gol er eit brasiliansk lågprisselskap som ikkje er veldig kjent på desse kantar. Det kan endra seg no når dei utvidar samarbeidet sitt med KLM-Air France til mellom annan Noreg.

Gol Linhas Aéreas Inteligentes, som er selskapet sitt fulle namn, er eit relativt ungt selskap. Den første flyginga var i 2001, frå Brasília til Säo Paolo. Selskapet har ein flåte som utelukkande består av Boeing 737-fly og er det største lågprisselskapet i Sør Amerika. Når Gol no utvidar samarbeidet med KLM-Air France vil det verte enklare å nå Gol sine 51 destinasjonar i Brasil og tolv naboland i Sør Amerika frå Noreg.

Nye codeshare-ruter

For Noreg betyr dette at Gol kan setje sine flynummer på KLM sine flygingar frå Amsterdam til Ålesund, Bergen, Kristiansand, Oslo, Sandefjord, Stavanger og Trondheim. Dette vil også gjelde med Air France frå Paris til Oslo. For våre naboar i sør vil det gjelde Amsterdam til Aalborg, Billund og København, og frå Paris til Billund og København.

Utanfor Norden omfattar samarbeidet Dublin frå både Amsterdam og Paris og Warszawa frå Paris.

Du vil også kunne sjå KLM sine flynummer på Gol sine ruter frå Rio de Janeiro Galeao og Sao Paolo Guarulhos til Montevideo i Uruguay.

Flying Blue

Gol er ikkje medlem av nokon allianse. Du vil difor heller ikkje få dei fordelane du er vand med som statusmedlem hjå KLM, Air France eller dei andre Skyteam-partnarane. Det er derimot mogleg å opptene og betale med Flying Blue miles på Gol-flygingar.

Har du testa Gol? Del gjerne dine erfaringar på vårt forum.

Har du lest vår anmeldelse av Air France i Premium Economy til Miami?

Denne artikkelen vart først publisert av Erwin Lansing på vår systerside Insideflyer.dk.

Hovudbilete (c) Luis Argerich.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *