Mile high coffee club – slik lager du best kaffi i lufta!

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Alt som er brygga og fermentert er ein viktig del av opplevinga i dei betre klassene for luftas baronar. Dessverre er kaffibrygga ikkje alltid av den beste kvalitet, og ofte får ein pulver eller kaffi av konsentrat. På lengre flyturar i betre klasser kan ein ofte få kaffi av betre kvalitet, men det kan sjeldan samanliknast med ein skikkeleg brygga kaffi av gode kaffibønner.

I Noreg i dag finn du nokre fantastiske kaffibrenneri, og me har verdsmesterar i fleng. Spesielt i Oslo finn du nokre av verdas beste kaffibarar og kaffibrenneri. Rundt om kring i verda finn du også mange flinke brennarar. Eg prøver alltid å leite meg fram til nokre av desse når eg vitjar byar rundt om kring. Og då er det fantastisk å ha med seg ein liten kaffibryggar i veska for å smake på godsakene på ein lengre flytur!

Variantar

Eg kjenner og har testa 4 variantar som passar for flyturar, og har tre av dei i stallen. Det finnes også andre variantar og variasjonar av desse, samt at det ein kan også ha med seg ein enkelt filterhaldar for å handbrygge. Eg har ofte med meg ein av mine på tur, og då stort sett bryggar og kvern. Har eg dårleg tid, så kan det vera eg har med meg ferdig kverna kaffi. Det har stort sett alltid gått greitt å ta dei med seg på tur. Eg får stort sett varmt vatn når eg flyg og oppmerksemd frå både crew og medpassasjerar. Nokon synes vel ein er i overkant spesiell når ein tek med seg bønner, kvern og bryggar på tur. Når ein tenker på kvaliteten ein får servert på flyturar i Europa, så synes eg likevel det er verdt styret.

Aeropress

Aeropress er ein gammel kjenning i kaffimiljøet og har vorte ganske godt distribuert.  Den kallast ofte for penispumpe, då den har ei litt snodig form! Det som er topp med ein Aeropress er at det er enkelt å brygge ein enkelt kopp, og med litt teknikk så klarer ein det ganske reinsleg og enkelt. Det beste er å bruke eingongsfilter, men fleirgangs metallfilet er praktisk å ha. Om ein skal ha opp nerdenivået, så må ein komplementere med ei håndkvern, og ein får kaffi av topp kvalitet.

Eg har floge med min aeropress mange gonger og sjølv om eg er godt nøgd med kaffien den lagar, så er det litt styr med å ta med ein vid nok kopp (det følger med ei trakt i pakka ein kan ta med) som ein kan få over brygget i. Ein må også ha med ei kvern, om ein ikkje tyr til ferdigkverna kaffi

Enkeltkopp Presskanne

Min lille presskanne er frå bodum, og den fungerer fint som ei presskanne, og om du likar presskannekaffi, så er dette eit godt alternativ. Det er også ganske reinsligt med denne løysinga, då alt blir verande i bryggaren etter at du har konsumert  den.  Den er litt vanskeleg å reingjera om bord, så du må vente med neste kopp til du kjem til ein skikkeleg vask. Her må ein også ha med ein eigen kvern om ein ikkje «juksar» med ferdigkverna kaffi. Eg bruker ikkje denne så ofte, då eg ikkje er for glad i presskannekaffi, som eg synes har for stor mengde partiklar og litt for høg koffein.

Cafflano, alt i eit

Alt i eit er ofte ikkje det beste å kjøpe, men her er det i ei praktisk pakke. Denne er litt stor og ein bruker litt tid å få stilt den inn riktig, men når ein blir vant til å bruke denne så lager den minst like god kaffi som ein Aeropress. Metallfilteret er ikkje det beste, og ein må ha temmeleg grov kaffi for å god trakting, men ein får fram godt særpreg av kaffi med denne. Du klarer å brygge fleire koppar etterkvarande, sjølv om det er best å ha ein vask for å skylle filteret. Om du skal brygge fleire koppar bør du ha ein litt lengre flytur då prosessen tek litt tid.

Handpresso

Dette er ein liten espressolagar der ein pumper opp, fyller opp med vatn og kaffi, og pressar seg ein espresso. Denne kan bruke pods(enkelt, men ikkje så godt) og laus kaffi, og det er eit artigt konsept. Har du god kaffi på, og ei finstilt kvern, så kan du lage ok espresso med denne. Eg har ikkje gått til innkjøp av denne då det er litt styr med den. Både med påfylling og det blir mykje kaffigrudd rundt om kring. Når eg er på hytta eller rundt eit bål, så liker eg best å ta fram kokekjelen eller handbryggaren min. Men eit veldig artig konsept.

Konklusjon

Eg må fyrst seie at eg ikkje er ein normal kaffidrikkar, og at ein kan få mykje glede av å ha med seg ferdigkverna kaffi og ein av bryggarane over for å få eit mykje betre resultat en du får om bord.
Mine favorittar er Aeropress og Cafflano, men du bør ha ein litt lengre tur for at eg tek den med. Alle typene lager god kaffi i si klasse, og eg bruker sjølv Aeropress flittigt i heimen om eg ikkje kjører igang handbryggaren eller moccamasteren(som eg faktisk er ganske glad i med ein fruktig kaffi, og så klart kvern). Eg veit at dei som er glad i presskanne synes ein enkeltkoppbryggar også er heilt topp og ha med på tur. Dette er ikkje min favoritt.

Alt i alt så bør du vera litt over snittet interessert i kaffi for å ha med deg ein eigen bryggar på  tur, men den underheld både deg, dei som sit rundt deg og enkelte flycrew.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *