Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Den årlege TV-aksjonen nærmar seg og fleire auksjonar er lagt ut på nett. Ein av desse er ein tur for to personar med eit av Forsvaret sine Herculesfly.
Jan Mayen er ikkje ein destinasjon mange får sjansen til å reise til, og her får du også moglegheita til å krysse av ei ganske unik flyrute.
Jan Mayen er ei øy som ligg nordvest for Noreg og husar vår einaste aktive vulkan, Beerenberg. Øya er hovudsakleg nytta av Forsvaret og Meterologisk institutt. Flyplassen på Jan Mayen heiter Jan Mayenfield og er i følgje Wikipedia oppkalla etter filmstjena Jayne Mansfield.
På auksjonssida skildrar dei objektet slik:
Er du ute etter en helt unik opplevelse kan dette være noe for deg. Det går kun 8 flyvninger til Jan Mayen i året. Man kan normalt ikke komme seg til Jan Mayen som turist. Dette er besøksplasser som besetningen på Jan Mayen har donert bort til TV-aksjonen. Denne auksjonen gjelder dagstur til Jan Mayen for 2 personer i 2018. Flyvning avtales nærmere med auksjonsvinner. Jan Mayen har en helt fantastisk natur!
Prisen er noko stiv, og vi kan nok anta at den vil stige endå meir fram mot auksjonsslutt som er 22. oktober.
Årets TV-aksjon går til UNICEF sitt arbeid for å gje utdanning til born som er råka av krig og konflikter. Tidlegare i år arrangerte Insideflyer og MegaDO ein auksjon på seter til Norwegian sin første Boeing 737MAX delivery flight frå Seattle til Oslo. På den auksjonen vart det samla inn over 200.000 kr.
Kunne du tenkt deg ein tur til Jan Mayen? Ta gjerne diskusjonen på vårt forum.
Legg igjen en kommentar