No innførar også Flesland bokstavar

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Frå og med i dag vil gate’ane på Bergen Lufthavn, Flesland nytte bokstavar som ein del av gate-nummereringa. Dette er ein del av førebuingane til at den nye terminalen opnar 17. august.

Frå 1. mars i år endra gateane på Gardermoen namn, no følgjer også Flesland etter frå 9. mai. No når flyplassen vert betydeleg større vert det ifølgje Avinor ein fordel i å dele området inn i sonar. Innenlandsgate’ane får enten C eller D framfor gate-nummeret. D er gate’ane etter tryggleikskontrollen på innland (gate 24-32) og C er gate’ane som nyttast til flygingar på kortbanenettet (gate 33-35).

Utanlandsgate’ane får ein E eller ein F, avhengig av om flyavgangen er til eit Schengen-land eller ikkje. I den nye terminalen vil alle gate’ane få ein B framfor gate-nummeret. Det er verdt å merke seg at alle nummera vert dei same som før.

Gangbru mellom dei to terminalane Foto: Christel Øen/Avinor
Ein av fordelane med å innføre bokstavar i tillegg til gate-nummer er at det vert enklare å skilje mellom innanlands- og utanlands-gatear. Nokon av gate’ane på Flesland nyttast vekselvis som innanlands- og utanlandsgate, og har i dag same nummer. Avinor peikar på at dette har vore noko forvirrande og dei har lenge hatt ynskje om å gjere noko med dette.

Har du fått med deg at Bybanen no går heile vegen til Flesland?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *