Nedetid for Eurobonus

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Fredag 12. mai vil SAS flytte fordelsprogrammet EuroBonus til eit nytt system. Fram til måndag 15. mai vil medlemmane difor ikkje få tilgang på kontoane sine.

Dette vil ikkje ha nokon påverknad på dei bonusbillettane du har bestilt, eller bruken av SAS Fast Track og SAS Lounge. SAS appen vil også fungere som vanleg. Poenga du tenar på fly og frå partnarar vil bli registrert som vanleg, men det kan vere forseinkingar før dei viser på kontohistorikken din.

Følgjande tenestar vil vere utilgjengeleg i tida frå kl 18.00 den 12. mai til måndag 15. mai.

  • Bestillingar og endringar flybillettar, hotell eller leigebilar ved bruk av poeng
  • Oppgradering ved bruk av poeng, både på flyplassen og ved hjelp av bud. Du kan framleis oppgradere med kredittkort
  • Betale for lounge med poeng
  • Handling ombord med poeng
  • Bruke EuroBonuspoeng som betaling hjå EuroBonus-partnarar
  • Enkelte fordelar, slik som å gje vekk sølv- eller gullkort

Du kan lese meldinga frå SAS her og du kan diskutere nedetida på vårt forum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *