No kan SAS tilby lynraskt internett

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Frå og med i dag kan du som reisande få tilgang til det nye, lynraske internettet som SAS kan tilby. Det er i følgje SAS eit av dei raskaste trådlause internetta som blir tilbydd i marknaden.

I første omgong er det på 28 fly, men det vil frå september vere tilgjengeleg på 40 fly. Utrullinga vil gå fram mot 2020, då SAS satsar på at dei fleste flya som skal gå i Skandinavia og Europa har dette.

SAS presenterte det nye internettet på tysdag, og vi snakka i etterkant med den amerikanske luftfartsjournalisten og bloggaren Seth Miller. Seth skriv mellom anna for Paxex.Aero, der han har dette fleire andre flyselskap sin veg mot raskt internett på flya. Han seier følgjande til InsideFlyer:

Den løysinga som SAS har vald er rask nok til at du kan nytte den til Facebook Live eller til å streame din favorittserie på Netflix. Dette fekk vi også testa på dagens flyging.

SAS er som nemnd ikkje åleine om å investere i lynraskt internett i lufta. Det amerikanske flyselskapet Spirit annonserte også denne veka at dei vil lansere ei liknande løysing i løpet av 2018.

Hastigheit

Hastigheitene er gode og Seth Miller kunne i følgje dei testane han utførte under gårsdagens flyging stadfeste at han nådde opp i 14 Mbit. Dette vil kunne gje deg same oppleving som når du nytter mobiltelefonen sin 3G/4G-forbindelse. Du kan difor vente deg same oppleving som dersom du sat i bilen mellom Oslo og Kristiansand.

Det nye er at du får internett «gate to gate». Du kan difor streame med denne høge hastigheita heile tida, og ikkje berre frå når flyet når marsjhøgde.

Mark Dankberg, CEO i ViaSat sa dette om samarbeidet i 2016:

På samarbeidet med SAS vil vi kunne gjeve ein enkel og hurtig tilgang til internett på 35.000 fot. Dette kan vi gjere med ViaSat-løysinga og Eutelsat si europeiske satelittdekning. Dette gjer det mogleg for SAS å tilby det beste Wifi-tilbodet i marknaden til sine kundar.

Dette er no ein realitet og det vi har venta på i lang tid er tilgjengeleg.

Prisar

Fleire har gjetta på kva prisane ville bli for denne løysinga. På langrutene har SAS tilbydd gratis internett til reisande i SAS Business, SAS Plus og kundar med status Gull eller høgare i Eurobonus.

Prisen på denne nye løysinga vil vere 49 norske kroner (eller 4,90 euro).

Som på langrutene vil du kunne nytte WiFi gratis dersom du flyg i SAS Plus eller har gullkort eller høgare i Eurobonus.

SAS kunne faktisk i 2004 tilby gratis internett i ein periode. Det var etter ein avtale med selskapet Connexion by Boeing. Det er difor fint at SAS framleis vil vere langt framme når det gjeld å tilby nye teknologiløysingar til sine kundar.

Video av installasjonen

Her kan du sjå ein video av når SAS og ViaSat installerar WiFi-antenne på flya.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *