Passasjertala for november – framleis motvind i luftfarten

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

3,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i november. Det er ein auke på 3 prosent frå fjoråret og 9 prosent færre enn i førre normalår, 2019.

Det er utanlandsreisande som driv utviklinga med ein auke på 6 prosent, medan innanlandstrafikken har hatt ei svak utvikling gjennom året og har auka med 1 prosent mot 2022.

For utanlandsmarknaden er det store skilnader mellom flyplassane, kor Tromsø for tida trekker mykje merksemd internasjonalt og har hatt ei sterk utvikling inn i vintersesongen. Det er knytt til ei stor interesse blant turistar for nordlys og den arktiske opplevinga – det har ført til fleire direkteruter til Tromsø denne vinteren. I november er talet på utanlandsreisande ved flyplassen om lag det dobbelte samanlikna med same månad i 2019.

Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.

Talet på flyrørsler er 5 prosent lågare enn i november 2022, og 11 prosent lågare enn i november 2019.

Talet på flyrørsler gjekk ned med 5 prosent, drive av nedgangen på 7 prosent i innlandstrafikken. Flyselskapa har redusert talet på flygingar i takt med ein svakare marknad. Samstundes opererer ikkje flyselskapet Flyr lenger i marknaden. Resultatet er at innanlandsmarknaden dei siste månadene har vore prega av den høgaste fyllingsgraden på lenge, talet på passasjerar fordelt på talet på tilgjengelege seter.

Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.

Passasjertal

2 429 918 passasjerar reiste innanlands i november. Det er 1 prosent fleire enn i same månad i fjor, og 6 prosent færre enn i november 2019.

Med 1 313 779 utanlandsreisande i november, auka trafikken til og frå utlandet med 6 prosent i november 2023 samanlikna med november 2022. Det er framleis 15 prosent færre enn same månad i 2019.

Hittil i 2023 har 18 prosent fleire enn i 2022 reist til eller frå utlandet over Avinors lufthamner.

Flyrørsler

Det var 50 655 kommersielle flyrørsler i november. Det er 5 prosent færre enn i november førre året. Samanlikna med november 2019 var det 11 prosent færre flyrørsler i november i 2023.

Hittil i år samanlikna med 2019

Det har vore 10 prosent færre passasjerar i år samanlikna med same periode i 2019. Talet på flyrørsler så langt i år ligg 8 prosent bak 2019-tala. Sjå alle tal i vedlegget 11.2023. 100 prosent auke i droneflygingar

I november vart det meldt inn 1393 flygingar med drone i Ninox Drone – Avinor sitt system for handtering av dronar. –Dette er ein auke på heile 62 prosent samanlikna med november 2022.

Så langt i år er auken 100 prosent sett mot fjoråret. Det er sterke tall, spesielt med tanke på at det har vore mykje vær, haust og vinter i store deler av landet.

Axel Knutsen som leiar droneprogrammet til Avinor.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *