Payr: Flybonus på fakturabetaling

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Payr er ein app som let deg opptene flybonus når du betalar rekningane dine. Appen vart lansert til Apple sine produkt i fjor sommar og vart i desember lansert for Android. Den er eit fint tilskot når du skal tene bonuspoeng i kvardagen.

Payr treff akkurat det området der bonusentusiastar tidlegare ikkje har kunne opptene flybonus, nemleg rekningar. Nokon selskap har tidlegare opna for at du kan betale faktura med kredittkort via nettsidene, men dette har vore unnataket. No kan du betale alle fakturaane dine med kredittkort, både husleiga og NRK-lisensen. Du kan enkelt leggje inn ein faktura i appen ved å ta eit bilete av den, appen vil då prøve å hente informasjonen frå dette bilete. Alternativt kan du leggje den inn manuelt. Du får også eFaktura direkte inn i appen.

Skjermbilete frå payr.no

Grenser

Payr gjev deg ein avgiftsfri kvote og legg deretter til ei avgift på 1% på dei overskytande betalingane, grensene gjeld per periode på 30 dagar. Fram til no har det vore gebyrfritt opp til kr 20.000 og deretter 1% avgift på dei overskytande betalingane opp til kr 100.000, som har vore det øvre taket. Yvonne Edseth, Marketing Manger i Payr, kan opplyse oss om at grensene frå neste veka vert auka til hhv. 30.000 og 150.000. Dette er gledelege nyheiter!

Det som er noko negativt med appen er at du ikkje får ein ny gebyrfri kvote etter 30 dagar, dersom du har betalt for over 30.000 i den rullerande 30 dagers-perioden.

Eksempel:

1. januar: Betaling 30.000 kr (gebyrfritt)
10. januar: Betaling 30.000 kr (gebyr 300 kr)
20. januar: Betaling 30.000 kr (gebyr 300 kr)
1. februar: Betaling 30.000 kr (gebyr 300 kr)

Dersom du først har byrja å betale gebyr må du kome deg under kr 30.000 dei siste 30. dagane for at du igjen skal få gebyrfrie betalingar.

Opptening av poeng

Når du skal vurdere om det er verdt å betale gebyr eller ikkje må du ta stilling til di eiga verdsetjing av poeng.

Vi vil først ta føre oss Shell Mastercard. Med dette kortet opptenar du 1 Trumfpoeng per 100kr. Dette betyr at du kan opptene 300 Trumfpoeng gebyrfritt i månaden. Desse kan deretter konverterast til 13,88 Eurobonuspoeng per Trumfpoeng. Du kan med andre ord tene 4164 Eurobonuspoeng i månaden, utan å betale noko gebyr. Du kan lese vår store guide til Trumf her. Dersom du betalar rekningar for kr 150.000 per månad vil du kunne opptene 1500 Trumf i månaden. Desse kan konverterast til 20.820 Eurobonuspoeng. Ein fordel med Trumf er at du sjølv kan velje kva tid du fører dei over til Eurobonuskontoen din,

Vi har tidlegare omtalt det som var fjorårets største kredittkortnyheit, SAS Eurobonus Mastercard Premium. Her opptenar du 15 Eurobonuspoeng per 100 kr. Det som er noko negativt med dette kortet, og SEB sine andre kort er at dei har ei grense på kr 4000 per fire dagar for tenestar som Payr og Vipps. Det vert i praksis umogleg å utnytte heile det gebyrfrie beløpet ved utelukkande å nytte dette kortet. I teorien kan du derimot opptene 4500 Eurobonuspoeng i månaden.

Av andre kredittkort kan vi nemne DNB Mastercard som gjev 15 Eurobonuspoeng per 100 kr. DNB SAGA Mastercard gjev 20 Eurobonuspoeng per 100 kr. Flying Blue Mastercard Premium gjev 20 Flying Blue-miles per 100 kr. På forumet har vi ein tråd med oversikt over kva kredittkort som gjev opptening ved bruk av Payr, her kan du også bidra med dine eigne erfaringar.

I dag er det berre mogleg å betale med Visa og Mastercard. Yvonne Edseth bekreftar at Payr er i samtalar med American Express men at gebyret er for høgt. Det er heller ikkje aktuelt å leggje eit ekstra gebyr over på brukarane for brukar av American Express. Payr håpar å kunne tilby fakturabetaling med American Express i framtida.

Planar for framtida

Vi har også spurt Yvonne om kva planar Payr har for framtida. Smarte betalingar er det første som no vert rulla ut.

Smarte betalinger har hatt en forsiktig soft launch på iOS, hvor vi tilbyr sammenligning av kvalitet og pris på det kundene betaler til enhver tid, og så dersom relevant hjelper kunden med et enkelt bytte til noe bedre i vertikalene mobil, forsikring og kredittkort/forbrukerlån. Vi vil etter hvert rulle ut langt flere vertikaler, basert bl.a på tilbakemeldinger og ønsker fra dere brukere. Smarte Regninger kommer naturligvis også på Android om ikke lenge.

I tillegg kan vi mellom anna vente oss ein webversjon og moglegheit for faste trekk.

Vi har masse planer fremover for Payr. Blant det som kommer er en webversjon av Payr-appen, og notifications slik at du bl.a. får beskjed når du har mottatt en eFaktura. Du vil også få mulighet til å sette opp faste månedlige trekk og kopiere regninger, slik at du slipper å legge inn identiske regninger flere ganger. Etter hvert vil vi få en rekke PSD2-integrasjoner når PSD2-reguleringene trår i kraft i Norge, blant annet vil det bli mulig å få en samlet kontoinfo over alle dine bankkontoer, til og med om du har flere kontoer spredd i flere banker.
Enkelte planer er det for tidlig å gå ut med på dette tidspunktet, så vi oppfordrer alle til å følge med på nyhetsbrev og på hjemmesiden vår.

Yvonne oppmodar også brukarane om å kome med innspel til forbetringar via ideas.payr.no.

På forumet har vi ein lang tråd Payr-appen, her kan du får stille dine spørsmål og hauste erfaringar frå forumbrukarane våre. Kom gjerne med dine eigne erfaringar.

Vi er spente på framtida til Payr. For ein bonusentusiast er dette eit kjærkomment tilbod. Kanskje får vi både auka grenser og opning for betaling med American Express i framtida.

Til slutt vil vi oppfordre til fornuftig bruk av kredittkort.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *