Ryanair inngår interkontinentalt samarbeid med Air Europa

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

So skjedde det, Ryanair inngår interkontinentalt samarbeid med Air Europa. Allereie no har Ryanair starta sal av billettar til desse rutene via si eiga heimeside.

I første omgong handlar samarbeidet om at Ryanair vil selje billettar til 20 interkontinentale destinasjonar frå Air Europa sin hub i Madrid. Det inkluderar tre destinasjonar i USA og stort sett alle Air Europa sine ruter i Sør- og Mellom-Amerika. Det vil også gjelde ruta til Tel Aviv.

Allereie no kan du bestille billettar på nettsidene

Seinare i år vil ein kunne bestille gjennomgåande billett på alle Ryanair sine ruter til Madrid og reise vidare ut i verda med Air Europa. Dette vil gjere det mogleg å bestille ei reise frå mellom anna København til Havana, New York eller Buenos Aires, bagasjen din vil bli sendt direkte vidare i Madrid. Per i dag flyg ikkje Ryanair frå Noreg til Madrid.

Ryanair

Samarbeidet handlar om heile 20 destinasjonar fordelt på Nord- og Sør-Amerika.

Tidlegare i dag skreiv vi om at Ryanair vil byrje å tilby connecting flights via Roma. Med det nye samarbeidet vil det verte mogleg å fly frå fleire av dei mindre flyplassane i Europa til eit større tal interkontinentale destinasjonar.

Ryanair har lenge vore i dialog med fleire flyselskap om eit mogleg samarbeid på langdistanse. Selskapet seier at det har samtalar med fleire andre selskap, dette gjeld truleg Norwegian og Aer Lingus.

Air Europa

Med det nye samarbeidet får det spanske selskapet 53 nye europeiske destinasjonar i sitt nettverk, det vert ei fordobling av dagens antal. Selskapet håpar å kunne styrke sin posisjon i den europeiske marknaden.

Det er ikkje klart om Ryanair også vil tilby reiser på resten av Air Europa sitt nettverk seinare. Air Europa er, som Air France og KLM, medlem av Skyteam.

Denne artikkelen vart opprinneleg publisert av Roij Scholten på vår systerside, Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *