Årets største kredittkortnyheit: SAS Eurobonus Mastercard Premium

SAS EuroBonus Mastercard Premium

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Den 1. juni vart det lansert eit nytt kredittkort, kortet er ei oppgradering til SAS Eurobonus World Mastercard. Det nye kortet kan skilte med høgare opptening, i tillegg til nye fordelar.

Det er ikkje ofte vi får nye kredittkort med bonusopptening her i Noreg, men no har SEB Kort oppgradert sitt Mastercard. Dette er definitivt eit interessant kredittkort, og vi vil i denne artikkelen gå igjennom fordelane og oppteninga.

Opptening

På det gamle kortet kunne du tene 10 poeng per 100 kroner du hadde i forbruk, på Premium-kortet er dette auka til 15 poeng per 100 kroner. I tillegg vil du få 20 poeng per 100 kroner på alt du handlar i utlandet. På sas.no vil du få 25 poeng per 100 kroner på flybillettar. Til samanlikning får du høvesvis 10, 15 og 20 poeng per 100 kroner på det vanlege kortet. Prisen på kortet har auka noko, det gamle kortet kosta kr 345 i året, det nye kostar kr 1495. Tidlegare fekk kundar med gullstatus hjå SAS det gamle Mastercardet gratis, denne fordelen er no teke vekk. Diamantmedlemmar får basiskortet gratis, og halv pris på Premium-kortet.

Her kan du sjå ei samanlikning av korta:

Skjermbilete frå nettsida

Fly Premium

Fly Premium er kanskje den mest spennande fordelen på dette kortet. Denne fordelen let deg betale for ei bonusreise i Go, medan du får reise i Plus eller Business. Fly Premium har fire forskjellege nivå, og desse er knytt til kor mykje bonuspoeng du har opptent dei siste 12 månadane og det legg grunnlaget for kva billettar du kan bestille. Ditt nivå vert kalkulert på slutten av kvar månad. Her kan du sjå dei forskjellege nivåa:

Skjembilete: Fly Premium nivå

Berre du har kortet får du moglegheita til å booka ein tur i Skandinavia i Plus, medan du berre betalar for Go. Når du avanserar i nivåa vil du få moglegheita til å booke uavgrensa tal bonusreiser i Plus eller Business for prisen av Go. Du er avhengig av at det fins ledige bonusbillettar i den ynskja klassa. Eit tips kan vere å sjekke Eurobonus sin tilgjengelegheitskalendar for å finne ledige dator, for deretter å søke denne opp i den vanlege søkemotoren.

Under kan du sjå korleis det ser ut når du prøvar å booke ei bonusreise i Business. Du aktiverar kampanjen i fana på toppen, der kan du velje mellom Mastercard-rabatten eller Amex Companion Ticket. Deretter vil prisen for Business bli redusert til prisen av ei reise i Go. Dette er avhengig av at du har samla 200.000 bonuspoeng dei siste 12 månadane, men merk at all opptening tel mot dette målet. Du kan tildømes nytta deg av Eurobonus-kampanjar, som den Elkjøp hadde for kort tid tilbake, eller innløysing av Trumfpoeng. Du kan sjå vår guide til Trumf og Viatrumf, der kan du plukke opp ein del tips til korleis du kan tene meir poeng og dermed avansere i gradene. Elles kan vi berre anbefale at du følgjer med på vårt forum og her på framsida på Insideflyer for å plukke opp dei beste tipsa.

Skjembilete frå sas.no

Du finn vilkåra for Fly Premium her.

Det følgjer også med reiseforsikring på kortet, du finn informasjon om den her.

Grunnpoeng

Ein annan interessant fordel er at du får 1000 grunnpoeng per månad. Sverige har lenge hatt moglegheit til å opptene grunnpoeng via SAS American Express, der kan du få 20.000 grunnpoeng per år. No er dette også mogleg for oss her i Noreg. Du kan ikkje nytte desse poenga til å bestille flybillettar, men dei tel mot opptening mot høgare Eurobonusnivå. Det betyr at du berre treng 33.000 poeng for å få gullkort.

Doble poeng

Som ein velkomstbonus får du 10.000 poeng dersom du nyttar kortet i løpe av dei 30 første dagane, du får også doble poeng i juni, juli og august. Dette betyr at mellom anna SAS-billettar bestilt via sas.no i sommar vil gje 50 poeng per 100 kroner. Dersom du har planar om å bestille dette kortet kan det altså svara seg å gjere dette no, slik at du får nytta mest mogleg  av denne perioden.

Skjermbilete

Vilkår

Du finn vilkåra for kortet her.

Det er verd å merke seg at valutapåslaget er 2%, mot 1,75% på SAS American Express.

Kjem du til å skaffe deg det nye kortet? Du kan finne meir informasjon om kortet i tråden på vårt forum, her kan du også stille dine spørsmål.

Kommentar

  1. Lars Olav Hetland sier

    Er det noen av deres kort som gir poeng til å få gullkort?
    Jeg reiser ikke så mye at jeg klarer det i løpet av et år. Jeg har et sas master kort fra før, men det gir ikke poeng til å få gullkort.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *