Stor utanlandstrafikk i sommar

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

4,9 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med juli i fjor. Ein stor del av veksten kjem av utanlandske turistar til Noreg. Det samla talet på flygingar er tilnærma uendra samanlikna med fjoråret.

Det er utanlandsdelen av persontrafikken som aukar, med heile 7 prosent. Innlands persontrafikk gjekk tilbake med 1 prosent samanlikna med juli i fjor.

Juli-trafikken på utland har vore sterkare enn det vi forventa ved inngangen til sommaren. Det er tydeleg at både nordmenn som søkjer varmare strok og utanlandske turistar som søkjer “kjølegare opplevingar”, har gitt god vekst.

Sjølv om vêrsjuke nordmenn utgjer ein del av veksten, ser det ut til at veksten i enda større grad er driven av utanlandske turistar. Det er ein trend vi reknar med vil halde fram i åra som kjem, seier Riise.

Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Riise forklarar at nedgangen blant innanlands reisande i stor grad skuldast ein reduksjon i talet på flygingar, som igjen har ført til eit mindre tilbod i marknaden.

Dette har vore ei utvikling som har gått over fleire månader, der innanlandsmarknaden har hatt ei svak utvikling sett opp mot fjoråret, men det positive ved dette er at flya som flyg er fullare enn før.

Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
beacf08f-d3f0-4174-b0e9-ba6c28d464f3.jpg (5250×3712)

Passasjertal og flyrørsler

2 242 188 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er 1 prosent færre enn i juli i fjor. 

Talet på reisande utanlands var 2 696 625, noko som er 7 prosent høgare enn juli førre året. 

Det var 62 092 flyrørsler i juli. Dette er meir eller mindre likt som i fjor, med ein endring på 0 prosent.  

Sjå fleire tal i vedlegga.

Høgsesong for droneflyging

Trafikktala for denne månaden var lågare enn tidlegare månader i år, men dobla seg samanlikna med 2023. I juli vart det meldt inn 2208 flygingar med drone i Ninox Drone – Avinor sitt system for handtering av dronar.

Dette er ei dobling i talet på droneflygingar frå juli 2023. Sommaren er høgsesong for droneflyging, noko vi ser av desse tala.

Mats Gjertsen, som leiar droneprogrammet til Avinor.

Her kan du sjå all trafikkstatistikk for Avinor: Trafikkstatistikk – Avinor

Foto: Avinor

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *