Widerøe fjernar sølvfordelar

røros

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Sølvmedlemmar i Eurobonus som reiser med Widerøe vil ikkje lenger få tilgang til Fast Track eller Lounge på sommaren.

Widerøe har annonsert at dei ikkje lenger vil delta på Eurobonus sin sommarkampanje, der sølvmedlemmar får tilgang på Lounge og Fast Track. Tidlegare har sølvmedlemmane fått same fordelar dersom dei har reist med Widerøe på sommaren, som dei ville fått dersom dei hadde reist med SAS.

Dette er eit stort tap for sølvmedlemmar som reiser med Widerøe på sommaren, då dette har vore eit kjekt tilbod for dei som reiser ein del med SAS og Widerøe, men som ikkje klarar å oppnå gullstatus.

Du vil framleis få to gratis innsjekka bagasje med Widerøe som sølvmedlem. Det er heller ikkje gjort endringar på fordelane for dei som har Gull- eller Diamantkort.

Widerøe har fjerna nokre av sølvfordelane frå nettsida si

SAS

Dersom du reiser med SAS vil du framleis ha tilgang til Fast Track og Lounge ved enkelt lufthamner på sommaren og rundt juletider. For 2017 er denne perioden sett til 8. juli til 20. august, i tillegg til 17. desember og 8. januar. Ting tyder på at Widerøe heller ikkje vil tilby sølvmedlemmar desse fordelane rundt jul.

Har du fått med deg at du kan vinne ein million miles med Star Alliance?

Kva tykkjer du om at Widerøe reduserar fordelane på denne måten? Ta gjerne diskusjonen på vårt forum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *