120+ Club Carlson-hotell skiftar snart bonuskategori, inkludert to norske

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Ein månad eller to inn i det nye året brukar hotellkjedane å evaluere kategorien på hotella sine. Ideelt sett skjer dette med eit visst forvarsel, slik at ein har anledning til å booke til dei gamle prisane. Den siste kjeda i rekka er no Club Carlson som har annonsert at dei vil endre kategorien på over 120 av hotella sine, effektivt frå 1. mars 2018.

Det ser ut til at rundt 50 Club Carlson-hotell vil gå opp i kategori medan rundt 70 vil gå ned.

Prisane for bonusuttak på hotella er som følgjande:

  • Kategori 1 – 9.000 poeng per natt
  • Kategori 2 – 15.000 poeng per natt
  • Kategori 3 – 28.000 poeng per natt
  • Kategori 4 – 38.000 poeng per natt
  • Kategori 5 – 44.000 poeng per natt
  • Kategori 6 – 50.000 poeng per natt
  • Kategori 7 – 70.000 poeng per natt

Du kan klikke her for å få full oversikt over endringane.

Nokon av høgdepunkta er:

  • Cassa Hotel NY 45th Street på Manhattan går ned til kategori 6 (50.000 poeng per natt).
  • Radisson Blu Edwardian Grafton Hotel i London vil gå opp til kategori 7, og vil difor matche dei fleste andre Club Carlson-hotell i London, sjølv om det skal seiast at dette hotellet kanskje held noko lågare standard.
  • Radisson Blu Edwardian Manchester Hotel vil også bli kategori 7.
  • Park Inn by Radisson Aberdeen får den største endringa, det vil gå frå kategori 6 til kategori 3, noko som kanskje reflekterar nedgangen i oljeindustrien.

To norske hotell vil også få endringar, dette er:

  • Radisson Blu Royal Hotel, Stavanger som går frå kategori 7 til kategori 6.
  • Radisson Blu Mountain Resort & Residences, Trysil går opp frå kategori 5 til kategori 7.

Dersom du har tenkt å nytte dine Club Carlson-poeng på hotellet i Trysil bør du i alle fall vurdere å slå til før 1. mars, då kan du spare 26.000 poeng per natt.

Har du erfaringar med nokon av hotella på lista? Del dei gjerne på vårt forum.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Craig Sowerby for vår systerside InsideFlyer.co.uk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *