17. mai går Now or Never til Hong Kong

Now or Never

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Sjølv om det er 17. mai tek ikkje SAS fri frå sitt faste Now or Never-konsept. Som på dei fleste andre torsdagar kan du finne eit godt tilbod til eit knippe destinasjonar.

Dagens tilbod går berre til ein destinasjon, nemleg Hong Kong.

Tilbodet gjeld i SAS Go og prisane startar frå kr 3469 t/r. Ein pris som må seiast å vere grei for ei so lang rute som til Hong Kong.

Prisane gjeld kun i dag, og du må bestille innan midnatt.

Reiseperioden er 2. september 2018 til 31. mars 2019. Det kan sjå ut til at du finn dei lågaste prisane i november, desember, januar og mars.

Som alltid har du 24 timar gratis avbestilling med SAS. Er du i tvil kan det lønne seg å bestille reisa, og eventuelt avbestille innan 24 timar dersom ein ser at reisa ikkje let seg gjennomføre.

Du finn kampanjen her.

Ruta til Hong Kong går via Stockholm Arnlanda, men prisane gjeld frå Oslo. På dei datoane vi har sjekka er prisen marginalt høgare frå Bergen, medan den er noko høgare frå Trondheim.

I tillegg til at Hong Kong er ein flott by og besøke er det ein populær destinasjon for Mileage Runs. Oppteninga til Hong Kong er 4500 poeng per veg i SAS Go. I tillegg får du 25% ekstra poeng dersom du har Gull-status eller høgare i Eurobonusprogrammet.

Du må gjerne diskutere tilbodet på vårt forum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *