Aeroflot feirar 95-årsjubileum med spesialdesign

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Den 17. mars 2018 feira Aeroflot sitt 95-årsjubileum. For to veker sia presenterte dei eit spesialdesign for eit av flya sine.

Sommaren 2017 hadde Aeroflot ein konkurranse om å lage eit nytt flydesign som skulle nyttast til å feire selskapet sitt 95-årsjubileum. Konkurransen var open for alle.

Ti finalistar vart plukka ut mellom alle som leverte eit design. Ein jury, som mellom anna bestod av medlemmar av Aeroflot si leiargruppe, valde ut vinnaren av konkurransen.

Det var Ekaterina Lesik som vann konkurransen med sitt kvite og blå design i tradisjonelt russisk mønster.

Ein Airbus A321 vart deretter måla i dette designet og flyet vart oppkalla etter den kjende teaterdirektøren Yuri Lyubimov.

Den 4. mai var flyet ute på sin første tur, på ruta mellom Moskva og Yerevan.

Du kan følgje flyet (VP-BEE) her.

I 2014 meinte Fnate at Aeroflot er Europa sitt beste flyselskap, les meir her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *