Betre komfort i Lufthansa si businessklasse

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Reisande i Lufthansa si businessklasse på flygingar over 10,5 timar vil no kunne oppleva ein auka komfort. Konseptet «Dream Collection» har no blitt introdusert.

Vi har tidlegare skrive om at Lufthansa ville kome med store oppgraderingar på si businessklasse i 2018.

Frå og med førre veke vil reisande i Lufthansa si businesskalsse som reiser til Sør-Afrika, Latin- og Sør-Amerika samt USA sin vestkyst vil no kunne sjå fram til ein betre nattesøvn. Dette er takka vere «Dream Collection».

Dette nye konseptet inkluderar ei sterkt etterlengta madrass som vil auke komforten når du skal sove. I tillegg kjem ei ny pute og eit varmt teppe. Du vil også få ein pysjamas som er laga av Van Laack.

Den nye madrassa er laga spesielt for Lufthansa i samarbeid med den tyske produsenten «Paradies». Oversida er laga i bomull og undersida har «non slip»-materiale. Dette skal gje ein god komfort og det luftgjennomstrauminga skal sikre at varmen vert leia vekk frå madrassa.

Produkta vil vere designa i tråd med det nye designet Lufthansa lansert for ei tid tilbake.

Dette tiltaket er eit ledd i Lufthansa si nye satsing mot ein betre standard i businessklassa si. Det skal også sikre at dei vil behalde fem stjerner på Skytrax sine kåringar. Desse fem stjernene har blitt diskutert på vårt forum.

Den nye «Dream Collection» vil løpande bli introdusert på alle selskapet sine langruter. Frå juni 2018 vil produktet bli rulla ut på utvalde asiatiske destinasjonar. I løpet av hausten skal alle langruter ha fått det nye tilbodet.

Du er velkomen til å diskuterte Lufthansa si nye businessklasse på vårt forum.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *